Gåsemyr krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2017 kl. 12:31 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Gåsemyr krins i Eggedalen i gamle Breim kommune. I 1890 bestod krinsen av gardane Egge, Gåsemyr, Strand og Bergheim.

I 1927 var Gåsemyr krins og Teita krins slegen saman til Bergheim krins og elevane flytta inn i nytt skulehus på Bergheim.

Skulehus

Gåsemyr skule (1)

  • Byggeår: 1867
  • Fungerte som skule: 1867-1903
  • Anna bruksområde:

Gåsemyr skule (2)

Huset hadde eit stort klasserom med to store vindauge mot sør, gang, eit lite kammers og loft. Loftsrommet var stort og her hadde dei gymnastikk om vinteren. Belysning var oljelamper fram til 1915, då fekk dei elektrisitet.

  • Byggeår: 1903
  • Fungerte som skule: 1903-1927
  • Anna bruksområde: Huset vart i 1930 flytta til Førde krins (Breim) og sett opp som skulehus der. I dag fungerer huset som grendahus.

Skuledagen

Det var todelt skule på Gåsemyr. I 1905 hadde storskulen 12 veker skule og småskulen 10 veker. I 1915 vart veketalet auka til 16 veker for storskulen og 14 veker for småskulen.

Skulevegen

Før krinsen fekk skulehus var det omgangskule mellom gardane. Eldre har fortalt at haust og vår heldt dei skule i utkantane av krinsen,medan dei om vinteren heldt skule i sentrum av krinsen.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Glomnes Kristianne 1870 Sandal skule, Bjørnaheim skule, Gåsemyr skule, Reed skule, Høygardane skule, Hole skule, Årdal skule
Bjørkelo Nils 1877 Gåsemyr skule, Teita skule, Førde skule, Bergheim skule 1899
Gåsemyr Karoline Skram Gåsemyr skule, Bergheim skule

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder