Håvard Hedde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han.

Barndom og ungdomsår

Det fyrste ein veit om han er at han vart døypt i Valle prestegjeld den 16. juli 1758[1], og han var nok fødd ikkje lenge før dette. Foreldra var Folke Torjusson Helle (omkr. 1708–1776) og Targjerd Håvardsdotter Viki (1721–1781) frå plassen Heddemone under garden Helle[2]. Namnet han er kjend under er den lokale uttala av Helle, som er mest som Heddivallemål. Garden låg i Hylestad sokn, så Håvard vart truleg døypt i gamle Hylestad kyrkje (riven omkring 1838), men kyrkjeboka nemner ikkje kva for kyrkje dei einskilde handlingane gjekk føre seg i. Foreldra gifte seg i 1741, og fekk fleire born før Håvard kom til verda. Då den siste av ungane kom i 1764 budde dei på Nedre Langeid i Bygland, ein stad som vert nemnd i visa om Håvard. Bygdeboka for Hylestad nemner seks born[3], medan bygdeboka for Bygland har sju[4].

Ungane i familien var ifylgje Bygland: Gard og ætt band I:

  • Torjus, fødd på Helle 1742, død 1742 fire månader gamal.
  • Torjus, fødd på Viki 1743, død 1743 fire månader gamal.
  • Torjus, fødd omkr. 1745, døydde ugift på Helle 1765. Han er berre nemnd i bygdeboka for Bygland, ikkje i bygdeboka for Valle.
  • Anne, fødd omkr. 1747, gift med Svenke Tarjeisson Uppstad i 1771.
  • Åslaug, fødd omkr. 1751 på Viki, gift med Halvor Jonsson Hegland i 1781.
  • Håvard, fødd 1758 på Helle.
  • Tarjei, fødd 1764 på Langeid. Ikkje nemnd i kjelder etter 1784. Fødd i Bygland; alle dei andre var fødde i Hylestad i Valle.

I gards- og ættesoga for Hylestad finn ein meir om faren. Folke Torjusson var son av Torjus Såvesson Helle (omkr. 1647–1717), som var brukar på Der sør, bruk nummer 9 på Helle[5]. Same kjelde fortel at han truleg var gift med Åslaug Knutsdotter (omkr. 1667–1756), og at dei hadde dei tre borna Knut (omkr. 1696–1766), Eli (omkr. 1699–1762) og Folke. Knut vart oppsittar på Der sør, medan Folke kom til Heddemone. Torjus kan ifylgje ættesoga ha vore son av Såve Gunnarsson på Rishaug, bruk nummer 4 på Helle, men dette kan ein ikkje vite sikkert. Om det stemmer kan ein fylgje slekta endå ein led bakover, til Gunnar Sigurdsson som døydde ein gong før 1610[6].

I 1776 fekk Håvard sitt fyrste møte med rettsmakta[7]. Han miste det året far sin, som vart gravlagd i Valle prestegjeld den 12. mai 1776[8]. I juni same året fekk presten i Valle høyre frå Knut Arnesson Homme at Håvard hatt hatt seksuell omgang med ei ku. Dette var ei særs alvorleg skulding. Lova sa at den som var skuldig i slikt skulle straffast med «Baal og Brand». No brann dei ikkje lenger folk her i landet i 1776, men Håvard kunne verte halshoggen om han var dømd og dei ikkje fann formildande omstende som kunne gje kongeleg nåde. Lensmannen vart sett i sving, og den 18. juni 1776 vart saka meld til futen.

