Georg Ulrich Wasmuth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreGeorg Ulrich Wasmuth (fødd i Kristiansund 19. mars 1788, død på Ytterøya 16. oktober 1814) var offiser og eidsvollsmann.

Foreldra var kjøpmann Christian Fredrik Wasmuth og Johanne Susanne Holck. Familien tilhøyrde eliten av borgarskapet i Kristiansund. Dei hadde i ein herskapeleg bustad på Innlandet, som kjøpmann Wasmuth hadde bygd kring år 1800. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, foreldre med to søner og tre døtrer. Men firmaet gjekk konkurs i 1804.[1] Den unge Georg Ulrich var da under utdanning ved Krigsskolen.

Han byrja i teneste som korporal ved Nordafjelske skiløperbataljon, truleg i 1804, medan han framleis var kadett. Frå 1805 var han offiser og tilsett som fenrik ved 1. Trondhjemske infanteriregiment, 1. gevorbne grernaderkompani. Han fekk sekondløytnants grad frå 1806, premierløytnant to år seinare. Han deltok i felttoget i Jämtland under krigen mot Sverige i 1808. I 1810 kom han til Ytterøyske kompani ved det same regimentet. Han vart kaptein og sjef ved Fosneske kompani i 1800, og kom attende til Ytterøyske kompani som sjef der frå 27. april 1812.

Rett etter den nye kompanisjefutnemninga gifta Wasmuth seg med Mette Jacobine Christine von Hirsch (fødd på By i Stjørdalen 1792, død i Trondheim 1878). Bryllaupet stod i Værnes kyrkje 10. mai 1812. Brura var dotter til major Jobst Conrad von Hirsch og Maria Mantzin Henrici.

Wasmuth vart vald som representant for regimentet til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Der vart han rekna til Sjølvstendepartiet, men lite og ingenting er elles kjent om hans standpunkt og verksemd der.

Han deltok i kamphandlingar både i Trøndelag og sør ved Glomma under krigen hausten 1814. Seinare same året døydde han, berre 26 år gammal. Gjennomgådde kjelder opplyser ikkje om dødsårsaka. Enkja gifta seg i 1818 opp att med løytnant Jens Jacob Sejersted (1796-1844).

Kjelder og litteratur

  • Haukaas, Kaare:Artikkel om Wasmuth i Norsk biografisk leksikon 1969.
  • Johnsen, Arne Odd: Kristiansunds historie, bd. III. Kristiansund kommune 1958.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.
  • Georg Wasmuth i folketelling 1801 for Kvernes prestegjeld fra Digitalarkivet

Eksterne lenkjer

Referansar

  1. Johnsen, A.O. 1958:643, 662-663.