Gerson Karpol: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Gerson og Samuel Karpol slåttonn.jpg|Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren [[1939]].|ukjent}}
<onlyinclude>{{thumb|Gerson og Samuel Karpol slåttonn.jpg|Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren [[1939]].|ukjent}}
'''[[Gerson Karpol]]''' (f. [[27. januar]] [[1865]] i noverande [[Litauen]]; d. 1947), òg skrive ''Gerson Karpel'' (variant) og ''Gernos Karpol'' (skrivefeil), var ein [[jødedom|jødisk]] handelsmann og gardbrukar som kom til [[Norge]] i [[1890-åra]] og er nemnt i [[Den israelitiske menighed]]s protokoll i [[1897]]. Frå [[1918]] til [[andre verdskrigen]] dreiv han og familien eit gardsbruk på [[Harpefoss]] i [[Sør-Fron kommune]] i [[Gudbrandsdalen]]. </onlyinclude>
'''[[Gerson Karpol]]''' (f. [[27. januar]] [[1865]] i noverande [[Litauen]]; d. 1947), òg skrive ''Gerson Karpel'', ''G. Karpohl'' og ''Gernos Karpol'', var ein [[jødedom|jødisk]] handelsmann og gardbrukar som kom til [[Norge]] i [[1890-åra]] og er nemnt i [[Den israelitiske menighed]]s protokoll i [[1897]]. Under anleggstida til [[Raumabanen]] frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i [[Verma]] øvst i [[Romsdalen]]. Frå [[1918]] til [[andre verdskrigen]] dreiv han og familien eit gardsbruk på [[Harpefoss]] i [[Sør-Fron kommune]] i [[Gudbrandsdalen]]. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men alle dei tre borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på [[Helsfyr gravlund]] i [[Oslo kommune|Oslo]]. </onlyinclude>


== Litauen ==
== Litauen ==
Linje 17: Linje 17:
Esther Karpol (1903-1942).jpg|Yngstedottera Esther.
Esther Karpol (1903-1942).jpg|Yngstedottera Esther.
</gallery>
</gallery>
== Raumabanen ==
I [[1913]] fekk Gerson bygd ein butikk i [[Verma]] i samband med anleggsarbeidet på [[Raumabanen]]. Etter at banen var ferdig i 1924, flytta han butikkbygninga til Gudbrandsdalen.<ref>* [https://www.villaverma.no/om-oss/historien-om-huset «Historien om huset»] på Villaverma.no</ref>


== Gardsbruket ==
== Gardsbruket ==
Linje 23: Linje 26:
== Krigen ==
== Krigen ==
Samuel og foreldra dreiv garden fram til [[deportasjonen av jødene|arrestasjonane og deportasjonane]] i [[1942]]. Gerson og Jette vart først arresterte, men sleppte fri at på grunn av alderen og helsa. Samuel og begge søstrene vart deporterte med [[SS «Donau»]] den [[26. november]] [[1942]] og drepne der same vinteren. Gerson og Jette vart òg arresterte i 1943 og satt ein månad på [[Bredtvedt]] føre dei vart sett fri att på grunn av alderen og helsa. Dei døydde i [[Oslo kommune|Oslo]] i 1947, og garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.
Samuel og foreldra dreiv garden fram til [[deportasjonen av jødene|arrestasjonane og deportasjonane]] i [[1942]]. Gerson og Jette vart først arresterte, men sleppte fri at på grunn av alderen og helsa. Samuel og begge søstrene vart deporterte med [[SS «Donau»]] den [[26. november]] [[1942]] og drepne der same vinteren. Gerson og Jette vart òg arresterte i 1943 og satt ein månad på [[Bredtvedt]] føre dei vart sett fri att på grunn av alderen og helsa. Dei døydde i [[Oslo kommune|Oslo]] i 1947, og garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.
== Fotnotar ==
{{reflist|1}}


== Kjelder og lenkjer ==
== Kjelder og lenkjer ==
Linje 32: Linje 38:
[[kategori:Oslo kommune]]
[[kategori:Oslo kommune]]
[[kategori:Drammen kommune]]
[[kategori:Drammen kommune]]
[[kategori:Rauma kommune]]
[[kategori:Sør-Fron kommune]]
[[kategori:Sør-Fron kommune]]
[[kategori:fødsler i 1865]]
[[kategori:fødsler i 1865]]

Sideversjonen fra 21. mar. 2017 kl. 23:08

Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren 1939.
Foto: ukjent

Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel, G. Karpohl og Gernos Karpol, var ein jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men alle dei tre borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo.

Litauen

Gerson Karpol vart fødd den 27. januar 1865 i Litauen — Mendelsohn oppgjev Plomjan, Ploians.[1] Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med Jette Wald (f. 26. januar1873 i Klikol i Litauen).

Den første tida i Norge

Gerson og Jette flytta til Kristiania ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til Den israelitiske menighed i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera handlende. I folketeljinga 1900 budde dei i Raadhusgaden 78 i Drammen, og i folketeljinga 1910 var dei busett i Kristiania att — no i Wilsesgate 6. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som reisende handelsmand, på Hotel Polfos i Skjåk.

Jette og Gerson fekk tre born:

Raumabanen

I 1913 fekk Gerson bygd ein butikk i Verma i samband med anleggsarbeidet på Raumabanen. Etter at banen var ferdig i 1924, flytta han butikkbygninga til Gudbrandsdalen.[2]

Gardsbruket

I 1918 flytta Gerson og familien til Harpefoss og kjøpte garden Brenna av Matias P. Bakken for 8500 kroner. Samtidig kjøpte han òg naboeigedommane Ovrum (gnr. 51, bnr. 15) og Karl-Baukol (gnr. 51, bnr. 18) som tilleggsjord. I 1922 tok sonen Samuel Karpol over garden for 4200 kroner og føderåd til foreldra. Samuel og Gerson dreiv garden aktivt fram til krigen.

Krigen

Samuel og foreldra dreiv garden fram til arrestasjonane og deportasjonane i 1942. Gerson og Jette vart først arresterte, men sleppte fri at på grunn av alderen og helsa. Samuel og begge søstrene vart deporterte med SS «Donau» den 26. november 1942 og drepne der same vinteren. Gerson og Jette vart òg arresterte i 1943 og satt ein månad på Bredtvedt føre dei vart sett fri att på grunn av alderen og helsa. Dei døydde i Oslo i 1947, og garden vart seld av Oslo skifterett i 1948 sidan det ikkje fanst att arvingar.

Fotnotar

  1. S. 421 i Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. * «Historien om huset» på Villaverma.no

Kjelder og lenkjer