To dagar seinare vart Håvard og fleire vitne avhøyrde. Håvard nekta, og forklåra at han i pinsa skulle gjeste mor si på Helle. Ved Rysstad-dammane hadde han losna på buksene for å gjere frå seg, og nokon måtte ha misforstått kva som hende. Han peika òg på at han ikkje var konfirmert og berre var 17 år gamal. Vitna var den atten år gamle Ole Arnesson Rysstad og sekstenåringen Torjus Hallvardsson Rysstad. Dei fortalde at dei hadde sett Håvard ved ei ku, men Ole måtte medgje at dei hadde stått langt unna, og at dei ikkje hadde kunna sjå lemen til Håvard. Torjus var ikkje konfirmert, og var eit dårleg vitne, og når Ole òg trekte seg trudde ikkje futen på dei. Han kalla det «Sladder og Børneværk», og Håvard vart løyst. Saka vart send til stiftamtmannen, men det er ikkje spor etter noka tiltale. Ein kan sjå dette som eit teikn på at Håvard vart utsett for mobbing i unge år. Familien hadde dårlege kår, og betre vart det nok ikkje når faren døydde. Ei skulding som den Håvard fekk mot seg kunne vere ei tung bør, sjølv om han ikkje vart dømd, for bygdesnakket gjekk.

Militærtenest og frieri

I 1778 vart Håvard innkalla til militæret[9]. Han kom i 2. råbyggelagske kompani, som var under 1. vesterlenske infanteriregiment. Våren 1779 vart han konfirmert i Valle prestegjeld, 21 år gammal[10]. Dette var seint, noko som var vanleg om ein hadde dårlege kunnskapar i kristendom. Skulegangen hadde det nok vore så som så med. I dei militære rullane finn ein informasjon om Håvard. I ei rulle frå 28. februar 1780 for det 2. råbyggelagske kompani står at han var i avdelinga frå våren 1778, og at han var 66 tommar høg. Dette er om lag 172-173 cm, om ein standard tomme på 2,61 cm vart nytta, og det er noko høgare enn normalen på 64-65 tommar.

I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes[11]. Om det var på hausten 1785 han var på Langeid var nok dei to festa. Sordal vert nemnt i den munnlege tradisjonen, og Birgit budde jo der i 1802. Men Anne hadde også band til den garden, for far hennar, Knut Halvorsson, kom derifrå og eigde ein gard under Sordal.

Håvards militære karriere endte i 1788, då han deserterte den 19. september[12].

Straffesak

Tidleg på året 1792 var Håvard arrestert i Tvedestrand for å ha kome med trugsmål[13]. Han skal ha vore rusa så han mest ikkje kunne gå, og skjelte og banna. Det vart og nemnd at han tagg i byen. Den 30. januar 1792 vart han avhøyrd i Albrekt Nilsen sitt hus i Tvedestrand. Albrekt vitna mot han, og fortalde at Håvard hadde kome omkring klokka tre om ettermiddagen og forlangte å få liggje der om natta. Då Albrekt sa nei skal Håvard ha sagt at det måtte vere betre å gi han husly enn at huset skulle stå i lue og brann. Han skal også ha trua med å slå og rive Albrekt i stykker. Albrekt fikk tak i ein annan mann, som hjelpte han å kaste ut Håvard. Då skal Håvard ha sagt at han var tilskodar då det brende på gardane Bråstad og Mjåvatn før siste jul. Albrekts tenestejente vitna også, og sa det same som mannen i huset. Dei hadde klart å få ut Håvard, og saken kunne nok ha endt der, men då Håvard kom attende og trua på ny måtte dei gå til lensmannen.

Den 3. februar 1792 fekk Håvard Hedde forklare seg i arresten på Haugerød i Øyestad. Han sa at han var førti år gammal – han ver 34 – og at han hadde budd hos systera som var gift med Svenke Rysstad dei siste seksten åra. Om det stemmer hadde han budd hos henne sidan omkring tida då faren døydde i 1776. Han sa også at han hadde vore soldat i ti år, noko vi veit frå dei militære rullane at er rett. Då kompaniet marsjerte mot Sverige i 1788 fekk Håvard løyve frå kapteinen til å forlate avdelinga for å søkje jobb i Kragerø. Dette stemmer nok ikkje, for det står som nemnd at han hadde desertert. Han fortalte då også at fire soldatar hadde kome til Kragerø for å hente han, men at han hadde jobba i skogen og såleis unngjekk dei. At soldatane marsjerte mot Sverige skuldast den såkalla tyttebærkrigen i 1788, eit mislukka norsk felttog som var ein del av ein større europeisk konflikt. Det ser ikkje ut til at han vart straffa for deserteringa. Stiftamtmannen kontakta militæret for å finne ut om Håvard stod i rullane framleis, men han var skrive ut. Hadde han vore under militæret sin jurisdiksjon kunne det ha vore bra for han, for dei tok gjerne lettare på trugsmål enn dei sivile domstolane.

