Håkon IV Håkonsson

Håkon Håkonsson (12041263) var konge av Noreg i perioden 12171263. Han var son av Håkon Sverresson og Inga frå Varteig, og vart vald til konge av birkebeinarane i 1217. I løpet av Håkon si regjeringstid vart det slutt på borgarkrigane. Det siste opprøret vart leia av svigerfar hans, hertug Skule, som vart drepen i 1240. I 1247 vart Håkon krona av kardinal Vilhelm av Sabina i Bjørgvin, og den siste halvparten av regjeringstida hans var ei tid av fred og konsolidering av kongedømmet. Symbolet på denne perioden er Håkonshallen i Bergen. Håkon Håkonsson vart òg kalla «Håkon Gamle», for å skilja han frå sonen Håkon Unge. I ettertid kan han verta kalla Håkon IV, som den fjerde i kongerekkja som heitte Håkon.

Håkon Håkonsson
Personalia
Tittel: Konge av Norge
Regjeringstid: 12171263
Fødselsnavn: Håkon Håkonsson
Fødselsdato: 1204
Fødested: Eidsberg
Bortgang: 1263
Dødssted: Orknøyane
Foreldre: Håkon Sverresson og
Inga frå Varteig
Ektefelle(r): Margrete Skulesdotter
Barn: Magnus Lagabøte
Håkon Unge
Kristin Håkonsdotter

Bakgrunn og barndom

 
Håkon fraktast over fjellet frå Lillehammer til Østerdalen av birkebeinarane Torstein Skevla og Skjervald Skrukka. Måleri av Knud Bergslien (1869).

Håkon vart fødd i 1204 i det som i dag er Eidsberg kommune i Østfold. Mora til Håkon var Inga frå Varteig. Ho hevda at faren var birkebeinarkongen Håkon Sverresson. Han hadde vitja Varteig året før og hatt Inga som frille ei stund. Håkon Sverresson var død då Håkon vart fødd, men fleire av mennene hans stadfesta Inga sine påstandar, og birkebeinane anerkjente Håkon som kongsson.

Borgarkrigstida i Noreg varte frå omlag 1130 til 1240. I denne tida pågjekk det mange ulike strider av ulikt omfang og styrke. Bakgrunnen for desse stridene var dei uklare norske tronfylgjelovene, sosiale forhold og kampen mellom ulike aristokratiske parti og mellom kyrkja og kongen. Det var for det meste to ulike flokkar, kjent ved ulike navn. Til slutt sto striden mellom birkebeinar og baglar. Midtpunktet for flokkane var som oftast ein kongsson som vart sett opp som kongsemnet til flokken. Håkon Sverresson var leiarar for birkebeinane. I den korte regjeringstida si hadde han nedkjempa baglarane sitt kongsemne og forlikt seg med biskopane, som hadde vore i eksil. Håkon døydde tidleg og ugift, utan nokon klar arving. Dermed starta ei ny baglar-reising, som førte til ei deling av landet, med eit baglar-kongedøme på Austlandet og rundt Oslofjorden, og eit birkebein-kongedøme på Vestlandet og Trøndelag.

Håkon Håkonsson vart fødd i område som vart kontrollert av baglane, og det at han var son til ein birkebeinarkonge sette både han og mora i ein svært farleg situasjon. Difor flykta ho nordover med guten, mot Trøndelag. Ein del av denne ferda i 1206, då birkebeinane Torstein Skeivla og Skjervald Skrukka bar kongssonen med seg på ski gjennom dårleg ver for å bringa han i tryggleik, vert minna kvart år gjennom skiløpet birkebeinerrennet.

Tidleg regjeringstid

 
Håkonstøtta på Folkenborg på Mysen.
Foto: Eidsberg herred (1914)

Slik kom Håkon Håkonsson fram til birkebeinarkongen Inge Bårdsson, som anerkjente Håkon som kongsson. Då Inge døydde i 1217 vart Håkon vald til konge, framfor Inge sin halvbror, jarlen Skule Bårdsson, som òg kravde trona. I samband med striden rundt kongevalet måtte Inga frå Varteig bera jarn for å prova Håkon sitt farskap, i Bergen i 1218. Kyrkja var i byrjinga negativt innstilt til Håkon, delvis fordi han var uekte fødd. I 1223 vart det heldt eit riksmøte med alle biskopar, jarlar, lendmenn og andre framståande menn, i Bergen for endeleg å avgjera om Håkon var rett konge eller ikkje. I tillegg til Skule kravde òg Guttorm, ein uekte son av kong Inge, Knut Håkonsson, ein nevø av kong Inge, og Sigurd Ribbung som påsto å vera soneson til kong Magnus Erlingsson trona. Men kyrkja hadde no stilt seg på Håkon si side, og retten hans til trona vart stadfesta av erkebiskopen. Han vart likevel ikkje krona før i 1247.

I 1217 døydde òg Filippus Simonsson, den siste baglarkongen. Skule Bårdsson handla raskt og tilbydde baglarane forsoning under Håkon som konge. Baglarane godtok dette, oppløyste flokken sin og gav seg under kong Håkon. Dermed var Noreg igjen samla under ein konge. Enkelte gamle baglarar som kom dårleg ut av forliket fann eit nytt kongsemne, Sigurd Ribbung, som dei sa var son av baglarkongen Erling Steinvegg, og reiste ein ny opprørsflokk, ribbungane. Sigurd Ribbung gjekk etter kvart med på å overgi seg til Skule, og tok del i riksmøtet i Bergen i 1223. Seinare rømte han og fornya opprøret sitt. Etter at han døydde av sjukdom tok ribbungane Knut Håkonsson som kongsemne. Dei vart endeleg slått i 1227 då Knut overgav seg til kong Håkon og fekk forlik med han.

I starten på Håkon si regjeringstid hadde Skule mykje av den verkelege makta. Då Håkon vart konge vart det bestemt at Skule skulle regjera over ein tredel av riket, som jarl. I førstninga var denne tredelen Oslofjord-området, men i 1223 fekk Skule Trøndelag som sin del av riket, og hadde setet sitt oftast i Nidaros. Etter kvart som Håkon vart vaksen tok han over meir og meir av riksstyringa sjølv, noko som førte til konflikter med Skule. Som forsøk på å forsona dei to vart Håkon i 1225 gift med Skule si dotter, Margrete Skulesdotter (Margrét Skúladóttir). Forholdet mellom Håkon og Skule var likevel anstrengt. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, som første i Noreg. Om lag samstundes vart det ordna slik at han ikkje lenger skulle styra Trøndelag som sin tredel av riket, men ha ein tredel av alle syssel i landet. Slik fekk han ikkje lenger eit samanhengande maktområde, noko som har vorte tolka som at stillinga hans vart svekka. I 1239 fekk Skule gitt seg sjølv kongsnavn på Øyrating, og gjekk til open krig mot Håkon. Håkon fekk då gitt sonen sin, Håkon Unge, kongsnavn. Skule freista å få Knut Håkonsson med seg, men han valde Håkon si side, og Håkon utnevnte han til jarl. Håkon vann over Skule i slaget i Oslo i 1240, og seinare same året vart Skule drepen i Nidaros. Etter dette var det ingen lenger som truga Håkon sin maktposisjon i Noreg. Skule sitt opprør vert ofte rekna som å vera slutten på borgarkrigstida i norsk historie. Som ein konsekvens av striden mellom Håkon og Skule vart Snorre Sturlason, som hadde vore Skule sin mann, drepen av ein av Håkon sine menn på Island.

Seinare regjeringstid

 
Minnestein over grava til Håkon Håkonson i St. Magnuskatedralen i Kirkwall. Her låg kongen over vinteren, inntil ein kunne frakte lekamen hans heim til Noreg.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2011).

Frå 1240 var Håkon si regjeringstid prega av indre fred og konsolidering av kongedømmet. Dette var starten på det som har vorte kalla gullalderen til det norske mellomalderkongedømet. I 1247 oppnådde Håkon endeleg å bli anerkjent av paven som norsk konge. Paven sende kardinalen Vilhjalm av Sabina (Wilhelm) til Bergen for å krona han. I 1256 baud Håkon ut leidang og reiste på hærferd til det danske området Halland. I 1261 gjekk grønlendingane med på å gi seg inn under kongen av Noreg, og i 1262 gjorde Island det same, noko som lenge hadde vore eit mål for Håkon. Noregsveldet hadde no den største geografiske utstrekninga nokon gong. I 1263 rusta Håkon ut ein stor leidangsflåte og reiste til Skottland, for å beskytta Sudrøyane, (Hebridane), som hadde kome under angrep av skottekongen Alexander III. Med hjelp av vasallane sine, kongen av Sudrøyane og kongen av Isle of Man, gjenoppretta Håkon kontroll over Sudrøyane og sende og styrkar innover i landet. Forhandlingar med skottekongen vart trekt ut av skottane, fordi dei visste at Håkon til slutt ville få problem med å halda flåten sin samla så langt heimefrå. Ein del av flåten hans utkjempa ein trefning med ein større skotsk styrke ved Largs, i det som seinare har vorte kalla Slaget ved Largs, og vorte hevda som ein siger av både skottar og nordmenn. Ein irsk delegasjon kom til Håkon og tilbydde å husa han og flåten hans gjennom vinteren dersom Håkon ville hjelpa dei mot engelskmennene. Håkon ser ut til å ha vore interessert i forslaget, men mennene hans nekta. Då vinteren kom hadde han ikkje klard å tvinga fram ei avgjersle i striden med skottekongen. Han sjølv reiste tilbake til Orknøyane for vinteren, medan mesteparten av flåten vende heim til Noreg.

