Forskjell mellom versjoner av «Halvor Hoel»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
Linje 5: Linje 5:
  
 
== Familie, sosial bakgrunn og miljø ==
 
== Familie, sosial bakgrunn og miljø ==
Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå [[Vardal]] (1739–1818).  
+
Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå [[Vardal]] (1739–1818). Han hadde to sysken:
  
Faren hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var examinatus juris,<ref>Gihle og Sandberg 1982:48</ref> utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte. Han lærde også fektekunst. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte. Broren, stortingsmann [[Jacob Hoel]] (1775–1847) vart offiser og eigar av den gamle adelege setegarden [[Hovinsholm]] på [[Helgøya]].  
+
1)Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.
 +
2) Jacob (1775-1847),  stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden Hovinsholm.
 +
Gift med Anne Marie Tollefsen.
 +
 
 +
Faren Nils Halvorsen hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var «examinatus juris»,<ref>Gihle og Sandberg 1982:48</ref> utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Han lærde også fektekunst. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte. Broren vart offiser og eigar av den gamle adelege setegarden [[Hovinsholm]] på [[Helgøya]].  
  
 
På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel  ein [[proprietær]] framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i [[Grue]], [[Halvor Arntzen]]. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.<ref>T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48</ref>
 
På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel  ein [[proprietær]] framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i [[Grue]], [[Halvor Arntzen]]. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.<ref>T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48</ref>

Revisjonen fra 11. jun. 2012 kl. 08:04

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.

Halvor Hoel (fødd i NesHedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på ein av dei største gardane på Hedmarken. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for bondeaksjonane i 1818. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.


Familie, sosial bakgrunn og miljø

Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå Vardal (1739–1818). Han hadde to sysken:

1)Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna. 2) Jacob (1775-1847), stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden Hovinsholm. Gift med Anne Marie Tollefsen.

Faren Nils Halvorsen hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var «examinatus juris»,[1] utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Han lærde også fektekunst. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte. Broren vart offiser og eigar av den gamle adelege setegarden HovinsholmHelgøya.

På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel ein proprietær framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i Grue, Halvor Arntzen. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.[2]

Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Lars. Sidan fekk han sonen Ole med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap). Før dette var det eit sterkt gjensidig vennskapsforhold, kanskje med ekteskapstankar, mellom Halvor Hoel og - i tur og orden - to døtre av soknepresten i Ringsaker, Claus Bendeke. Den eine jenta døydde ung, og det vart heller ikkje noko meir av forholdet til den andre, etter seiande av di det ikkje var ønskt frå prestens side.

Halvor Hoel fridde på eit seinare tidspunkt til bondedottera Mari Olsdotter Vigerust på Dovre, men dette ekteskapet vart heller ikkje noko av.

Gardsbruk og økonomi

Hol gard på 1800-talet. Teikna av ein soneson av Halvor Hoel.

Far til Halvor døydde i 1780, da Halvor var 14 år gammal. Mora styrte da gardsbruket til ho overleverte det til Halvor i 1802. Han dreiv så garden i ca. 30 år, men hadde skøytt eigedomsretten over til eldste sonen Nils i 1824.

Hol var ein stor gard. I 1808 var det registrert 40 kyr og 16 hestar der.[3] I følgje folketeljinga 1801 var det eit tenarskap på 6-8 personar på sjølve garden. Det høyrer fire husmannsplassar til med 19 påbuande menneske. Medrekna eigen familie, som på teljingstidspunktet inkluderte Halvors syster Ingeborg Mørch med fire mindreårige born, var Anne Jacobsdotter på det tidspunktet matmor for 34 menneske.[4]

Halvor Hoel interesserte seg for forbetringar i landbruket, og vart særleg berømma for hagebruket på garden. Han oppnådde medaljar for gardsdrifta og hagebruket. Hagebruket var det forresten mora Anne Jacobsdotter som hadde sett i gang og må gjevast hovuddelen av æa for. I åra 1781-1790 fekk ho planta over 3000 frukttre, og dertil ei mengd bærbusker, og ho byrja med planteskule. Ho fekk Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskaps 2. gullmedalje for dette i 1790.[5]

Han var ein velståande mann, som vart likna for 170 spesidalar i tvungent innskot til Noregs Bank i 1816 (sølvskatten). [6]

Ideologi

Politikar og aksjonist

Referansar

  1. Gihle og Sandberg 1982:48
  2. T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48
  3. Kolstad, G. 2000:25.
  4. Folketeljinga 1801 for Hol.
  5. Kolstad, G. 2000:34
  6. Sølvskatten 1816.


Kjelder og litteratur

  • Gihle, Pål og Sanberg, Elisabeth: «Halvor Hoel», i Nes og Helgøya. Lokalhistorisk skrift 1982. Nes historielag 1982.
  • Hoel, Halvor: «I Anledning af en Præstes Klynken og Klager i Nationalbladet, ved at flytte fra det ene Kald til det andet, og aldri at finde Udkomme, tjene følgende, samt lidt om Borgeren, Bonden og Pengevæsenet», i Det Norske Nationalblad, hefte 4 side 88-93 (1816)
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Hoen i Norsk biografisk leksikon, (1934).
  • Kolstad, Gunhild: Nes Bygdebok, andre bind 3. del. Nes Historielag 2000.
  • Lindstøl, Tallak: Artikkel om Hoel i Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1. Kristiania 1914.
  • Sandberg, Per-Øivind: Artikkel om Hoel i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve