Gerhard Gran

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerhard Gran.
Foto: Henta frå Studenterne fra 1874 (1899).

Gerhard von der Lippe Gran (fødd 9. desember 1856 i Bergen, død 7. april 1925 i Oslo) var litteraturhistorikar.

Foreldra var kjøpmann og konsul Christen Knagenhjelm Gran (1822–1899) og Constance Mowinckel (1827–1889), som var frå slektene Gran og Mowinckel. Han gifta seg i 1887 med Maren Elisabeth Bull Sømme (1857–1930).

Han vart student frå Bergen katedralskole i 1874, studerte deretter filologi ved universitetet i Kristiania og vart cand.mag. 1881. Frå same år var han lærar i heimbyen, til han i 1900 vart utnemnd til professor i nordisk litteraturhistorie ved universitetet i Kristiania. Her hadde han arbeidet sitt fram til 1919.

Saman med Jørgen Brunchorst grunnla Gran det allmennkulturelle tidsskriftet Samtiden i 1889. I 1914 grunnla han det litteraturvitskaplege tidsskriftet Edda. Dessutan var det han som gjorde opptaket til Norsk biografisk leksikon (fyrste bandet kom i 1921). Gran var såleis ein kulturell nasjonsbyggjar og fekk ein eineståande posisjon i det litterære livet her til lands.

Frå 1903 til 1905 var han leiar i Den norske Forfatterforening.

Han hadde eit stort forfattarskap og var ein framifrå formidlar. Dei fire essaysamlingane hans – Norsk aandsliv i hundrede aar I–III (1915–19) og Fremmed aandsliv (1920) – har hatt eit langt liv.

Kjelder og litteratur