Høydalen (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høydalen
Foto: Oddvar Høydalsvik

Høydalen er eit bygdelag på sørsida av Voldsfjorden i Volda kommune. Grenda består iflg. den nye Busetnadssoga av desse matrikkelgardane, rekna vestfrå: Høydalsneset (gardsnummer 85), Bøen eller Ytre Høydalen (gnr 84), Nedsteberget eller Rusta (Rusten) (gnr 83), Øvsteberget eller Øygarden (gnr 82), Dalen (gnr 81) Midgarden eller Indre Høydalen (gnr 80), Høydalsvikane (gnr 79) og Vikestranda (gnr 78).

I 1865 var det 17 gardsbruk i Høydalen. i år seinare var talet auka til 26, og i 1939 20 bruk. Av andre næringar må nemnast båtbygging, fyr- og merkearbeid og trevareverksemd.

Høydalen var lenge tilnærma veglaus. Det vart bygd ein smal kjerrevegn frå Fyrde og ut til Høydalsvikane i 1882, men den var knapt framkomeleg vinterstid, så båten var lenge viktigaste framkomstmiddelet.

Grenda hadde eigen skule til 1997 og har hatt butikk, ysteri og sandtak. I 1917 fekk dei eige kraftverk. Det har og vore to notlag her: Høydal notlag og Høydalsvik notlag (eit samla stornotalag før sist i 1940-åra).

I dag har grenda mykje samkvem med Austefjorden.

Litteratur

  • Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda kommune 2007 s. 7-37.

Mal:Stubb