Gulatingslova

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 09:28 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Gulatingslova var ei lov som gjaldt for Gulatingslagen, det vil seia store delar av Vestlandet. Ein reknar med at dei eldre delane av Gulatingslova stammar frå før år 900. Gulatingslova er den eldste av landskapslovene i Noreg. Snorre Sturlason skreiv i Heimskringla at kong Håkon den gode sette Gulatingslova med råd av Torleiv Spake. Truleg er lova endå eldre enn det, på grunn av at lova om lag 930 vart teke som mønster for UlvljotslovaIsland.

Det meste av Gulatingslova er eldre enn vanleg bokskrift i Noreg. Før lovene vart skrivne i bok, sa lagmennene lova fram på lagtinget, sameleis som lovseiemannen til islendingane sa deira lov fram på Alltinget. Det som lagmannen sa, er i Gulatingslova kalla ”lovmålet”; det var den gjeldande lova. På 1000-talet skreiv dei opp lovmålet. Det nedskrivne må ha vore godkjend på lagtinget, slik at boka vart ei verkeleg lovbok, ikkje berre ei rettleiing for lagmennene. Denne lovboka kalla dei Gulatingsboka.

Historikaren Knut Helle skriv slik om lova: «Ein skal ikkje lesa lenge i Gulatingslova før ein veit kvar ein er i landet. Her kan folk bu så høgt oppe i fjellet eller langt ute i øyane at ufarande sjø og fjell kan hindra dei i å føra lik til kyrkjegarden. Langs kysten bind hovudleia landet saman og fører til og frå andre landsdelar. Frå leia er det råd å ro og sigle på fjordane langt inn i landet. Fjordar og fjell skil bygdene frå kvarandre, og elvane kan vere vanskelege å kome over. Der går laksen opp mellom fjøre og fjell, og det er fisk, sel og kval i havet utanfor. I fjellet trugar bjørn og ulv.»

Gulatingslova var gjeldande heilt til kong Magnus Lagabøter si landslov vart vedteke på tinga mellom 1274 og 1276. Landslova vidareførte rettspraksisen frå Gulatingslova.

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Den eldre Gulatingslova. Norrøne tekster nr 6, Oslo Riksarkivet 1994. ISBN 82-548-0036-7
  • Knut Helle: Gulatinget og Gulatingslova, Leikanger 2001. ISBN 82-7959-022-6
  • Gunhild Kværness: Blote kan ein gjere om det berre skjer i løynd : kristenrettane i Gulatingslova og Grágás og forholdet mellom dei, Oslo : Noregs forskingsråd, 1996. ISBN 82-12-00831-2

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gulatingslova» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.