Grip kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grip kyrkje
Grip stavkyrkje alterskaap.jpg
Foto: mb.21
Endringar: 1621
1870-åra
1933
Kyrkjegard: ved Bremsnes kyrkje
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Møre
Prosti: Ytre Nordmøre
Prestegjeld: Kristiansund
Fellesråd: Kristiansund
Sokn: Kirkelandet
Teknikk: stavverk
Materiale: tre
Altartavle: Triptych frå Utrecht, 1515
Sitteplassar: ca. 80

Koordinater: 63°13′11.06″ N 7°35′38.11″ Ø


Grip kyrkje i 2005.
Foto: Arnfinn Kjelland

Grip kyrkje (trad. uttale Gripkjerkjå ["gɾi:pˌçerʰçɔ.], Mal:D Gripkjerkjånn ["gɾi:pˌçerʰçɔɲ.]), ofte omtala som Grip stavkyrkje, er ei stavkyrkjefiskeværet Grip i Kristiansund kommuneNordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, kring 8 meter over havet, er ei enkel stavkyrkje av møretypen og er datert til kring 1470. Fram til kommunesamanslåinga med Kristiansund kommune i 1964 sokna kyrkja til Kvernes prestegjeld. I 1967 vart ho annekskyrkje til Kirklandet.

Kyrkja vart ombygd i 1621 og i 1870-åra, og i 1933 fikk kyrkja sementfundament og ny utvendig bordkleding. Kyrkja er kjent for altarskåpet sitt, ein triptych frå Utrecht i Nederland frå ca. 1515 med sentralskulptur av jomfru Maria, og med Heilag-Olav og Margareta av Antiokia i fløyene.

På grunn av manglande jordsmonn på Grip var det ikkje kyrkjegard der, og alle gravferder gikk over ope hav til kyrkjegarden ved Bremsnes kyrkje.

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.

Galleri