Georg Burchard Jersin: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Georg Burchard Jersin''' (fødd i Leikanger 20. januar 1767, død 5. oktober på Voss) var teolog og eidsvollsmann. Han representerte Søndre Bergenhus amt på Eid...)
 
(Mellomlagring)
Linje 4: Linje 4:

Georg Burchard Jersin gifta seg på Voss 27. august 1795 med Maren Finde Ravn (fødd i [[Haram]] 1768, død 29. august 1851). Ho kom også frå ein prestefamilie, dotter av personell kapellan i Haram Peter Andreas Ravn og Cecilia Karine Hoel.

Etter Katedralskulen i Bergen, der han gjekk ut i 1786, studerte Jersin i København og vart cand. theol. i 1793. Året etter vart han personell kapellan for faren på Voss, og G.B.Jersin fekk heile yrkeskarrieren sin i det prestegjeldet. I 1800 vart han residerande kapellan. I 1808 fekk han sokneprestembetet på Voss etter faren. I verket Eidsvold 1814 blir Jersin omtala som en «yderliggaaende rationalist, for hvem alle religionens aabenbaringer og mysterier var det rene vrøvl».

Sideversjonen fra 2. mar. 2014 kl. 16:38

Georg Burchard Jersin (fødd i Leikanger 20. januar 1767, død 5. oktober på Voss) var teolog og eidsvollsmann. Han representerte Søndre Bergenhus amt på Eidsvoll, og vart rekna til Sjølvstendepartiet.

Faren, residerande kapellan i Leikanger Jacob Christian Jersin, vart sidan sokneprest i Voss. Mora var Elsebe fødd Lem.

Georg Burchard Jersin gifta seg på Voss 27. august 1795 med Maren Finde Ravn (fødd i Haram 1768, død 29. august 1851). Ho kom også frå ein prestefamilie, dotter av personell kapellan i Haram Peter Andreas Ravn og Cecilia Karine Hoel.