Gudbrandsdalslågen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergebrue over Gudbrandsdalslågen, Kjøremsgrende i Lesja, restaurert i 2000.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
Glommavassdragets nedslagsfelt. Gudbrandsdalslågen i grønt.

Gudbrandsdalslågen, òg kjend berre som Lågen, er ei elv som renn gjennom Gudbrandsdalen i Oppland i heile dalens lengde frå Lesjaskogsvatnet (611 moh.) i Lesja kommune, og renn ved Lillehammer ut i Mjøsa (123,2–119,6 moh.). Lesjaskogvatnet ligg ved vasskiljet, og renn òg ut i Rauma.

Gudbrandsdalslågen er 204 km lang, og dermed ei av dei lengste elvene i Norge og ho er 349 kilometer til sammenløpet med Glomma.

Lågen har bielvene Otta, Sjoa, Vinstra, Gausa og Frya. Sistnemdne er på austsida, og dei andre på vestsidea. Saman med Mjøsa og Vorma utgjer ho eit sidevassdrag til Glomma.

Meir enn halvparten av Oppland fylke drenerer til vassdraget Gudbrandsdalslågen med eit nedbørfelt på 17 509 km². Det er et kraftpotensiale på 12,9 TWh, hvorav 5,9 TWh er bygget ut og 3 TWh er vernet. Kraftproduksjonen og reguleringene samordnet av Glommens og Laagens Brukseierforening.

Flom

Den største kjende flommen er Storofsen i 1789. På det verste stod vatnet i Gudbrandsdalslågen truleg sju meter over det normale. Til saman 72 menneske omkom, og av desse var 61 frå Gudbrandsdalen.

Denne flommen raserte mange garder og førde til utflytting, både frå Østerdalen og Gudbrandsdalen, blant anna til Målselvdalen i Troms ved hjelp av futen i Tromsø og Senjen fogderi Jens Holmboe.

Storflom har det også vært seinere, på forsommeren 1995 gjorde «Vesleofsen» store øydelegginger blant anna på Tretten, der Moksa fann eit nytt løp. I Losna har vassføringa kun vorte høgare ein gong (1938) i dei siste 100 år.