Gudbrandsdalen prosti

Gudbrandsdalen prosti var det nordlegaste prostiet i Oslo bispedømme fram til det vart delt i Nord-Gudbrandsdal og Sør-Gudbrandsdal prosti 1. mai 1871.[1] Om prostanes historiske funksjon, sjå Historisk leksikon.

Prostiet hadde på midten av 1800-talet 26 kyrkjesokn[2], fordelt på desse prestegjelda (med delingar før 1871):

Distrikt (etter katalogen)

Lesja, Dovre (utskild frå Lesja 1.1.1861; Øvre Folldal overført til Lille-Elvdalen prestegjeld i Østerdalen prosti 1.1.1863), Skjåk (utskild frå lom 13.12.1863), Lom, Vågå, Fron, Nordre Fron (utskild frå Fron 10.8.1850), Søndre Fron (utskild frå Fron 10.8.1850), Ringebu og Sollia (utskild frå Ringebu 1.3.1862, overført til Østerdalen 1.1.1868), Øyer, Gausdal (overført til Toten prosti 1853 etter res. 30.11.1852), Fåberg (overført til Toten prosti 1853 etter res. 30.11.1852).[6]

Prostar i Gudbrandsdalen 1537-1871

Prostane var alltid samstundes sokneprestar i eit prestegjeld.[7]

Tenestetid som prost Namn Sokneprest i periode
-1526 Peder Ellefsen Fron? 1526-ca 1550
- ca 1570 Hans Stabell Fron ca 1570
- 1585-1601 Mads Gram Fron -1579-1601
1602-ca 1620 Jens Jenssen Staby Øyer 1602-ca 1620
ca 1620-1640 Østen Nilssen Ringebu ca 1620-1652
1640-1661 Zacharias Sørensen Frendesonius Fåberg 1627-1667
1661-1665 Iver Pedersen Adolph Fron 1651-1665
1666-1696 Brede Larssen Hammer Fron 1665-1696
1696-1712 Frederik Erichsen Monrad Øyer 1670-1712
1712-1726 Johan Rosing Fåberg 1682-1726
1726-1738 Christian Wolfgang Monrad Øyer 1712-1738
1738-1748 Joachim Pihl Gausdal 1727-1758
1749-1760 Niels Olssen Stockflet Fåberg 1745-1760
1760-1761 Andreas Wielsgaard Øyer 1738-1761
1761-1775 Sigvardt Friis Irgens Ringebu 1742-1787
1775-1783 Hugo Fredrik Hjorthøy Fron 1774-1783
1784-1788 Søren Leigh Gausdal 1782-1788
1788-1794 Peder Maar Gausdal 1789-1794
1794-1812 Bernt Anker Ringebu 1788-1812
1816-1818 Andreas Broch Fåberg 1794-1818
1818-1823 Hans Henrik Thaulow Gausdal 1803-1828
1823-1827 Søren Martinius Schive Ringebu 1813-1827
1831-1843 Johan Christian Vibe Gausdal 1829-1843
1844-1864 Nils Christian Nissen Øyer 1836-1869
1864-1870 Nils Christian Hald Ringebu 1865-1885

Referansar

  1. Arkivkatalog Nord-Gudbrandsdal prosti, innleiing.
  2. Svendsen, Bastian: Biografiske efterretninger om geistligheten i Oslo og Hamar stift (manus til prestehistorie, før 1865), utlagt som web-bok nr 494-512 på Digitalarkivet. Bd VII. Søndre Gudbrandsdalen. Om Gudbrandsdal prosti s. 1
  3. Kleiven, Ivar 1930: Fronsbygdin. Aschehoug s. 144.
  4. Hosar, Hans 1998: Skjåk bygdebok bd. 3. Historia 1798-1914 s. 224.
  5. Einbu, Sigurd og Ola Skotte 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna. Lesja kommune s. 21
  6. Statsarkivet i Hamar: Geistlige arkiver. Prostearkiver. Katalog 1980.
  7. Statsarkivet i Hamar: Geistlige arkiver. Prostearkiver. Katalog 1980 og Bastian Svendsen s. 7 ff.