Grøndalen (Lesjaskogen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. jul. 2014 kl. 11:51 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Grøndalen''' er ein markert dal som går sørover frå hovuddalen litt nord (vest) for Lesjaskog sentrum. Dalen er dominert av elva Grø...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grøndalen er ein markert dal som går sørover frå hovuddalen litt nord (vest) for Lesjaskog sentrum. Dalen er dominert av elva Grøna, som kjem som to løp frå høgfjellet, Stor-Grøna frå fleire tjønner innunder Grønhøi (1650 m.o.h.) og Løyfthøene (1946 m.o.h.) og Vesl-Grøna frå Grøntjønne. Ein gamal ferdselsveg frå Skjåk via Lordalen kjem ned til Lesjaskog langs Stor-Grøna gjennom Grøndalen.

I dalen ligg det nokre setrar: to på austsida av elva og ei på vestsida. Dessutan er det tufter etter ei gammal seter der. Den gamle garden Grønved ligg i det ein kan rekne som Grøndalen. Går vi opp setervegen frå Grønfossen på austsida av Grøna, kjem vi fyrst til setra til Ner-Enstad. Litt lenger inn ligg setra til Sy Kvam. Går vi opp på vestsida av elva, kjem vi fyrst til tuftene etter Kvislesetre, og så til setra til Oppistugu Kvam. Det er om lag fem km frå riksvegen og inn til setrane på austsida av elva. Vegen på vestsida av elva er nok noko lenger.

Grøndalssetrane er kanskje dei eldste på Skogen. I 1725 fekk Knut Flitti og Ola Stavem bygsle «Sætterboel» i Grøndalen, med rett til å hamne på båe sider av elva.

I 1668 setra båe Skarpholgardane og båe Tordholgardane på «Grønningen». Ein tradisjon seier og at setrane til Tordhol, Flitti og Nørstegard flytta frå GrynningenDalsida og til Lordalen på 1700-talet. Det er ikkje sikkert, men «Grønningen» i 1668 kan og vera Grønsetrane her. I 1760 fekk brukarane på Systugu Norderhus og Sør-Stavem fornya denne bygselsetelen. Det ser da ut til at Systugu Norderhus har teke over Flitti si seter.

Når Ner-Enstad og Sy Kvam så fekk tak i setrane er uvisst, men ein trur det var fyrst på 1800-talet, for da var i alle fall Norderhus attende med seter i Lordalen. Det er nemnt ein usikker tradisjon om at Nordpå Enstad hadde ei slags seter ved Knutstugu inst i Grøndalen, men ingen kunne minnast hus der da boka Setrane i Lesja vart skrive.

Til venstre utafor seterdøra til Ner-Enstadsetre ligg ein merkeleg stein – truleg ein såkalla «skålgropstein». Han vart kanskje brukt ved ofring her for 3000 år sidan, i bronsealderen. Steinen er flat. Oppå han er det 6 småe og ei stor gryte, i rekkefølge som Karlsvogna, med renne mellom grytene.

På Kvislesetre vestafor Grøna skjedde det ei ulykke i 1875. Ei jente gjekk seg bort på setra. Ho var visst borte nokre dagar, og vart funne nedved ei rot. Ho døydde litt seinare.

Per Mølmen i Sy Kvam (f. 1902) gav desse opplysningane om lokkarråka: «Flata på haugen bak fjøset heiter Lokkarslette, og derfrå var det råk opp til fjellet og inn over Grøndalen. Men det beste råket var nede ved Grøna før dei store flaumane i 1923, 1927 og 1938. Turistvegen til Lordalen gjekk da nedved elva, men flaumane øydela noko kvar gong. Verst var det i 1938, da vart det mest uframkomeleg. Kua slutta å gå der, og turistvegen vart umlagt til det øvre, kuperte råket, som var mykje tyngre både for folk og dyr.»

Litteratur

Koordinater: 62.20544° N 8.31753° Ø