Forskjell mellom versjoner av «Halvor Hoel»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
Linje 29: Linje 29:
  
== Ideologi, politikk, aksjonisme ==
 
== Ideologi, politikk, aksjonisme ==
 +
 +
 +
=== Rasjonalist ===
 
I sitt tilhøve til religion og kyrkje, var Halvor Hoel sterkt influert av rasjonalistisk teologi. Venteleg var dette under påverknad av ein kapellan i bygda,[[Andreas Dahl]]. [[Biskop Pavels]] har omtala Dahl og uttrykt mellom anna dette om han: «Ham skyldes fornemmelig Halvor Hoels og øvrige nessogningers irreligiøsitet.»<ref>Gihle og Sandberg 1982:48. Jf. Koht, H. 1934:164</ref>
 
=== Unionsvenn ===
 
Hoel var etter alt å dømme tilhengar av union med Sverige i 1814. Han hadde kontakt med svenskane alt i 1813. Han var sidan i kontakt med [[C.H. Røslein]], den mest omtala av agentane som opererte for Carl Johan i Noreg.<ref>T.d. Pryser, T. 1985:289.</ref>
 
Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, [[bondeaksjonane 1818]], har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi. Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten». Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.
+
Hoel hadde seinare eit godt forhold til Carl Johan. Kongen sytte for å få redusert straffa han fekk etter hendingane i 1818, og både Halvor Hoel og broren fekk kongelege pensjonar og andre prov på kongeleg gunst.
 +
 
 +
 
 +
=== Tilhengar av einevelde? ===
 +
Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, [[Bondeaksjonene 1818|bondeaksjonane 1818]], har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi. Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten». Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.
  
 +
 +
=== Aversjon mot embetsstyre ===
 
Gjennomgåande i det som ligg føre av avisartiklar og skriftlege meiningsytringar frå Halvor Hoels hand, og som også gjennomsyrar dei to nemnde grunnlovsforslaga, er aversjonen mot embetsstyre og til dels mot sjølve embetsstanden, særskilt presteskapet. Det grunngjeve med prinsipielle synet at medan bønder og borgarstand er nærande stender, er embetsstanden tærande på samfunnets felles ressursar, slik at ein bør avgrense sistnemnde til det minste nødvendige.
 
=== Politiske verv ===
 
Hoel stilte seg disponibel som utsending til riksforsamlinga i 1814, men vart ikkje vald. Han vart derimot valt til Stortinget for Hedemarkens amt i 1815. Stortingsfleiratelet nekta å godkjenne han ved fullmaktsbehandlinga. Det var grunngjeve med at Hoel hadde vore klaga for alvorlege kriminelle forhold, nemleg medverknad til kyrkjeran, forehavt mord og meineid. Han vart frifunnen ved Akershus [[stiftsoverrett]] 8. juli 1817, stadfesta av [[Overkriminalretten]]. Derfor vart stortingsfleirtalet mistenkt for å hatt reine politiske motiv bak avvisinga av Hoel. Han var sjølv svært bitter over dette.
 
Ved det neste stortingsvalet i 1818 vart Hoel vald til fyrste varamann frå amtet.
 
Ved det neste stortingsvalet i 1818 vart Hoel vald til fyrste varamann frå amtet.
  
+
=== Det Halvor Hoelske bondeopprør ===
 +
Det herskar liten tvil om at Halvor Hoel var hovudmann bak den bonderøra som stundom blir gjeve hans namn. Men hans rolle var mest bakmannens. Han deltok for eksempel ikkje sjølv i dei to bondetoga mot hovudstaden. Han vart derfor fyrst frifunnen av domskommisjonen. Høgsterett omgjorde dette til eit års straffarbeid, medan kong Carl Johan gav benådning slik at straffen vart sterkt redusert.
  
Revisjonen fra 11. jun. 2012 kl. 09:50

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.

Halvor Hoel (fødd i NesHedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på ein av dei største gardane på Hedmarken. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for bondeaksjonane i 1818. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.

Familie, sosial bakgrunn og miljø

Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå Vardal (1739–1818). Han hadde to sysken:

1) Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.
2) Jacob (1775-1847), stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden HovinsholmHelgøya. Gift med Anne Marie Tollefsen.

