Gustav Indrebø: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Tømmer sida)
Linje 1: Linje 1:
'''Gustav Ludvig Indrebø''' ([[1889]]-[[1942]])var ein filolog, historikar og lærar, som var fødd i [[Samnanger]] i [[Hordaland]]. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja. Gustav Indrebø var bror til biskop [[Ragnvald Indrebø]] ([[1891]]-[[1984]]).


== Barneår i Indre Sunnfjord ==
Gustav Indrebø fekk dei fleste av barneåra sine i Indre [[Sunnfjord]], der foreldra hans var frå. Faren Ludvig J. Indrebø fekk arbeid som lærar i [[Jølster]] og Gaular i [[1892]], og familien var  difor busette i dette området fram til [[1901]]. Gustav Indrebø rekna Jølster som si eigentlege heimbygd.
== Studium og arbeid ==
Indrebø tok lærareksamen i [[1910]], og praktiserte som lærar fram til [[1913]]. Då starta han på filologistudiet ved det som då heitte Universitetet i [[Kristiania]]. I [[1917]] vart han cand.philol. med historie som hovudfag. Han hadde elles tysk og norsk som sidefag.
1917 var Indrebø tilsett som amanuensis ved [[Riksarkivet]], ei stilling han hadde fram til [[1921]] ([[1919]]-[[1920]] hadde han eit studieopphald på ni månader i [[København]] og [[Berlin]]). I 1921 vart det oppretta eit nytt dosentur i norrøn filologi ved Universitetet i Kristiania, som Indrebø vart tilsett i. Same år byrja han også som styrar for [[Norsk Stadnamnarkiv]]. I [[1930]] vart Gustav Indrebø professor i vestnorsk målføregransking ved [[Bergen]]s museum, denne stillinga hadde han til han døydde.
== Kjelder ==
*Kjell Venås: [http://nbl.snl.no/Gustav_Indreb%C3%B8/utdypning Gustav Indrebø (NBL-artikkel)]
*Jarle Bondevik og Oddvar Nes (red.): Kva er målreising?: Ei artikkelsamling. ([http://www.nb.no/nbsok/nb/0c5a4814b7b2442a26ccf98f0f3af06a#0 Elektronisk utgåve])
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Målfolk]]
[[Kategori:Samnanger kommune]]
[[Kategori:Jølster kommune]]
[[Kategori:Gaular kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1889]]
[[Kategori:Dødsfall i 1942]]

Sideversjonen fra 10. okt. 2013 kl. 18:48