Grå trøndersau: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Linje 16: Linje 16:
* [http://www.trondersau.no/ '''Raselaget for Grå Trøndersau'''] (stifta 18. oktober 2008)
* [http://www.trondersau.no/ '''Raselaget for Grå Trøndersau'''] (stifta 18. oktober 2008)
* [http://www.storlykkja.net/ '''Storlykkja gård'''] ved [[Støren]] i [[Midtre Gauldal kommune]]
* [http://www.storlykkja.net/ '''Storlykkja gård'''] ved [[Støren]] i [[Midtre Gauldal kommune]]
* [http://www.oya.vgs.no/gbr_husdyr.htm '''Øya vgs'''] på [[Kvål]] i [[Melhus kommune]]
* [http://www.oya.vgs.no/garden/husdyr '''Øya vgs'''] på [[Kvål]] i [[Melhus kommune]]
* [http://www.stallgryta.com/18344493 '''Stall Gryta'''] i [[Naustdal kommune]] i [[Sunnfjord]]
* [http://www.stallgryta.com/18344493 '''Stall Gryta'''] i [[Naustdal kommune]] i [[Sunnfjord]]



Sideversjonen fra 17. jun. 2011 kl. 20:46

Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein sauerase av «crossbreed»-type og har halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England1700-talet — trulig ryeland.

Øya Tautra, der tautersauen kom frå, er markert i raudt.
Eit Ryeland-lam i Shropshire i England. Ryeland-sauene er trulig eitt av hovudopphava til trøndersauen.
Foto: Richard Webb

Kring 1900 veit vi at det fanst grå trøndersau fleire plassar kring Frosta og Stjørdalen. Nord-Trøndelag landbruksselskap oppretta alsstasjon i 1950-åra for å bevara rasen. I 1992 vart ei besetning berga frå slakting i Telemark, og den besetninga har fungert som bevaringsbesetning på garden til Ole-Hans Lien i Tessungdalen i Tinn Austbygd sidan den tid. Elles har det vorte funne ei større besetning på SmølaNordmøre og ymse mindre besetningar i Trøndelag. Kring 2010 finst det noen få hundre alsdyr. Sidan 2007 har Øya videregående skoleKvål i Melhus kommune vore vert for ei bevaringsbesetning av grå trøndersau.[1]

Fotnotar

  1. «Ny besetning for bevaring av trøndersau» på Skogoglandskap.no, publ. 16.02.2007.

Kjelder

Lenkjer

Raselag og alsgardar

Andre lenkjer