Hallvard Ingolv Aarseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eidsøra skule i 1926 eller 1927, like etter at Aarseth byrja der. Han står bak til venstre.

Hallvard Ingolv Aarseth (fødd 4. oktober 1899 i Harøy i Sandøy kommune, død 1977) var lærar.

Han var son av Hallvard Aarseth (1870-1934) og Ingeborg f. Flovik. Familien budde i Øksendal, i noverande Sunndal kommune, der faren Hallvard var tilsett som lærar og kyrkjesongar. Hallvard I. Aarseth gjekk fyrst millomskulen i Volda, der han gjekk ut i 1917, og byrja så på Volda lærarskule. Aarseth tok eksamen i 1921.

Hallvard Ingolv Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1952)

Som nyutdanna var Aarseth lærar i heimbygda Øksendal 1921-24, dinest arbeidde han eit år ved Kjønnøy skule i Bremnes. Frå 1925 var han tilsett ved Eidsøra skule i Nesset kommune i Romsdal. Seinare var han ved Eidsvåg skule i same bygd.

I Nesset var han òg kommunerevisor, overformyndar og styreformann for gamleheimen. Hallvard I. Aarseth var dessutan lærarane sin representant i Nesset skulestyre.

Han var gift med Gudrun f. Angvik, dotter av bonde Martinus Angvik og Marit f. Brakstad. Paret fekk tre søner og fire døtrer.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker