Geit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Folk og geiter på Nesasætra i Volda kommuneSunnmøre sommaren 1917.
Lappgeita er ein truga rase som hører heime i den nordlige delen av det sørsamiske området; dei dyra som finst i dag stammar frå Vilhelmina rett aust for Børgefjell.
Foto: Jon Julius Sandal
Geita er god til å rydde gras og vekster. her er dei i sving ved gravfeltet ved Hakadal kyrkje.
Foto: Olve Utne (2007).

Geit (nynorsk/bokmål; eldre bokmål/riksmål òg gjet), lat. Capra hircus, er eit drøvtyggande klauvdyr som er vanlig som husdyr. Geita er særlig veleigna i brattlendt og karrig landskap, og til mjølkebruk der ein ikkje har nok fôr til kyr. Frå gammalt av har geita vore rekna som fattigmannsdyr. I Sæmundar Edda (Eldre Edda) les vi:

Bv er betra,
þott litit se,
halr er heima hverr;
þott tver geitr eigi
oc taugreptan sal,
þat er þo betra en bon.
         – Hávamál 36

I Ivar Mortensson-Egnund si omsetjing (1905, revidert 1964 og 1974) blir dette: Eit lite bu / er betre enn inkje, / heime er kvar mann herre. / Hev du geiter to / og ein tausperra sal, / då tarv du ikkje tigge.

Geitemjølka har først og fremst vorte bruka til ysting av kvit geitost, møssmør (lett innkoka, smørbar myse) og brunost (heilt innkoka, skjerbar myse). Møssmør og brunost kan innehalde geitemjølk (ofte kalla «ekte geitost», kumjølk (ofte kalla «mysost») eller ei blanding (ofte kalla «gudbrandsdalsost», «misværost» og liknande etter opphavsstaden).

Viktige tradisjonelle geitrasar i Noreg var dølageit (skimlut gudbrandsdalsgeit), kvit telemarksgeit, vestlandsgeit (vestlandsk landrase) og nordlandsgeit — alle desse vart ihopslegne under namnet norsk mjølkegeit mot slutten av 1900-talet — og kystgeit. Islandsgeita eller den islandske landnåmsgeita har òg opphavet sitt i norrøne geiter. Over grensa til Sverige finn vi lappgeit (frå Vilhelmina), jamtgeit (frå Frostviken og andre deler av Jamtland) og göingeget (frå Sør-Sverige).

Frå slutten av 1900-talet har ein del andre rasar vorte importert og er no relativt vanlige — først og fremst mohairgeit (1992), kasjmirgeit (1994), boergeit (2002) og dverggeit.

Lenkjer

Norsk mjølkegeit

Kystgeit

Andre geiterasar