Høyanger

Sideversjon per 11. sep. 2018 kl. 07:43 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Høyanger er ein tettstad og administrasjonssenteret i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg inst i Høyangsfjorden, og har nær 2200 innbyggjarar (2016). Høyanger vart regulert som ein industriby av arkitektane Christian von Munthe af Morgenstierne og Arne Eide i 1917, på oppdrag frå industrieigarar som Sigurd Kloumann.

Kommunehuset i Høyanger.
Foto: Siri Iversen (2017).

Høyanger Metallverk, som er ein del av Norsk Hydro, produserer råaluminium og anna. Aker Kværner har òg stor aktivitet med industrielt vedlikehald, og bilfelgfabrikken Fundamus leverer felgar mellom anna til Audi.

Namnet kjem frå norrønt hey, 'høy' og angr, 'fjord' og var opphavleg namnet på Høyangsfjorden.

Litteratur og kjelder