Høle kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Høle kommune i Rogaland vart etablert under namnet Høgsfjord i 1842, då området vart utskild frå Strand kommune. Namneendringa til Høle kom i 1871, då Forsand kommune vart utskild. I 1965 vart mesteparten av Høle ein del av den nye storkommunen Sandnes, saman med Sandnes by, Høyland og delar av Hetland. Oltesvikområdet i Høle vart derimot lagt til Gjesdal kommune. Då kommunen vart avvikla, budde det 963 personar i Høle, fordelte på 110 kvadratkilometer. Tidlegare Høle kommune utgjer Høle sokn, som i 2014 hadde 1035 innbyggjarar.

Kjelder og litteratur