Gløshaugen kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Gløshaugen kyrkje
C03702 Gloeshaug krk.jpg
Foto: Olve Utne
Kirkesamfunn: Den norske kirkja
Bispedømme: Nidaros
Prosti: Namdal
Prestegjeld: Grong
Fellesråd: Grong
Sokn: Harran
Arkitekt: Bjørn Larsen
Teknikk: lafteverk
Materiale: tre
Sitteplasser: 100
Gløshaug kyrkje i 2011.
Foto: Olve Utne

Gløshaugen kyrkje ligg på Gartland i Harran sokn i Grong kommune i Namdalen. Kyrkja inngår i Namdal prosti og vart bygd som langkyrkje i 1689 på ein gammal kyrkjestad som har vore møtestad mellom sørsamar og nordmenn både i handelssamanheng og i kyrkjeleg samanheng sidan føre reformasjonen.

Kyrkjebygget

Kyrkja er lafta og har våpenhus, skip og kor. I tillegg er det eit tilbygg med sakristi. Taket over skipet er kombinert ås- og sperretak. Det er fire åsar av rundtømmer på kvar side av mønet, og oppå desse att kviler fem firhogde originale sperrer på kvar side som i sin tur ber sutaket saman med supplerande rundstokkar av gran.[1] Tårnet er bygd til seinare, og undersøkingar av tårnfundamentet viser at det originale sutaket hadde ståande tjørebredd bordtak og mønkjøl av heilstokk.[1] Det er funne rester etter takspon der òg, men det er usikkert kva tid og på kva vis denna spona vart bruka. I nyare tid har taket vorte tekt med shingel av gran, men taket vart ført tilbake til bord- eller spontak i samband med reparasjon av tårnet ca. 2009.[1] Kyrkja er panelt utvendig med grov tømmermannskledning; denne panelinga stammar truleg frå 1700-talet. Ho er raudmåla med kvitt som kontrastfarge ved novene og kring vindauga.

Historie

1155: stavkyrkje

På kyrkjeplassen stod det ei stavkyrkje før. Dendrokronologiske undersøkingar av ein syllstokk og fleire stavar frå denne stavkyrkja som er funne under kyrkja frå 1689 daterer stavkyrkja til 1155 evt.[1]

1689: tømmerkyrkje

Den 21. februar 1689 sendte prost Peder Resen søknad om å få rive den «gamle brøstfeldige» stavkyrkja for å få byggje ei ny kyrkje — den kyrkja som framleis står her på 2000-talet. Søknaden vart innvilga, og same året begynte arbeidet med ny kyrkje på Gløshaugen som vart fullført til ein rekneskapsført kostnad på 36 ½ rdl. og seks skilling.

1874: nedlegging og berging

Da den nye soknekyrkjaFiskem var teken i bruk i 1874, vart det vurdert å rive Gløshaugkyrkja for å gjera pengar på materialane. Dette vart avverga da den walisiske sportsfiskaren Mr. Thomas Merthyr Guest kjøpte kyrkja. Guest hadde forpakta laksevald på Gartland og Rosset i 30 år og på same tid kjøpt to gardar på Gartland — deriblant garden som kyrkja står på. Enkja etter honom — Lady Theodora Guest — vart ståande som eigar etter at han døydde i 1904; og i 1908 overdrog ho kyrkja til Helmer P. Gartland, som da var eigar av garden som kyrkja står på. Gartland skøytte i sin tur kyrkja over til Harran soknekommune i 1910 på visse vilkår. Altarskåpet i Gløshaugkyrkja vart teke til England, men seinare har delar av det vorte sett tilbake i kyrkja.

Galleri

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Brev frå Tradisjonsbygg Trondheim AS til Riksantikvaren datert 27. november 2008.

Kjelder


Lenkjer


Koordinater: 64°32′5″ N 12°24′7″ Ø