Gerson Karpol: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(35 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Gerson Karpol]]''' (f. [[27. januar]] [[1865]] i noverande [[Litauen]]; d. 1947), òg skrive ''Gerson Karpel'' (variant) og ''Gernos Karpol'' (skrivefeil), var ein [[jødedom|jødisk]] handelsmann og gardbrukar som kom til [[Norge]] i [[1890-åra]] og er nemnt i [[Den israelitiske menighed]]s protokoll i [[1897]]. Frå [[1918]] til [[andre verdskrigen]] dreiv han og familien eit gardsbruk på [[Harpefoss]] i [[Sør-Fron kommune]] i [[Gudbrandsdalen]]. </onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Gerson og Samuel Karpol slåttonn.jpg|Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren [[1939]].|ukjent}}
'''[[Gerson Karpol]]''' (f. [[27. januar]] [[1865]] i noverande [[Litauen]]; d. 1947), òg skrive ''Gerson Karpel'' og ''Gernos Karpol'', var ein [[Litauen|litauisk]]-fødd, [[jødedom|jødisk]] handelsmann og gardbrukar som kom til [[Norge]] i [[1890-åra]] og er nemnt i [[Den israelitiske menighed]]s protokoll i [[1897]]. Under anleggstida til [[Raumabanen]] frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i [[Verma]] øvst i [[Romsdalen]]. Frå [[1918]] til [[andre verdskrigen]] dreiv han og familien eit gardsbruk på [[Harpefoss]] i [[Sør-Fron kommune]] i [[Gudbrandsdalen]]. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på [[Helsfyr gravlund]] i [[Oslo kommune|Oslo]]. </onlyinclude>


== Litauen ==
== Litauen ==
Gerson Karpol vart fødd den [[27. januar]] [[1865]] i [[Litauen]] &mdash; Mendelsohn oppgjev ''Plomjan, Ploians''.<ref>S. 421 i {{Mendelsohn 1969}}</ref> Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med [[Jette Karpol|Jette Wald]] (f. [[26. januar]][[1873]] i Klikol i Litauen).
Gerson Karpol vart fødd den [[27. januar]] [[1865]] i [[Litauen]] &mdash; Mendelsohn oppgjev ''Plomjan, Ploians''.<ref>S. 421 i {{Mendelsohn 1969}}</ref> Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med [[Jette Karpol|Jette Wald]] (f. [[26. januar]][[1873]] i ''Klikol'' (Klykoliai) i Litauen).


== Den første tida i Norge ==
== Den første tida i Norge ==
Gerson og Jette flytta til [[Oslo kommune|Kristiania]] ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til [[Den israelitiske menighed]] i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera ''handlende''. I [[folketeljinga 1900]] budde dei i [[Rådhusgata 78 (Drammen)|Raadhusgaden 78]] i [[Drammen kommune|Drammen]], og i [[folketeljinga 1910]] var dei busett i Kristiania att &mdash; no i [[Wilses gate 6 (Oslo)|Wilsesgate 16]]. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som ''reisende handelsmand'', på [[Hotel Polfos]] i [[Skjåk kommune|Skjåk]].
 
{{thumb|Wilses gate 6 i Oslo.jpg|I 1910 budde familien Karpol i Wilses gate 6 i Kristiania.|Chris Nyborg|2017}}
Gerson og Jette flytta til [[Oslo kommune|Kristiania]] ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til [[Den israelitiske menighed]] i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera ''handlende''. I [[folketeljinga 1900]] budde dei i [[Rådhusgata (Drammen)|Raadhusgaden 78]] i [[Drammen kommune|Drammen]], og i [[folketeljinga 1910]] var dei busett i Kristiania att &mdash; no i [[Wilses gate (Oslo)|Wilsesgate 6]], i ein bygard eigd av [[Abraham Josef Koritzinsky]]. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som ''reisende handelsmand'', på [[Pollfoss hotell|Hotel Polfos]] i [[Skjåk kommune|Skjåk]]. Mellom desse to teljingane ser vi at dei har reist. I 1907 fekk dei ei dotter, Markel, i [[Hol kommune|Hol]]. Ho døydde mindre enn ei veke gamal, og ifølgje kyrkjeboka vart ho gravlagd i Kristiania.<ref>{{Digitalarkivet-skann|kb20060607080561|SAKO, Hol kirkebøker, F/Fa/L0003: Ministerialbok nr. I 3, 1887-1918, s. 332}}</ref>
 
