Gunhild Hallvardsdotter Mosdøl (1888–1947)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav K. Stavenes og Gunhild H. Mosdøl med Hallvard og Margit. Bilete frå 1913 i samlinga til Tore K. Mosdøl.
Olav og Gunhild i Lunden med alle borna ca 1939. Bak frå venstre: Margit og Hallvard, Sigrid og og Store-Knut, Gunvor og Lisle-Knut, Torbjørg og Dreng. Ånund mellom foreldra. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden i Setesdalsmuseet.
Torleiv Drengsson Mosdøl og systera Gunvor med borna til Torleiv og Hallvard. Bak står Gunhild og Jorunn Hallvardsdøter. Hit frå Ingebjørg Vegestog.

Gunhild Hallvardsdotter Mosdøl (fødd 26. juli 1888 i Bykle, død 1947 same staden) var nærkone, eller jordmor, i Bykle.

Slekt og familie

Ho var dotter av Hallvard Drengsson Mosdøl (1854–1921) og Torbjørg Åsmundsdotter Tveiten. Dei hadde berre to born, eldstedottera Gunhild og den to år yngre Jorunn.

I 1911 gifte ho seg med Olav Knutsson Stavenes (1888–1973) frå Nordstog Stavenes. Dei fekk ti born:

  • Hallvard, f 1911, d 1999, gbr. og kyrkjetenar, g 1936 m Ingebjørg Torsdtr. Trydal, sjå Byklum Kultran, gnr 14, bnr 8.
  • Margit, f 1913, d 1989, husmor, g m Ingvald Tønnesen, busett Flekkefjord.
  • Torbjørg, f 1914, d Flekkefjord 2002, husmor, røntgenass., g m Tarjei Hallvardsson Trydal, d Vennesla 1954.
  • Gunvor, f 1916, husmor, g m Magne Eie, Flekkefjord, busett Flekkefjord, ikkje born.
  • Knut (e.), f 1918, g 1947 m Ingebjørg Sigbjørnsdtr. Åsheim.
  • Knut (y.), f 1919, g 1947 m Tore Knutsdtr. Lyngtveit, sjå Mosdøl, bnr 3 .
  • Dreng, f 1921, d 2004, bussjåfør, g m Torbjørg Tarjeisdotter Tveiten, f 1924, busett Byglandsfjord.
  • Sigrid, f 1923, husmor g m Peder Steinsland, Vennesla, f 1924, d 2001, busett Bø i Telemark.
  • Ånund, f 1924, d 1926
  • Ånund, f 1928, g m Anne Gerd Haugen, Evje, sjå Solbakken, bnr 13.

Liv og verke

Gunhild vart fødd på Lunden, eit av bruka på Mosdøl ved Kyrkjebygdi i Bykle, som farfaren Dreng Hallvardsson Tveiten hadde fått skøyte på i 1853.

Gunhild og Olav busette seg på Lunden då dei gifta seg i 1910. I 1939 kjøpte Olav Knutsson også nabobruket Mosdøl som sonen Knut Olavsson Mosdøl den yngre dreiv frå 1947. Knut Olavsson den eldre tok over Lunden.

Det var på same tida som ho gifta seg at Gunhild byrja som nærkone, og det fortsette ho med heilt til 1945. Dette var ikkje ein betalt jobb. Ho arbeidde i Byklum krins, der det kunne kome om lag ti born i året.

Etter at Gunhild døydde I 1947 levde mannen hennar vidare som enkjemann heilt til 1973, då han døydde 85 år gamal.

Litteratur