Medan Håkon var på Orknøyane vart han sjuk, og døydde 16. desember 1263. Han vart gravlagd for vinteren i St. Magnuskatedralen i Kirkwall. Då våren kom vart lekamen hans brakt attende til Noreg og han vart gravlagd i KristkyrkjaHolmen i Bergen. Denne kyrkja vart riven i 1531, staden der ho sto, på det som i dag er Bergenhus festning, er i dag avmerka med ein minnestein.

På dødsleiet stadfesta Håkon at han berre visste om ein son som overlevde han, Magnus, som vart konge etter han.

Syn på Håkon sitt styre

Norske historikarar har hatt svært ulike syn på Håkon Håkonsson si regjeringstid. På 1800-talet, då nasjonsbyggjing var eit viktig mål for historikarar, vart Håkon sett som den mektige kongen som avslutta borgarkrigane, og regjerte over det største norske riket nokonsinne. P.A. Munch er representativ for dette synet. Tidleg på 1900-talet kom ein reaksjon mot dette synet. Håkon vart no sett som ein uviktig og gjennomsnittleg mann, som tilfeldigvis var konge då det var gode tider for det norske kongedømet. Dette var særskilt synet til marxistiske historikarar, som med sin historiske materialisme gjerne tonar ned betydninga til enkeltpersonar i forhold til større historiske og økonomiske prosessar. Halvdan Koht var typisk for dette synet. Koht, og mange andre historikarar, vurderte dessutan Håkon opp mot Skule, og valde side i denne 700 år gamle strida. Håkon vert òg ofte samanlikna med farfaren, kong Sverre, og mange meiner at han ikkje var ein like dynamisk og karismatisk leiar som Sverre var. I nyare tid har Sverre Bagge påpeika at det meste av det me veit om både Håkon og Sverre kjem frå sogene deira, som er å rekna som offisielle biografiar. Difor veit me ikkje meir om deira karakterdrag og personlegdom enn det forfattarane av sogene har vald å fortelja oss, og dette igjen kjem an på kva forfattarane sitt mål var med å skriva sogene. Me har difor eit tynt grunnlag for å samanlikna Håkon og Sverre, og ei slik samanlikning kan verka lite meiningsfylt.

Det som er klart er at Håkon vart fødd inn i eit samfunn herja av krig, væpna gjengar og krigsherrar, og døydde som den uomstridde herskaren over eit stort og internasjonalt respektert kongedøme, der kongemakta hadde vorte klart styrka. Håkon mottok sendemenn og utveksla gåver med herskarar så langt borte som Tunis, Novgorod og Castilla. Ved hoffet hans vart høvisk ridder-litteratur frå kontinentet og bibelske soger omsett til gamalnorsk. Han sto for større byggeprosjekt i stein, noko som var kostbart i Noreg på denne tida. Han fekk mellom anna bygd Håkonshallen i kongsgarden på Holmen i Bergen. Håkon sto òg for større lovarbeid, mellom anna vart blodhemn forbode.

Etterkomarar

Med frilla Kanga Unge:

Med kona, Margrete Skulesdotter (Margrét Skúladóttir):

  1. Olav (Óláfr) (1226–?). Døydde som spebarn.
  2. Håkon (Hákon) (Håkon Unge) (1232–1257). Vart gift med Rikitsa Birgersdotter, dotter av den svenske jarlen Birger. Vart gitt kongsnavn av faren i 1239, døydde før faren.
  3. Kristin (Kristín) (1234–?). Gifta seg med den spanske prinsen Felipe, bror til kong Alfonso X av Castilla i 1258. Ho døydde barnlaus.
  4. Magnus (Magnús) (1238–1280). Vart gitt kongsnavn etter at Håkon Unge døydde. Krona i 1261 etter brudlaupet med den danske prinsessa Ingebjørg Eiriksdotter.

Håkon Unge og Magnus vart gitt kongsnavn medan faren endå levde for å sikra ei fredeleg arvefylgje når Håkon døydde, men så lenge han sjølv var i live var det Håkon som var den øvste herskaren.

Litteratur

Hovudkjelda vår til kunnskap om Håkon er Hákonar saga Hákonarsonar (Soga om Håkon Håkonsson), som vart skriven i 1260-åra, berre få år etter Håkon sin død. Soga vart bestilt av sonen hans, Magnus Lagabøte, og vart skriven av den islandske sogeskrivaren og høvdingen Sturla Þórðarson, ein nevø av Snorre Sturlason.

Ei litterær behandling av Håkon sin strid med Skule finn me i Henrik Ibsen sitt skodespel Kongsemnerne, frå 1863.

Kjelder


  Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Håkon IV Håkonsson» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.



Forgjenger:
 Inge Bårdsson 
Konge av Norge
Etterfølger:
 Magnus Lagabøte