Granmoen (Grane)

Granmoen var ein nybyggjargard eller -plass i Grane. Granmoen var openbert ei sjølvstendig eining, og i folketeljinga i 1801 er garden handsama ved sida av, og ikkje liggjande under, andre gardar. Ein veit ikkje kvar garden låg. I 1801-teljinga nemnest han mellom gardane «Fiplingdalen» og «Baagfjeldalen». Granmoen vart bruka tydelegvis berre i somme år. Garden hadde etter alt å dømme berre eitt brukarpar, som var Ola Andersson frå Østerdalen og kona Kjersti Olsdotter, og dessutan sønene deira, Andreas og Ola Kasper Olssøner. Dei var komne frå Namdalen, der paret òg vart vigt i 1790, og seinare fór familien vidare til Vågan i Lofoten.

Sjå òg

Litteratur

  • Jacobsen, Kjell (1996): Gardshistorie for Grane Granmoen Sidene 462 og 463.