Etter å ha vore i militæret skal han ha budd i Setesdal hausten 1788, før han drog til Arendal. Så vandra han rundt og tagg eller tok arbeid der han kunne finne det i Telemark, Nedenes og Råbyggjelaget. Han hadde ikkje pass eller noko anna dokument som gav han løyve til å vandre omkring.

Våren 1790 traff han ei jenta ved namn Åslaug, og ho vart gravid. Dette hende nok under vandringane hans. Meir om dette kjem nedanfor.

Rundt juletid 1791 vart han sendt til Råbyggjelaget av lensmannen i Holt, då han var lausgangar utan pass. Han fekk ikkje arbeid i Råbyggjelaget, og gjekk til Tvedestrand. Så kom hendinga med Albrekt Nilsen. Håvard meinte nok at det ikkje var så ille, og skal ha forklara at «kan det vel hænde sig at han gav nogle onde Ord i sin Drukkenskab». Han sa at han ikkje hugsa nokre trugsmål, då han var «meget beskiænket». Han sverga på at han ikkje hadde truga nokon, og sa også at han ikkje hadde vore på Bråstad og Mjåvatn og såleis ikkje kunne ha sett brannane der. Han sa også at siste gong han var til alters var nær Skien eit år tidlegare.

Frå avhøyret får vi også vite noko om Håvards lynne, slik han sjølv såg det. Han sa at han hadde vore som forvilla sidan ungdomsåra, og at han kunne verte rasande, særleg når han hadde fått for mykje sterk drykk. Dette var nok meint som eit forsvar, men det kan nok også vere ei god skildring. Etter at avhøyra var tatt vart saka sendt til stiftamtmannen. Han tok ut sak mot Håvard Hedde i brev til sorenskrivaren i Nedenes den 14. februar 1792.

Retten vart sett i Nedenes den 12. mars 1792. Håvard vart sittande i arresten fram til saka kom opp. I retten sto han ved forklaringa frå 3. februar, og gav også nokre fleire opplysningar, mellom anna, om kvar han hadde budd det siste året. Han hadde som nemnd vorte sendt frå Holt til Råbyggjelaget, men nå sa han at han ein gong til hadde vorte kaste ut frå Holt prestegjeld og sendt til Vegårshei. Både gonger skal han ha vorte hardt behandla, bunde på hender og føter og føysa rundt utan at han fekk vite kvifor. Så drog han heim til Setesdal, der han berre var i tre veker før han drog vidare til Raulandstranden i Øvre Telemark. Der fekk han hogst- og slåttearbeid. Så var han i Skien, der han hjelpte ein slaktedrivar i omkring tre veker. Han drog til Lundereid i Sannidal, og grov grøfter i lengre tid. Så vart han sjuk, og reiste omkring i Gjerstad, Holt, Austre Moland og Arendal og tagg til det han trengde. Han skal ha kome til Tvedestrand frå Austre Moland den 5. januar 1792 for å søkje arbeid eller almisser. Håvard fortalde også at han hadde gått til alters i Hylestad kyrkje i 1788, i Gjerpen kyrkje i 1789 og i Lårdal kyrkje i 1790. Han sa at han aldri hadde vore tiltalt for noko, og det er nok også rett. Saka med kua i 1776 var avvist, og lensmannen i Holt hadde berre kasta han ut av prestegjeldet utan å føre sak. Nok ein gong sa han at han ikkje hadde vore på Bråstad eller Mjåvatn, men han kjende til brannane då han hadde vore tre netter hos enka på husmannsplassen Reierselmoen i Froland juli 1791. I Fjære hadde han aldri vore.

Håvard sa at han aldri hadde vore gift, og at han budde hos systera på Rysstad i Hylestad sokn. Han meinte at om han hadde kome med trugsmål måtte det ha vore i drukkenskap, og så innrømde han å ha sagt «Det var bedre for Dig at laane mig Huus end at see Lue om Dig inden i Morgen». Albrekt skal før han ba om husly ha gjeve Håvard ein liten dram og eit stykkje brød. Han innrømde også at han ikkje hadde pass, men kjende ikkje til at ein måtte ha det for å vandre mellom sokn.

Det gjekk ikkje så aller verst med Håvard. Domaren meinte at trugsmålet var ein «… Kaadmundenhed, som gierne følger med et af Brendeviin ophidset Sind …». Ein så gjerne mildare på det som vart sagt i drukkenskap. Han fekk ikkje nokon straff for trugsmåla, berre for lausgang og tigging. Etter ei forordning frå 1754 vart han sendt til tukthuset i Kristiansand for å arbeide der i to månader. Forstandaren der var Michael Glückstad, som var Henrik Wergeland sin filleonkel. 20. mars vart domen underteikna, og 29. mars kom han til tukthuset. Han vart slept ut to månader seinare, den 29. mai. I fangeprotokollen står det at han var førti år gammal; Håvard må ha trudd at han var det. Han oppførte seg godt på tukthuset. Det er ikkje skrive om noko problem i protokollen. Det kan jo tyde på at Håvard Hedde ikkje var så vanskeleg å ha med å gjere når han ikkje hadde brennevin.

Familie

Håvard og Åslaugs første son, Håvard Håvardsson, vart døypt i Holt kyrkje i desember 1790.
Foto: Inger Eik (2009)

Som nemnd traff Håvard i 1790 ei jente som hette Åslaug. Ho er kjend som Åslaug Skouen, og reknast av Eilert Sundt i fanteforteikninga 1862 som stammor til fantefølgjet «Skouen-folket»[14]. Både Åslaug og Håvard er nemnd hos Sundt; både hadde då for lengst gått bort. Kyrkjebøkene fortel at Håvard og Åslaug fekk to søner og ei dotter. Sønene vaks opp, mens dottera døydde ung.

Sundt nemner at Åslaug, eller «Aslaug Skouen» som han kalla henne, var frå ein god bondefamilie i Bamble. Mora hennar skal ha vore dotter av Halvor og Ingebord Mostad i Gjerstad. Ho vart tidleg enkje, og byrja å tigge. Ho traff så «en omstrygende fordrukken Handler fra Sætersdalen, som hed Haavar Hedde», og fekk sonane Torjus og Håvard med han. Visa om Håvard Hedde vart trykt fyrste gongen om lag ti år før Sundt skrev desse orda, men det ser ikkje ut til at han kjende ho.

Frå andre kjelder veit vi at foreldra hennar var Lars Olsson Ås og Ingeborg Halvorsdotter, som budde mellom anna i Sannidal og på Skauen under Masterød i Bamble. Det er frå Skauenplassen at ho hadde namnet Skouen. Då ho tok imot nattverd i Arendal den 2. juli 1790 oppgav ho at ho var enkje etter Nils Svendsen, og budde hos Christen Ørbeck. Trulovinga mellom Nils og Åslaug står i kyrkjeboka for Bamble, og fann sted den 22. november 1781. Korkje Håvard eller Åslaug ser ut til å ha vore av romanifolket, «tatere». Sundt omtala omstreifarfølgjer, utan å ta omsyn til opphavet.