Jette og Gerson fekk fire born:
* [[Klara Karpol|Klara (Anne) Karpol]], f. [[25. august]] [[1899]] i [[Kristiania]]; d. [[1. desember]] [[1942]] i [[Auschwitz]].
* [[Samuel Karpol]], f. [[25. september]] [[1901]] i [[Drammen]]; d. [[13. januar]] [[1943]] i [[Auschwitz]].
* [[Ester Karpol]], f. [[25. desember]] [[1903]] i [[Kristiania]] (eller [[Krødsherad]]?); d. [[1. desember]] [[1942]] i [[Auschwitz]].
* [[Markel Karpol]], f. [[13. januar]] [[1907]] i [[Hol kommune|Hol]], d. [[19. januar]] [[1907]].
<gallery>
Klara Karpol (1899-1942).jpg|Eldstedottera Klara.
Samuel Karpol (1901-1943).jpg|Sonen Samuel.
Esther Karpol (1903-1942).jpg|Yngstedottera Esther.
</gallery>
 
== Raumabanen ==
I [[1913]] fekk Gerson bygd ein butikk i [[Verma]] i samband med anleggsarbeidet på [[Raumabanen]]. Etter at banen var ferdig i 1924, flytta han butikkbygninga til Gudbrandsdalen.<ref>* [https://www.villaverma.no/om-oss/historien-om-huset «Historien om huset»] på Villaverma.no</ref>


== Gardsbruket ==
== Gardsbruket ==
I 1918 flytta Gerson og familien til Harpefoss og kjøpte garden [[Brenna (gnr. 153 Sør-Fron)|Brenna]] av Matias P. Bakken for 8500 kroner. Samtidig kjøpte han òg naboeigedommane Ovrum (gnr. 51, bnr. 15) og Karl-Baukol (gnr. 51, bnr. 18) som tilleggsjord. I 1922 tok sonen [[Samuel Karpol]] over garden for 4200 kroner og [[føderåd]] til foreldra. Samuel og Gerson dreiv garden aktivt fram til krigen.
== Krigen ==
Samuel og foreldra dreiv garden fram til [[deportasjonen av jødene|arrestasjonane og deportasjonane]] i [[1942]]. Samuel vart arrestert i oktober og Klara og Esther tidleg i november. Alle borna vart deporterte med [[DS «Donau»]] den [[26. november]] [[1942]] og drepne der same vinteren. Gerson og Jette vart òg arrestert i januar 1943. På grunn av helsa &mdash; Jette var senil alt i 1940, og Samuel hadde kraftig isjas og ein fot med frostsår som det gjekk koldbrann i &mdash; vart begge først innlagt på [[Ullevål sykehus|Ullevål]] da dei kom til Oslo, men Gerson vart overført til [[Bredtveit fangeleir|Bredtvedt]] da han kom seg noko. Seinare vart dei sendt til kaia for deportasjon, truleg med [[M/S «Gotenland»]], men ein tysk oberst protesterte fordi han meinte dei ikkje hadde helse til reisa. Dei vart etterkvart sendt til gamleheimen på Hundorp, der dei overlevde krigen.
I mars 1943 vart Karpol-familiens lausøyre seld på auksjon i Sør-Fron etter forlangande av ein Hamar-advokat.<ref>Pryser, T. 2006:98.</ref> Auksjonarius var lensmann [[Harald Hammer]] som også hadde stått for arrestasjonane av familiemedlemmene. Gjenstandane vart selde til folk i Sør-Fron og omliggjande bygder som hadde møtt fram. Lensmann Hammer oppnådde eit salær på kr. 2000,-. Som del av landssvikdommen mot han i 1946 måtte han betale attende det han hadde tent på dette.
Jette og Gerson Karpol døydde i [[1947]] og vart gravlagde på [[Helsfyr gravlund]] i [[Oslo kommune|Oslo]]. Garden vart seld av [[Oslo skifterett]] i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.


== Krigen og etterkrigsåra ==
== Fotnotar ==
{{reflist|1}}


== Kjelder og lenkjer ==
== Kjelder og lenkjer ==
* {{hbr1-1|pf01036392056549|Gerson Karpol}}
* [http://www.nb.no/nbsok/nb/e39f6c2911849be682234d6f7f0eff30?index=8#516 «Brenna (151/1)»] i [[Einar Hovdhaugen|Hovdhaugen, Einar]]: ''Gardar og slekter i Fron; I: Sør-Fron''. Fron historielag, [s.a.].
* Demborg, Berit: «Den jødiske bonden på Harpefoss», i ''Hatikwa 12 (2003) nr. 1'', s. 14–16.
* ''Falne døler''. Utg. Gudbrandsdal krigsminnesamling. 2017. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2020051348042}}.
* Pryser, Tore: «Holocaust i innlandsregionen», i Johansen, Per Ole (red.) ''På siden av rettsoppgjøret.'' Unipub forlag 2006.


