Gerson Karpol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel (variant) og Gernos Karpol (skrivefeil), var ein jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.

Litauen

Gerson Karpol vart fødd den 27. januar 1865 i Litauen — Mendelsohn oppgjev Plomjan, Ploians.[1] Fødselsåret er oppgjeve til 1860, 1862, 1864, 1865 og 1870 i ulike kjelder. Han gifta seg med Jette Wald (f. 26. januar1873 i Klikol i Litauen).

Den første tida i Norge

Gerson og Jette flytta til Kristiania ca. 1896/97 og er nemnt i protokollen til Den israelitiske menighed i 1897. Gerson er der oppgjeven å vera handlende. I folketeljinga 1900 budde dei i Raadhusgaden 78 i Drammen, og i folketeljinga 1910 var dei busett i Kristiania att — no i Wilsesgate 6. Under folketeljinga er Gerson oppgjeven til stades både der og, som reisende handelsmand, på Hotel Polfos i Skjåk.

Gardsbruket

Kring 1918 flytta Gerson og familien til Harpefoss, der dei vart gardbrukarar på Brenna under Skurdal.

Krigen og etterkrigsåra

Kjelder og lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!
  1. S. 421 i Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjonNettbiblioteket.