Gjerde (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kat)
mIngen redigeringsforklaring
Linje 74: Linje 74:
}}
}}


{{koordinater|61|37|56|N|007|15|46|Ø}}
{{koord ramme|61|37|56|N|007|15|46|Ø}}


{{F1}}
{{F1}}

Sideversjonen fra 25. mai 2012 kl. 19:52

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Likevel var også området på sørsida som låg til Hellegård, matrikulert under Haugen fram til 1838 då det vart overført til Hellegård.[1]

Husmannsplass

Etter kring hundre år utan busetnad på den gamle Flatejords-garden, vart husmannsplassen på Gjerde rydda kring 1712. Dette er den tidlegaste kjende husmannsplassen i Jostedalen. Opplysningane om ryddinga og den fyrste busetnaden er likevel usikre.[2] Det er mogleg at husmannsplassen Gjerde vart bygt der det gamle Flatejords-tunet låg hundre år før, men dette er uvisst.[3]

Den andre husmannsplassen på Gjerde kom kring 1799 og ein tredje kring 1850. Alle tre låg i området der garden, butikken og hotellet ligg i dag.

Gardsbruket utskild 1901

Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre husmannsplassane utskilde som eit eige gardsbruk (Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla. Garden er i dag eit av dei største mjølkebruka i Jostedalen.

Landhandel (bnr. 9)

Gjerde ligg sentralt i Jostedalen ved munningen av Krundalen og kring 3 kilometer frå munningen av sidedalen der ein får utsyn til Nigardsbreen, som sidan 1800-talet har vore den store turistattraksjonen i Jostedalen. Det var likevel Kruna i Krundalen som lenge var kommunikasjonssentrum med overnattingstilbod og landhandel. Då det kom køyreveg framover Jostedalen sist på 1800-talet og turisttrafikken auka, la det grunnlaget for ei utbygging på Gjerde.

I januar 1903 vart den fyrste handelsverksemda starta opp på Gjerde av Thor Bakken i ei gamal stove som før var nytta til meieri. Få år etter sette han opp fyrste delen av handelshuset som seinare har vore utbygt fleire gonger, og som sidan har vore i kontinuerleg drift som Thor Bakkens Ettf. Her var det telefonsentral frå 1918 til automatiseringa i 1978, og postopneri frå 1943 til 1987.[4] Butikken er i dag med i Joker-kjeda og er den einaste daglegvarebutikken i Jostedalen. Kristen Bakken vart styrar av handelsverksemda i 1941 og driv framleis butikken (2010).

Eigedomen vart formelt utskild som bnr. 9 ved ei delingsforretning 7. oktober 1954.

Kafé, pensjonat og hotell (bnr. 7 og 51)

Frå 1951 vart det drive kafé og pensjonat på Gjerde, i eit stovehus ved vegen rett nord for butikken. Verksemda vart i mange år driven under namnet Solvang kafé og pensjonat, og i 1985 flytte verksemda inn i nytt bygg tett attmed det gamle. Anleggsperioden under den store kraftutbygginga i Jostedalen var med på å gjere utbygginga mogleg.[5]

I 2002 vart pensjonatet bygt på og 'gamlekafeen' innreidd til hotellrom, og heile bedrifta fekk namnet Jostedal hotell. Verksemda har sidan 1976 vore drive av Laila Gjerde, og dette har i mange år vore den viktigaste overnattings- og serveringsbedrifta i Jostedalen.

Eigdomane som rommar Jostedal hotell, vart utskilde frå Gjerde (bnr. 3) i 1951 (som bnr. 7) og i 1984 (bnr. 51).

Jostedal camping (1973)

På flata nedanfor hotellet og butikken, ned mot Krundøla, ligg Jostedal camping. Campingplassen opna i 1973, og det vart mellom 1974 og 1977 sett opp ti hytter. Kring 2005 vart det oppsett to nye moderne hytter og eit nytt servicebygg.

Bygdesentrum

Gjerde har gjennom etterkrigstida utvikla seg som bygdesentrum i Jostedalen, mykje på grunn av handelsverksemda og overnattings- og serveringsverksemda. Jostedal samvirkelag låg i mange år på Gjerde rett nord for brua over Krundøla. I Haugåsen opp for samvirkelaget vart det i 1980-åra lagt ut eit byggjefelt som gjer at den største busetnadskonsentrasjonen i Jostedalen sidan har vore på Gjerde. Her ligg òg Jostedal eldresenter. Rett nord for byggjefeltet ligg verksemda Jostedal industrier med knapt 10 tilsette.

Dette har òg gjort at stadnamnet Gjerde i dag vert nytta om eit større område enn før, gjerne om heile området frå butikken (Thor Bakkens Ettf) til Jostedal industrier.

Notar

  1. Øyane 1994, s. 749
  2. Øyane 1994, s. 804
  3. Øyane 1994, s. 789
  4. Øyane 1994, s. 794
  5. Øyane 1994, s. 803

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne ressursar

Mal:Infoboks gardsbruk

Koordinater: 61°37′56″ N 007°15′46″ Ø