Gerhardine Helene Fredrikke Paasche

Gerhardine Helene Fredrikke Paasche (Dina Krog) (fødd 7. september 1851 i Fana, død 30. oktober 1922 i Sarpsborg) var den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Luster og i Sogn og Fjordane.

Dina Krog med familie ca 1905.

Oppvekst

Ho voks opp på prestegarden i Fana som dotter av stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808-1897) i Fana og Ingeborg Christine Endresen (1813-1853). Mora døydde då ho var 2 år, og ho hadde seks eldre sysken.

Lækjarfrue

Den 29. november 1887 gifte ho seg i Luster med enkjemannen og lækjaren Einar Paasche (1849-1931). Einar Paasche var utnemnd til distriktslækjar i Luster i desember 1886 og flytte inn på garden Nygård i Dale der den førre distriktslækjaren òg hadde budd. Her budde Einar og Dina fram til 1906 då dei flytte frå Luster. Einar vart i 1906 utnemnd til distriktslækjar i Sarpsborg, og her vart dei buande så lenge Dina levde.

Fyrste kvinne i kommunestyret

I 1901 vart Dina Krog vald inn i kommunestyret i Luster på ei upolitisk liste. Ho var den einaste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane i 1901. Ho var tremenning med kvinnesaksdronninga Gina Krog, men det er uvisst om dette var ein grunn til at ho engasjerte seg politisk. Deira felles oldeforeldre var presten Truls Christian Krog (1722-1806) og Helen Sophie f. Meyer (1735-1809).

Underskriftsaksjonen 1905

 
Lista der Dina sjølv har skrive under

Kvinneunderskriftsaksjonen til støtte for unionsoppløysinga i 1905 vart i Luster leia av Dina Krog. På underskriftslistene står det at dei skulle leverast til henne. Det vart i Luster samla inn heile 524 kvinneunderskrifter. Dette tilsvarar ca 90 % av dei 589 røystene til mennene frå Luster som var med i folkerøystinga om unionsoppløysinga 12.-13. august. På landsplan utgjorde kvinneunderskriftene drygt 80 % av dei avgjevne mannsrøystene. Det var såleis gjort ein ekstra effektiv jobb i spreiddbygde Luster.

Familie

Einar fekk fire born i det fyrste ekteskapet. To av dei døydde som spedborn. Dei to andre, Andreas og Sigrid, var 9 og 7 år då Dina og Einar gifte seg. Dei fekk to born i lag:

  • Olea Paasche (fødd 1888, død i ung alder)
  • Hans Krog Paasche (1890-1931), utvandra til Amerika i 1915 og var ei tid gruvearbeidar og laksefiskar i Alaska

Kjelder og litteratur


  Gerhardine Helene Fredrikke Paasche er del av prosjektet De 100 første kvinner i kommunestyrene som er kommet i stand i forbindelse med Stemmerettsjubileet 1913-2013. Artiklene i denne serien er tilgjengelig i denne oversikten.