Hå gamle prestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hå gamle prestegard i 2007.
Foto: Jarle Vines

Hå gamle prestegard ligg i Hå kommuneJæren. Våningshuset frå 1787 er den eldste prestegardsbygningen som er bevart i Jæren prosti. Husa i det gamle prestegardstunet er no kultursenter med utstillingar og andre arrangement. Det er eit mykje brukt tilbod for folk i distriktet, og mange turistar legg dessutan vegen innom Hå. Strandgravfelta frå jernalderen, Obrestad fyr, den gamle Kongevegen og huset til dei engelske «lakselordane» på andre sida av Håelva bidreg til å gjera området kulturhistorisk interessant.

Den eldste prestegardstida

Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610. På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar (sjå under), som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld.

Kristen Lauritsson Lind og Margrethe Pedersdotter sette opp hus for eigne midlar på Hå. Kristen døydde om lag 1640, og Margrethe gifta seg med etterfølgjaren hans, Peder Nilsson. Etter å ha blitt enkje for andre gong i 1655, flytta Margrethe til garden Søyland, som var enkjesete. Laurits Samuelson Lind og Margrethe Hansdotter frå Stavanger blei det nye presteparet. Laurits var brorson til Kristen Lauritsson Lind. Arveskiftet etter Laurits og Margrethe, som begge døydde i 1668, vitnar om svært stor rikdom. Den eigentlege prestegardstida på Hå starta etter at den velståande Lind-familien ikkje lenger sat med garden. Den første presten her utan tilknytning til denne slekta var Peder Eriksen Leganger, som hadde kallet frå 1668 til 1707.

Gamle gardstun med bygningar tett i tett var svært utsette for brann. Det fekk også Hå-presten erfara. Ved to høve på 1700-talet brann prestegarden ned. Den første brannen skjedde i 1721, den andre i 1787. Den nye hovudbygningen etter brannen i 1787 målte 17,5 x 9 meter, om lag som den gamle. Huset var bygd av furutømmer, bordkledd, kvitmåla og med raudt teglsteinstak. På nordsida stod eit 8 x 8 meter stort tilbygg med rom for tenarskapet og eldhus. Husa i tunet var elles ei høy- og kornløe i bindingsverk, fjøs, samt hestestall, saueflor og grisehus under same tak og eit eige torvhus. Dei tre sistnemnde bygningane var oppførte av kampestein og jord.

Ein god gard med laks og perler attåt

Prestegarden var mellom dei beste gardsbruka i prestegjeldet. Matrikkelen frå 1668 har registrert 18 kyr, 2 hestar og ein utsæd på 16 tønner korn. I utkastet til den nye matrikkelen i 1723 er prestegarden oppført med 14 kyr, 5 hestar og 50 sauer. Ein utsæd på 14 tønner korn gav 120 tønner i avling.

Forutan den tradisjonelle gardsdrifta, hadde prestegarden fleire bein å stå på. Laksefisket i Håelva må ha vore viktig. Prestane var involverte i fleire rettssaker om dette fisket på 1600- og 1700-talet. På 1800-talet leigde prestane ut lakseretten sin til engelskmenn. I Håvågen og i sjøen elles utanfor prestegarden fanst mykje aure. Håvågen kunne også nyttast som hamn. Prestane dreiv ofte handel og trong difor plass til jekter og andre fartøy. Prestegarden hadde dessutan ei god rakstrand, der mykje gods samla seg i fjøra. Ikkje minst drivtømmer var etterspurd på det skoglause Jæren og kunne gje gode ekstrainntekter på auksjon. Brenning av tang og tare til pottaske var ei attåtnæring i byrjinga av 1900-talet.

Ein spennande bigeskjeft var perlefangst i Håelva. Frå midten av 1660-åra hadde dei danske kongane og seinare dronningane einerett til perler frå norske elvar. Peder Eriksen Leganger fekk tilnamnet «perlepresten», så han har truleg vore involvert i fangst og handel med perler trass i det kongelege monopolet. Kong Christian V overnatta på Hå prestegard ved reisa si over Jæren i 1685. Reiseskildringa nemner dei store perlene i området. Kongen fekk mange slike i gåve. Fleire kongebesøk følgde. Frederik IV overnatta på prestegarden i 1704 og Christian VI i 1733. Ved det siste høvet var også dronning Sophie Magdalene med.

Det gode gardsbruket med diverse tilliggjande «herlegheiter» (lunnende) må, saman med inntekt frå eit omfattande jordegods som låg til embetet, tienda, offergåver og sportlar, ha gjort Hå til eit attraktivt kall. Frå 1833 blei gardsdrifta pakta bort. Forpaktarbustaden bygd i 1834 stod til 1950-åra. Forpaktarane bidrog til at prestegarden vart rekna som eit mønsterbruk i andre halvdel av 1800-talet.

Endra kommunikasjonar og nye tider

Prestegarden var gjennom fleire hundreår eit sentrum i Hå. Forutan dei geistlege gjeremåla hadde presten også mange verdslege oppgåver, som medførte at folk oppsøkte prestegarden. På 1800-talet var han ein leiande politikar, særleg i saker vedrørande skule og fattigstøtte. Det første biblioteket i prestegjeldet kom på prestegarden (Hå leseselskap 1799), og presten freista å spreia kunnskap om moderne jordbruksdrift gjennom Hå sokneselskap stifta i 1831. Presten stod også sentralt i etableringa av dei første misjonsforeiningane. Hå prestegard var såleis ein lokal møteplass, men også mange reisande på Kongevegen såg innom her.

Endra kommunikasjonar utover 1800-talet skulle likevel medføra at Hå prestegard kom meir i bakleksa. Det starta med bygginga av postvegen mellom Stavanger og Egersund i første halvdel av 1800-talet. Denne kjerrevegen låg lenger inne i landet enn den gamle Kongevegen. Jærbanen, som var ferdig i 1878, førte til at jernbanestasjonane Nærbø, Varhaug og Vigrestad utvikla seg til sentra i Hå. Avstanden mellom prestegarden og hovudkyrkja i prestegjeldet auka også. I 1834 blei nemleg Njærheim og Bø slått saman til eitt sokn og dei to kyrkjene rivne. I staden kom ei ny kyrkje på Nærbø.

Det var dyrt for prestane å vedlikehalda bygningane på prestegarden. Mot slutten av 1800-talet auka forfallet. I staden for å satsa på utbetringar, valde ein å byggja ny prestebustad. Han kom på Skjærpe i 1919/20. Hå prestegard blei bydd fram for sal. Ein velståande skipsreiar i Stavanger fekk tilslaget. Han var nok først og fremst interessert i laksefisket i Håelva. Hovudbygningen vart freda ved lov i desember 1920. Fleire private eigarar følgde utover 1900-talet. I 1978 gjorde så Hå kommunestyre vedtak om å kjøpa det gamle prestegardstunet. Arkitekt Per Line fekk ansvar for restaureringa. Den nyrestaurerte hovudbygningen kunne offisielt opnast i april 1983. Året etter vart fjøs, stall og brønnhus i den eldste driftsbygningen tekne i bruk som utstillingslokale. Dei bevarte uthusa skriv seg frå siste del av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Eit gammalt jærhus frå Håland i Varhaug er flytta til prestegarden og sett opp på tomta til forpaktarbustaden.

Litteratur

  • Risa, Lisabet: Hå gamle prestegard 1637-1985. 3. utg. Hå kommune, 1989.
  • Jærperlene. Lokal attåtnæring og danske dronningsmykke. Utstillingskatalog. Hå gamle prestegard, 2007.