Gjert Geelmuyden (1704–1764)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 09:15 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (-)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudbygningen frå Leikanger prestegard på Norsk Folkemuseum.Gjert Geelmuyden fekk reist huset i 1752.
Foto: Olve Utne (2008).

Gjert Geelmuyden (Geert, Gerhard) (fødd 7. februar 1704 i Bergen, død i Leikanger 24. jul 1764) var son av kjøpmann Gjert Geelmuyden i Bergen. Han vart student i 1723 og cand.theol. i 1728.

Geelmuyden var huslærar hjå sokneprest Christen Heiberg i Sogndal 1725-1727 og hjå overauditør Peder Brønlund i Nesna 1730-1733.

24. oktober 1733 vart Geelmuyden personleg kapellan i Leikanger prestegjeld hjå sokneprest Iver Iversen Leganger. Frå hausten 1740 gjorde han presteteneste i Jostedal prestegjeld som var utan prest etter at Rasmus Wibye hadde reist til København våren 1738. Geelmuyden styrte prestekallet i Jostedalen fram til våren 1742 då Matthias Foss overtok. Han var såleis vikarpresten som var lengst i bygda i desse åra.

Det var Geelmuyden som møtte på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.[1]

6. mars 1745 søkte han om ekspektanse på sokneprestembetet i Leikanger på bakgrunn av ei forordning som gav kapellanar fyrsterett til embetet om dei hadde gjort teneste i minst 7 år.[2] Lampe skriv at Geelmuyden sjølv var i København for å ordne dette. Han vart utnemnd 23. april 1745, overtok prestekallet i 1750 og var sokneprest i Leikanger så lenge han levde.

Geelmuyden gifte seg 22. oktober 1738 med Barbro Marie Leganger, dotter av sokneprest i Leikanger Iver Iversen Leganger. Ho døydde i 1801, og dei skal ha fått seks born i lag. Den yngste dotter Barbro Marie Geelmuyden vart kring 1782 gift med Joachim Schweder Bang, som frå 1781 og nokre år framover var fut i Indre Sogn.

Notar

  1. Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  2. Riksarkivet, Danske kanselli, Norske innlegg, pk. april-juni 1745, 23.4.1745, og Norske register 1745-46, s. 141a-b, 23.4.1745

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 67. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 330. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Hans Grøn 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Matthias Foss