Gausel-dronninga

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. mai 2008 kl. 10:38 av Frode (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} Gausel-dronninga er nytta som nemning for ei kvinne gravlagt med rike gravgåver på garden Gausel i noverande Stavanger. Grava er frå midten av 800-talet e. Kr. (vikingti...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Gausel-dronninga er nytta som nemning for ei kvinne gravlagt med rike gravgåver på garden Gausel i noverande Stavanger. Grava er frå midten av 800-talet e. Kr. (vikingtid).

Grava blir oppdaga

Samuel S. Gausel fann i 1883 ein liten gravhaug medan han arbeidde med steinrydding. Han tok bort ein del stein og oppdaga eit murt kammer med dekke av tre heller. I grava låg ei rekkje gjenstandar. Samuel Gausel samla opp tinga i grava og gav dei til ein lokal smed, som igjen selde dei til Bergens Museum for 70 kr. Museet bad Gausel om å freista å finna fleire gjenstandar i grava. Ytterlegare nokre fragmenterte ting kom for dagen, før grava blei fylt igjen. Konservator Tor Helliesen ved Stavanger museum registrerte fornminne i området rundt 1900. Det var då ingen synlege spor etter grava, men han fekk påvist omtrent kvar ho hadde vore.

Gravgåvene