Den fyrste sonen deira, Håvard Håvardsson, vart døypt i Holt prestegjeld den 27. desember 1790[15]. Mora til den uektefødde guten var «Oslou Larsdaatter», og faren «Haavor Terkelsen Helle fra Valle udj Sætterdal». Namnet hans stemmer ikkje, men at Folkesson og Tarkjelsson skal ha vorte blanda saman er ikkje å strekkje seg så langt. Den seinare historie viser at det utan tvil var Håvard Hedde som var barnefaren. Guten vart døypt Håvard Håvardsson, og han var den einaste med dette namnet i Holt dette året. Åslaug vert omtala som ei «omreisende Løsqvinde», ein omstreifar. Håvard var ikkje saman med Åslaug då sonen vart døypt, og dei såg nok ikkje kvarandre att før etter saken i Tvedestrand og tukthusopphaldet.

Dei må ha møtt kvarandre att i 1792 eller 1793. I sistnemnde år fekk dei ei dotter, som fekk namnet Alov og vart døypt i Drangedal prestegjeld den 3. november[16]. Alov var ei form av namnet Åslaug. Ho døydde i 1797, og vart gravlagd frå Gjerstad kyrkje den 24. november[17]. Ho er ført som «Pigeb. Allov Haavorsdater», dotter at omstreifarane «Haavor Helle og Oslou Skoven». Kyrkjeboka fortel at ho døydde av kopperByholt. Det står også at dei var utanbygds frå og ikkje hørte til i soknet.

Håvard og Åslaug ser ut til å ha levd saman etter at han hadde vore på tukthuset, og i 1797 fekk dei sonen Torjus Håvardsson. Dei hadde ikkje gifta seg, så han var også uektefødt. Han vart døypt i Gjerstad fyrste sundagen i fasten 1797[18], og skal ha vore født på Moen under Moe den 3. mars same år. Presten skreiv at dei «løber om» med tre born, og dette var det fjerde. Det er ingenting i kjeldene som tyder på at dei hadde fleire born saman, men Åslaug hadde born frå fyrste ekteskap. Eilert Sundt nemner to born, Halvor Nilsson og Ingeborg Nilsdotter[19].

I folketeljinga 1801 har det vore lett grundig etter Håvard, Aslaug og ungane, men ingen har funne dei. Dei kan ha vore på vandring, for hadde ein ingen fast bustad ville ein ikkje så lett bli telt. Men dei kan også ha vore attende i Holt, for dette prestegjeldet er et av dei få som manglar i folketeljinga.

Håvard sin død

Håvard kom tilbake til Setesdal i 1802, og døydde der. Han vart gravlagt frå Austad kyrkje i Bygland 27. august 1802[20], og må ha vorte lagt på Austad gamle kyrkjegard. Også denne kyrkje vart seinare reven og erstatta av ei ny. Kyrkjeboka fortel at han var femti år gammal, men han var berre 44 - heilt sidan rettssaka ti år tidlegare hadde Håvard rota med alderen sin.

Den munnlege tradisjonen i Setesdal fortel at han drukna nær Sordal i Austad sokn. Jenta han hadde fridd til skal ha flytta frå Langeid til Sordal. I ein versjon av soga skulle han vitje gamlekjærasten. Han ville vasse over Otra, og vart åtvara. Tradisjonen seier at han optimistisk svara «Å, heddissen e’ lang’e». Omkring 172 centimeter var han, og om tradisjonen har rett var ikkje det nok. Kyrkjeboka fortel ikkje noko om dødsårsaka. Den munnlege tradisjonen styrkast av at den plasserer Håvard i Austad, der han er gravlagt, men om han verkeleg drukna eller ikkje kan vi ikkje vite sikkert.

Sonene til Håvard, Håvard (1790–1864) og Torjus (1797–1872), var omstreifarar og dei vart begge dømd for brotsverk seinare i livet. Både fekk fleire born, og det er sannsynleg at det lever etterkommarar etter dei.

Visa om Håvard Hedde

Magnus Brostrup Landstad var den fyrste som skreiv ned visa om Håvard Hedde, litografi av Johan Nordhagen
Foto: Oslo Museum (rundt 1870).

