Høyanger kommune

Sideversjon per 12. feb. 2020 kl. 10:01 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Høyanger kommune ligg i Ytre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane) og grensar til Fjaler og Gaular i nord, Sogndal og Vik i aust, Modalen og Masfjorden i sør og Gulen og Hyllestad i vest. Administrasjonssenteret er tettstaden Høyanger. Andre tettstader i kommunen er Austrheim og Kyrkjebø. Kommunen vart oppretta i 1964, då Lavik og Kyrkjebø kommunar vart samanslegne. Eit par garder i Vik vart òg lagt til den nye kommunen.

Høyanger kommune
1416 Hoyanger komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4638
Fylke Vestland
Kommunesenter Høyanger
Areal 839.01  km²
Areal land 839.01  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 3 949 (2023)
Grunnlagt 1964
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Samfunnshuset i Høyanger med Høyanger bibliotek.
Foto: Siri Iversen (2017)

Høyanger er ein industrikommune. Største foretak er Norsk Hydro, med mellom anna Høyanger Metallverk. Det er òg fleire fabrikkar som lager bildelar. Det er stor kraftproduksjon i kommunen, noko som var ein føresetnad for etableringa av den kraftkrevjande industrien. Jordbruket er mindre viktig, men det er ein del husdyrhald i Høyanger.

Kjelder

Sjå også