Hallvard Bergh

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvard Bergh (fødd 1. desember 1850 i Gol, død 25. april 1922 i Vestre Slidre) var lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar.

Han voks opp på garden Ellestad i Vestre Slidre. I 1867 tok han lærareksamen ved Lands lærarskule, var lærar i heimbygda eit år, og drog så til USA. Der var han kyrkjesongar og lærar i Wisconsin eit par år, gjekk på Luther College i Decorah seks vintrar og held skule om somrane.

I 1876 fekk han studenteksamen og same hausten reiste han heim til Valdres. Frå 1878 til han søkte avskil i 1913, var han lærar i Høyne og Skjel krinsar i Lomen i Vestre Slidre.

Bergh tok tidleg til å samle folkeminne og gav ut fleire samlingar med eventyr, segner, ordtak, lokkar og gåter, dels på dialekt, dels på landsmål og dels på riksmål. Han skreiv og barnebøker som vart omsett til fleire språk. Forteljingane hans vart og prenta i Norsk Barneblad. Han gav ut diktsamlingane Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika (1915) og Norske dikt i utval (1916), under psevdonymet H. Høyne.

Bibliografi

  • Sogur m.m. fraa Valdris og Hallingdal. 1879
  • Nye Folke-Eventyr og Sagn fraa Valdres og Hallingdal. 1882
  • Nye Folke-Eventyr og Billeder fra Norge. 1886
  • Barneboka Reise te versens ende. 1889
  • Barneboka Hvorledes Maria sankede pengene. 1889
  • Fra fjord og lid og fjell. 10 forteljingar. 1903


05 Oppland vapen.png Hallvard Bergh er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.