Gutorm Persson Eftestøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fleire av Gutorm Persson Eftestøl sine arbeider er på Norsk Folkemuseum. Her ei kiste frå 1837.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt

Gutorm Persson Eftestøl (fødd 1779 i Fjotland, død 26. juni 1856) var rosemålar og treskjerar. Han reknast av mange som den viktigaste rosemålaren frå Vest-Agder ved sidan av Tore Asbjørnsson Risøyne, som var ein av dei som lærde han opp.

Slekt og familie

Han var son av Per Gutormsson Eftestøyl (1749–1842) og Marit Kolbeinsdotter Håland (f. 1753).

Gutorm Persson vart først gift med Ingerid Josdotter Vordal (1783–1805). I 1810 vart han gift for andre gongen med Liv Øyusdotter Bergesli (f. 1794).

Liv og verke

Gutorm Persson kom frå garden Eftestøl i Fjotland, no i Kvinesdal kommune. Han vart døypt den 14. mars 1779.[1]

Berre tolv år gamal var han med som læregut då Tore Asbjørnsson Risøyne rosemåla Grindheim kyrkje i Audnedal. I 1801 står han som målar i folketeljinga; han var òg nasjonal soldat det året.[2] I 1803 sto Gutorm Eftestøl for dekoreringa av Bjelland kyrkje i Marnardal saman med Knud Knudsen Årstøl. Han viser ei god disponering av flata og og godt avstemde fargar, og reknast saman med Tore Risøyne som skuledannande for rosemålinga i Vest-Agder. Stilen har òg påverka rosemålinga i Setesdal.

Fleire av Gutorm Eftestøl sine arbeider finst på Norsk Folkemuseum. Eit særs viktig eksempel på hans verk er ei kiste i Holmegårds SamlingerMandals Bymuseum.

Sonane Bernt Gutormsson Eftestøl og Per Gutormsson Eftestøl var òg rosemålarar, men ikkje på same nivået som faren.

Då han døydde den 26. juni 1856 var han enkemann for andre gongen. Han vart gravlagd frå Fjotland kyrkje den 1. juli 1856.[3]

Referansar

Litteratur og kjelder