Hærens Overkommando

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2010 kl. 08:37 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hærens Overkommando''' (HOK) vart etablert under leiing av general Otto RugeØyer i Gudbrandsdalen dagane etter 12. april 1940. Det var tidlegare ikkje noka felles …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hærens Overkommando (HOK) vart etablert under leiing av general Otto RugeØyer i Gudbrandsdalen dagane etter 12. april 1940. Det var tidlegare ikkje noka felles leiing for Forsvaret som kunne koordinere verksemda i utanriks- og forsvarsdepartementet, generalstaben (hæren), admiralstaben (marinen) og allierte styrkar i krise og krig.

Kommanderande admiral stilte seg og Marinens Overkommando under HOKs kommando, men det fekk mindre betydning fordi det knapt fanst samband til dei attveande fartøya.

HOK fekk òg tilført militære britiske og franske koontaktoffiserar og direkte radiosamband til London, noko som letta koordineringa av operasjonane.

23. april evakuerte HOK frå Øyer og 28. april frå Brennhaugen på Dovre til Lesja og Nordmøre. Om kvelden 1. mai reiste så Ruge med stab nordover frå Molde med eit britiske marinefartøy. Dei kom fram til Tromsø 3. mai kl 11.00.

Etter at konge, regjering og overkommando hadde flytta til Tromsø vart leiinga av operasjonane koordinert under Forsvarets Overkommando, etablert ved kongeleg resolusjon 18. mai 1940.

Kjelde

  • Hobson, Rolf og Tom Kristiansen 2001: Norsk forsvarshistorie 1905-1940. Eide, s. 263.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Bind II. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 167, 218, 278.