Gerson Karpol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel (variant) og Gernos Karpol (skrivefeil), var ein jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.

Litauen

Gerson Karpol vart fødd den 27. januar 1865 i Litauen — Mendelsohn oppgjev Plomjan, Ploians.[1] Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med Jette Wald (f. 26. januar1873 i Klikol i Litauen).

Den første tida i Norge

Gerson og Jette flytta til Kristiania ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til Den israelitiske menighed i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera handlende. I folketeljinga 1900 budde dei i Raadhusgaden 78 i Drammen, og i folketeljinga 1910 var dei busett i Kristiania att — no i Wilsesgate 16. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som reisende handelsmand, på Hotel Polfos i Skjåk.

Gardsbruket

Krigen og etterkrigsåra

Kjelder og lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!
  1. S. 421 i Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjonNettbiblioteket.