Gruvlie
Hopp til navigering
Hopp til søk
The printable version is no longer supported and may have rendering errors. Please update your browser bookmarks and please use the default browser print function instead.
Koordinater: 62°13′39.97″ N 8°26′59.352″ Ø
Gruvlie er eit utmarksområde mellom gardane Brandlie og Sandgro på Lesjaskogen i Lesja kommune. Her låg fleire jerngruver drive av Lesja jernverk. Det er etablert ein kultursti med informasjon om gruvdrifta i området. Den startar frå parkeringsplass ved Bryggja.
Gruvene har namna:
- Gruvbakkegruva
- Vindgruvene (fleire innslag)
- Skinnargruva
- Langstudulgruva
- Fjellgruvene (fleire innslag, skal vere dei høgast liggjande jerngruvene i Noreg)
- Gruvmogruva i utkanten av området mot nordvest, ved Åheim
Utanom Gruvlie har vi så ei gruve ved Slettomsgardane: Slettomsgruva.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn 1991: Gruvene til Lesja jernverk. Årsskrift for Lesja historielag s. 87-98.