Halsa prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Halsa kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Olve Utne (2009).

Halsa prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti vart utskilt frå Stangvik prestegjeld, der det er nemnt som annekssokn i 1589. Det vart oppretta som eige prestegjeld i 1876.

I 1813 vart gardane Indre Taknes, Ytre Taknes, Glåmen, Stigen, Kletten og Strand overført frå Edøy prestegjeld til Halsa sokn. I 1863 vart så gardsnummer 51–62 og 188–211 i Halsa sokn overført til det nyoppretta Straumsnes sokn i Tingvoll prestegjeld. I 1867 følgde Magnildberget med over til Straumsnes. I 1876 vart Halsa sokn utskilt frå Stangvik prestegjeld og Tustna sokn frå Edøy prestegjeld, og Halsa prestegjeld vart oppretta.

I 1880 vart gardsnummer 63–72 i Halsa overført til Tingvoll prestegjeld, og i 1914 ble gardsnummer 1–5 overført til Åsskard sokn i Stangvik prestegjeld. Dei delane av Ertvågøya som låg i Tustna og Valsøyfjord kommunar, vart frå 1. januar 1965 overført til Aure sokn i Aure prestegjeld. Innlandet krets vart overført frå Aure kommune til Halsa kommune i 1975, og året etter vart den kyrkjelege grensa justert tilsvarande.

Ved avskaffinga av prestegjelda i 2000-åra hadde Halsa tre sokn: Halsa, Tustna og Valsøyfjord. Prestegjeldet vart erstatta av Halsa kyrkjelege fellesråd.

Sokneprestar

Kjelder