Fyrste gongen visa om Håvard Hedde vart trykt var i Magnus Brostrup Landstad sin samling Norske Folkeviser frå 1853. Teksten slik han står der lyder[21]:

Eg heiter Hávard Helle
og er sá vén ein kar,
no vil eg burt og gifte meg
og rydja meg ein gard.
Refreng:
Eg bur opp under fjell,
og genta hev eg lovad
eg svik 'a inki lell.
Eg heiter Hávard Helle
og bur up under nút,
no vil eg burt og gifta meg
eg vil 'ki lenger gange gút.
Refreng
Garden den er liten
men skogin den er god,
eg heve der tvo furur
og dei skal stá i ro.
Refreng
Og når det lid pá tida
og boni aukar pá,
så hogg eg ned den eine,
den andre læt eg stá.
Refreng
Den andre læt eg vakse
ded heve ingjo naud,
eg tar ei stor likkiste
en gáng når eg er daud.
Refreng
Det var no inki undrands
at Hávard totte vónt,
han reiste ifrá Langeid
den myrke haustenott.
Refreng
Han reiste ifrå Langeid
og dá var genta fest,
men ded var med ein annan
ded hev ein trega mest.
Refreng

Landstad har også ein merknad til songen. Han fortel at det er ei sann historie om ein setesdøl som tok seg så nær av at hans utkåra elska ein annan at han vart eit ulykkeleg menneskje. Ein veit ikkje kor gammal visa er, men truleg vart ho skriven i tida etter at Håvard døydde i 1802. Det har vore gjetta på at Håvard sjølv kan ha skrive dei fyrste fem versa, men dette kan ein ikkje vite.

Det finst fleire versjonar av songen, men innhaldet er stort sett det same - det er stavinga og ordvalet som varierer mest. Ikkje minst skrivast namnet no alltid som Hedde, ikkje Helle slik Landstad skreiv det. Eit unntak er femte verset, som i ein nyare versjon lyder «Men når me verte gamle / og kvar ska hava sitt, / så høgg eg ned den andre, / og då er skogen kvitt.» - inga likkiste i denne versjonen. I ein annen versjon brenn han det andre treet til tjøre. Melodien som vert nytta er ei gammal folketone. Den vart tatt inn i Hulda Garborg sin samling, Norske dansevisur frå 1920[22], og har vorte ein standardversjon.

Referansar

  1. Valle, Ministerialbok nr. A 2 (1745-1776), Kronologisk liste 1759, side 34
  2. Ryningen, 1985, s. 173.
  3. Ryningen, 1985, ss. 173-174.
  4. Vollen, 2002, s. 227.
  5. Ryningen, 1985, s. 145
  6. Ryningen, 1985, s. 114
  7. Jf. Statsarkivet i Kristiansand sin nettutstilling.
  8. Valle, Ministerialbok nr. A 2 (1745-1776), Døde og begravede 1776, side 77
  9. Jf. Statsarkivet i Kristiansand sin nettutstilling.
  10. Valle, Ministerialbok nr. A 3 (1776-1790), Kronologisk liste 1779, side 15
  11. Jf. Statsarkivet i Kristiansand sin nettutstilling.
  12. Jf. Statsarkivet i Kristiansand sin nettutstilling.
  13. Jf. Statsarkivet i Kristiansand sin nettutstilling.
  14. Fantefortegnelsen 1862, nr. 216-220.
  15. Holt, Ministerialbok nr. A 3 (1765-1798), Fødte og døpte 1791, side 142-143
  16. Drangedal, Ministerialbok nr. 3 (1768-1814), Fødte og døpte 1793, side 130-131
  17. Gjerstad, Ministerialbok nr. A 3 (1780-1815), Kronologisk liste 1797, side 65
  18. Gjerstad, Ministerialbok nr. A 3 (1780-1815), Kronologisk liste 1797, side 64
  19. Fantefortegnelsen 1862, nr. 216 og 217.
  20. Bygland, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1816), Døde og begravede 1805, side 194
  21. Landstad, 1853, CXVII.
  22. Garborg, 1920, s. 83.

Kjelder

Vidare lesing med meire