Georg Burchard Jersin

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. apr. 2014 kl. 13:08 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (fikser FT-lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Mal:Thumb høyreGeorg Burchard Jersin (fødd i Leikanger 20. januar 1767, død 5. oktober 1827Voss) var teolog og eidsvollsmann. Han representerte Søndre Bergenhus amt på Eidsvoll, og vart rekna til Sjølvstendepartiet.

Faren, residerande kapellan i Leikanger Jacob Christian Jersin, vart sidan sokneprest i Voss. Mora var Elsebe Lem.

Georg Burchard Jersin gifta seg på Voss 27. august 1795 med Maren Finde Ravn (fødd i Haram 1768, død 29. august 1851). Ho kom også frå ein prestefamilie, dotter av personell kapellan i Haram Peter Andreas Ravn og Cecilia Karine Hoel.

Etter Katedralskulen i Bergen, der han gjekk ut i 1786, studerte Jersin i København og vart cand. theol. i 1793. Året etter vart han personell kapellan for faren på Voss, og G.B.Jersin fekk heile yrkeskarrieren sin i det prestegjeldet. I 1800 vart han residerande kapellan. I 1808 fekk han sokneprestembetet på Voss etter faren. I verket Eidsvold 1814 blir Jersin omtala som ein ytterleggåande rasjonalist, «for hvem alle religionens aabenbaringer og mysterier var det rene vrøvl». At han var ein opplysningsprest synte seg mellom anna ved at han fekk etablert eit soknebibliotek på Voss.

Jersin var vald som 2. deputerte frå amtet til Riksforsamlinga. Den fyrste av i alt tre deputerte representantar var sorenskrivar Arnoldus Koren. Den tredje var ein bonde frå Jersins eige prestegjeld, Brynjel Gjerager. Koht framstiller tilhøvet mellom dei tre slik at fyrst vart Koren vald av valforsamlinga, så utpeikte Koren Jersin, og Jersin peikte i sin tur ut Gjerager.

Jersin var ein av dei som tala sterkt for Eidsvollgarantien. Elles var han ikkje spesielt aktiv i forhandlingane i Riksforsamlinga.

Kjelder og litteratur

  • Georg Burchard Jersin i folketelling 1801 for Voss prestegjeld fra Digitalarkivet.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Jersin i Norsk biografisk leksikon (1936).
  • Koht, H. og Schnitler C. m.fl. (red.): Eidsvold 1814, Kristiania 1914.