{{DEFAULTSORT:Karpol, Gerson}}
[[Kategori:Personer]]
[[kategori:jødisk historie og kultur]]
[[kategori:jødisk historie og kultur]]
[[kategori:Litauen]]
[[kategori:Oslo kommune]]
[[kategori:Drammen kommune]]
[[kategori:Rauma kommune]]
[[kategori:Sør-Fron kommune]]
[[kategori:Sør-Fron kommune]]
[[kategori:fødsler i 1865]]
[[kategori:fødsler i 1865]]
Linje 19: Linje 56:
[[kategori:gardbrukere]]
[[kategori:gardbrukere]]
[[kategori:handelsfolk]]
[[kategori:handelsfolk]]
{{spire}}
{{F2}}{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 30. sep. 2021 kl. 07:56

Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren 1939.
Foto: ukjent

Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel og Gernos Karpol, var ein litauisk-fødd, jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo.

Litauen

Gerson Karpol vart fødd den 27. januar 1865 i Litauen — Mendelsohn oppgjev Plomjan, Ploians.[1] Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med Jette Wald (f. 26. januar1873 i Klikol (Klykoliai) i Litauen).

Den første tida i Norge

I 1910 budde familien Karpol i Wilses gate 6 i Kristiania.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Gerson og Jette flytta til Kristiania ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til Den israelitiske menighed i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera handlende. I folketeljinga 1900 budde dei i Raadhusgaden 78 i Drammen, og i folketeljinga 1910 var dei busett i Kristiania att — no i Wilsesgate 6, i ein bygard eigd av Abraham Josef Koritzinsky. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som reisende handelsmand, på Hotel Polfos i Skjåk. Mellom desse to teljingane ser vi at dei har reist. I 1907 fekk dei ei dotter, Markel, i Hol. Ho døydde mindre enn ei veke gamal, og ifølgje kyrkjeboka vart ho gravlagd i Kristiania.[2]

Jette og Gerson fekk fire born:

Raumabanen

I 1913 fekk Gerson bygd ein butikk i Verma i samband med anleggsarbeidet på Raumabanen. Etter at banen var ferdig i 1924, flytta han butikkbygninga til Gudbrandsdalen.[3]

Gardsbruket

I 1918 flytta Gerson og familien til Harpefoss og kjøpte garden Brenna av Matias P. Bakken for 8500 kroner. Samtidig kjøpte han òg naboeigedommane Ovrum (gnr. 51, bnr. 15) og Karl-Baukol (gnr. 51, bnr. 18) som tilleggsjord. I 1922 tok sonen Samuel Karpol over garden for 4200 kroner og føderåd til foreldra. Samuel og Gerson dreiv garden aktivt fram til krigen.

Krigen

Samuel og foreldra dreiv garden fram til arrestasjonane og deportasjonane i 1942. Samuel vart arrestert i oktober og Klara og Esther tidleg i november. Alle borna vart deporterte med DS «Donau» den 26. november 1942 og drepne der same vinteren. Gerson og Jette vart òg arrestert i januar 1943. På grunn av helsa — Jette var senil alt i 1940, og Samuel hadde kraftig isjas og ein fot med frostsår som det gjekk koldbrann i — vart begge først innlagt på Ullevål da dei kom til Oslo, men Gerson vart overført til Bredtvedt da han kom seg noko. Seinare vart dei sendt til kaia for deportasjon, truleg med M/S «Gotenland», men ein tysk oberst protesterte fordi han meinte dei ikkje hadde helse til reisa. Dei vart etterkvart sendt til gamleheimen på Hundorp, der dei overlevde krigen.

I mars 1943 vart Karpol-familiens lausøyre seld på auksjon i Sør-Fron etter forlangande av ein Hamar-advokat.[4] Auksjonarius var lensmann Harald Hammer som også hadde stått for arrestasjonane av familiemedlemmene. Gjenstandane vart selde til folk i Sør-Fron og omliggjande bygder som hadde møtt fram. Lensmann Hammer oppnådde eit salær på kr. 2000,-. Som del av landssvikdommen mot han i 1946 måtte han betale attende det han hadde tent på dette.

Jette og Gerson Karpol døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo. Garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.

Fotnotar

  1. S. 421 i Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. SAKO, Hol kirkebøker, F/Fa/L0003: Ministerialbok nr. I 3, 1887-1918, s. 332 i Digitalarkivet
  3. * «Historien om huset» på Villaverma.no
  4. Pryser, T. 2006:98.

Kjelder og lenkjer