Gunhild Aarflot

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. feb. 2014 kl. 11:51 av Thoni (samtale | bidrag) (Ny side: '''Gunhild Aarflot''' (fødd ca 1757, død 22. 3. 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. I 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter E...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. 3. 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. I 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot, dei fekk fem born. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar. Sivert Aarflot skriver om sin kone i sjølvbiografien (1815): "I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme."

Gunhilds forklede

Det er bevart eit forklede er etter Gunhild Aarflot, eit randaforkle. Forkledet er truleg vove av Gunhild kring 1790, i den tid Sivert og Gunhild budde på Årflot i Ørsta. Vevnaden er rektangulær med stripar, er truleg vevd av plantefarga, heimespunne garn og heimedyrka lin. Gunhilds forklede var utgangspunktet for «Voldaløparen».

Kjelder

Eksterne lekkjer