Guri Sørumgård Botheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 9. sep. 2019 kl. 16:14 av Marthe Glad (samtale | bidrag) ({{KL}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Guri Sørumgård Botheim (fødd 15. januar 1978 i Kjøremsgrend, Lesja kommune), bur i Trondheim, er forfattar.

Ho er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap fra NTNU i 2005. Botheim har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar og er i dag avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum, Midt-Noreg i Trondheim.

Botheim har vore med på å arrangere ÆÅ Trondheim litteraturfestival, og ho har vore redaktør for litteraturtidsskriftet Ratatosk sidan 2004. Frå 2010 har Botheim hatt fast spalte i Dag og Tid saman med systera Sigrid Sørumgård Botheim.

Saman med systera Sigrid romandebuterte ho i 2009 med boka Ramstein pensionat og i 2011 var Botheim-systrene redaktørar for antologien Søsken saman med to andre systrer; Kjersti Rognes Solbu og Ingrid Solbu. I 2016 ga ho ut den fyrste diktsamlinga si: Heime mellom istidene.

Bibliografi

  • Heime mellom istidene. Samlaget 2016
  • Søsken. Antologi, red. Kjersti og Ingrid Rognes Solbu og Sigrid og Guri Sørumgård Botheim. Samlaget, 2011
  • Ramstein pensionat. Samlaget, 2009

Kjelder