Gerson Karpol: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 16: Linje 16:


== Krigen ==
== Krigen ==
Samuel og foreldra dreiv garden fram til [[deportasjonen av jødene|arrestasjonane og deportasjonane]] i [[1942]]. Gerson og Jette vart først arresterte, men sleppte fri at på grunn av alderen og helsa. Samuel og begge søstrene vart deporterte og drepne. Gerson og Jette døydde i 1947, og garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.
Samuel og foreldra dreiv garden fram til [[deportasjonen av jødene|arrestasjonane og deportasjonane]] i [[1942]]. Gerson og Jette vart først arresterte, men sleppte fri at på grunn av alderen og helsa. Samuel og begge søstrene vart deporterte og drepne. Gerson og Jette døydde i [[Oslo kommune|Oslo]] i 1947, og garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.


== Kjelder og lenkjer ==
== Kjelder og lenkjer ==

Sideversjonen fra 21. mar. 2017 kl. 22:07

Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel (variant) og Gernos Karpol (skrivefeil), var ein jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.

Litauen

Gerson Karpol vart fødd den 27. januar 1865 i Litauen — Mendelsohn oppgjev Plomjan, Ploians.[1] Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med Jette Wald (f. 26. januar1873 i Klikol i Litauen).

Den første tida i Norge

Gerson og Jette flytta til Kristiania ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til Den israelitiske menighed i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera handlende. I folketeljinga 1900 budde dei i Raadhusgaden 78 i Drammen, og i folketeljinga 1910 var dei busett i Kristiania att — no i Wilsesgate 6. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som reisende handelsmand, på Hotel Polfos i Skjåk.

Jette og Gerson fekk tre born:

Gardsbruket

I 1918 flytta Gerson og familien til Harpefoss og kjøpte garden Brenna av Matias P. Bakken for 8500 kroner. Samtidig kjøpte han òg naboeigedommane Ovrum (gnr. 51, bnr. 15) og Karl-Baukol (gnr. 51, bnr. 18) som tilleggsjord. I 1922 tok sonen Samuel Karpol over garden for 4200 kroner og føderåd til foreldra. Samuel og Gerson dreiv garden aktivt fram til krigen.

Krigen

Samuel og foreldra dreiv garden fram til arrestasjonane og deportasjonane i 1942. Gerson og Jette vart først arresterte, men sleppte fri at på grunn av alderen og helsa. Samuel og begge søstrene vart deporterte og drepne. Gerson og Jette døydde i Oslo i 1947, og garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.

Kjelder og lenkjer

  1. S. 421 i Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjonNettbiblioteket.