Høydalen (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Høydalen.
Foto: Oddvar Høydalsvik

Høydalen er eit bygdelag på sørsida av Voldsfjorden i Volda kommune. Grenda består iflg. den nye Busetnadssoga av desse matrikkelgardane, rekna vestfrå: Høydalsneset (gardsnummer 85), Bøen eller Ytre Høydalen (gnr 84), Nedsteberget eller Rusta (Rusten) (gnr 83), Øvsteberget eller Øygarden (gnr 82), Dalen (gnr 81) Midgarden eller Indre Høydalen (gnr 80), Høydalsvikane (gnr 79) og Vikestranda (gnr 78).

I 1865 var det 17 gardsbruk i Høydalen. Ti år seinare var talet auka til 26, og i 1939 20 bruk. Av andre næringar må nemnast båtbygging, fyr- og merkearbeid og trevareverksemd.

Høydalen var lenge tilnærma veglaus. Det vart bygd ein smal kjerrevegn frå Fyrde og ut til Høydalsvikane i 1882, men den var knapt framkomeleg vinterstid, så båten var lenge viktigaste framkomstmiddelet.

Grenda hadde eigen skule til 1997 og har hatt butikk, ysteri og sandtak. I 1917 fekk dei eige kraftverk. Det har og vore to notlag her: Høydal notlag og Høydalsvik notlag (eit samla stornotalag før sist i 1940-åra).

I dag har grenda mykje samkvem med Austefjorden.

Andre artiklar om tema frå Høydalen (sjå òg under kategorien nedafor)

Gardssagene i Høydalen
Bruer i Høydalen
Ola Helset
Forankringsmast 83 på overføringslinja frå Ørskog til Sogndal.
Rinddalsstøylen
Notbåten «Trollet»
Feirdalen
MB «Frost»
L/L Vik Båtbyggeri
Løypestrengar i Høydalen
Kjeldearkiv:Ein tur til Volda med rutebåten

Litteratur


Koordinater: 62.071392° N 6.20831° Ø