Gausel-dronninga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Gausel-dronninga er nytta som nemning for ei kvinne gravlagt med rike gravgåver på garden Gausel i noverande Stavanger. Grava er frå midten av 800-talet e. Kr. (vikingtid).

Grava blir oppdaga

Samuel S. Gausel fann i 1883 ein liten gravhaug medan han arbeidde med steinrydding. Han tok bort ein del stein og oppdaga eit murt kammer med dekke av tre heller. I grava låg ei rekkje gjenstandar. Samuel Gausel samla opp tinga i grava og gav dei til ein smed, som igjen selde dei til Bergens Museum for 70 kr. Museet bad Gausel om å freista å finna fleire gjenstandar i grava. Ytterlegare nokre fragmenterte ting kom for dagen, før grava blei fylt igjen. Konservator Tor Helliesen ved Stavanger museum registrerte fornminne i området rundt 1900. Det var då ingen synlege spor etter grava, men han fekk påvist omtrent kvar ho hadde vore.

Gravgåvene

Grava på Gausel er ei av dei rikaste kvinnegravene vi kjenner frå vikingtid. Den gravlagte hadde fått med seg omtrent 40 gjenstandar. Det dreidde seg mellom anna om to ovale draktspenner av sølv og bronse, ei likearma sølvspenne, to armringar av sølv, ein fingerring av jet, fem mosaikkperler, to knivar, 12 bisselbeslag av bronse, tre drikkehorn (berre endebeslaga var bevarte), eit treskrin med beslag og hank (sjølve skrinet var ikkje bevart), steikepanne, steikespidd, eit bronsekar med løveforma hankefeste, bronsebeslag til eit relikvieskrin og hestetenner. Beinrestar etter den døde kom ikkje for dagen, slik at det truleg dreier seg om ei ubrent gravlegging (brente bein er meir motstandsdyktige mot nedbryting).

På plyndring i Irland?

Ei rekkje gjenstandar i grava har opphav i Irland.Det dreier seg om bisselbeslaga, bronsekaret, drikkehornbeslaga og beslaget til relikvieskrinet. Mesteparten av dette stammar truleg frå irske kyrkjer og klostre. Det er derfor rimeleg å tru at dei fann vegern over Nordsjøen som resultat av plyndring heller enn handel. På eit museum i St. Germain i Frankrike finst eit bronsebeslag som er heilt identisk med det eine beslaget frå Gausel. Dei må ha blitt støypt i same form og sannsynlegvis nytta som beslag festa på gavlsidene av eit husforma relikvieskrin. Arkeologen Egil Bakka har hevda at kvaliteten på dei irske importsakene er så høg at det truleg må vera nøye utvalde ting. Han antyder at "Gausel-dronninga" kan ha vore i slekt med Olav Kvite, som herska i Dublin frå 853 til 871.