Faren Nils Halvorsen hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var «examinatus juris»,[1] utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Brørne Halvor og Jacob lærde også fektekunst, og sistnemnde var ei tid fektelærar ved Krigsskolen. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte.

På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel ein proprietær framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i Grue, Halvor Arntzen. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.[2]

Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Lars. Sidan fekk han sonen Ole med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap). Før dette var det eit sterkt gjensidig vennskapsforhold, kanskje med ekteskapstankar, mellom Halvor Hoel og - i tur og orden - to døtre av soknepresten i Ringsaker, Claus Bendeke. Den eine jenta døydde ung, og det vart heller ikkje noko meir av forholdet til den andre, etter seiande av di det ikkje var ønskt frå prestens side.

Halvor Hoel fridde på eit seinare tidspunkt til bondedottera Mari Olsdotter Vigerust på Dovre, men dette ekteskapet vart heller ikkje noko av.

Gardsbruk og økonomi

Hol gard på 1800-talet. Teikna av ein soneson av Halvor Hoel.

Far til Halvor døydde i 1780, da Halvor var 14 år gammal. Mora styrte da gardsbruket til ho overleverte det til Halvor i 1802. Han dreiv så garden i ca. 30 år, men hadde skøytt eigedomsretten over til eldste sonen Nils i 1824.

Hol var ein stor gard. I 1808 var det registrert 40 kyr og 16 hestar der.[3] I følgje folketeljinga 1801 var det eit tenarskap på 6-8 personar på sjølve garden. Det høyrer fire husmannsplassar til med 19 påbuande menneske. Medrekna eigen familie, som på teljingstidspunktet inkluderte Halvors syster Ingeborg Mørch med fire mindreårige born, var Anne Jacobsdotter på det tidspunktet matmor for 34 menneske.[4] (I bygdeboka er opplyst at det dette året budde heile 42 personar på garden. Da er truleg ein landhandlarfamilie som budde på ein husmannsplass under Hol[5] også rekna med.)

Halvor Hoel interesserte seg for forbetringar i landbruket, og vart særleg berømma for hagebruket på garden. Han oppnådde medaljar for gardsdrifta og hagebruket. Hagebruket var det forresten mora Anne Jacobsdotter som hadde sett i gang og må gjevast hovuddelen av æa for. I åra 1781-1790 fekk ho planta over 3000 frukttre, og dertil ei mengd bærbusker, og ho byrja med planteskule. Ho fekk Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskaps 2. gullmedalje for dette i 1790.[6]

Halvor Hoel var ein velståande mann, som vart likna for 170 spesidalar i tvungent innskot til Noregs Bank i 1816 (sølvskatten). [7]

Ideologi, politikk, aksjonisme

Rasjonalist

I sitt tilhøve til religion og kyrkje, var Halvor Hoel sterkt influert av rasjonalistisk teologi. Venteleg var dette under påverknad av ein kapellan i bygda,Andreas Dahl. Biskop Pavels har omtala Dahl og uttrykt mellom anna dette om han: «Ham skyldes fornemmelig Halvor Hoels og øvrige nessogningers irreligiøsitet.»[8]

Unionsvenn

Hoel var etter alt å dømme tilhengar av union med Sverige i 1814. Han hadde kontakt med svenskane alt i 1813. Han var sidan i kontakt med C.H. Røslein, den mest omtala av agentane som opererte for Carl Johan i Noreg.[9]

Hoel hadde seinare eit godt forhold til Carl Johan. Kongen sytte for å få redusert straffa han fekk etter hendingane i 1818, og både Halvor Hoel og broren fekk kongelege pensjonar og andre prov på kongeleg gunst.

Tilhengar av einevelde?

Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, bondeaksjonane 1818, har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi. Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten». Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.

Aversjon mot embetsstyre

Gjennomgåande i det som ligg føre av avisartiklar og skriftlege meiningsytringar frå Halvor Hoels hand, og som også gjennomsyrar dei to nemnde grunnlovsforslaga, er aversjonen mot embetsstyre og til dels mot sjølve embetsstanden, særskilt presteskapet. Det grunngjeve med prinsipielle synet at medan bønder og borgarstand er nærande stender, er embetsstanden tærande på samfunnets felles ressursar, slik at ein bør avgrense sistnemnde til det minste nødvendige.

Politiske verv

Hoel stilte seg disponibel som utsending til riksforsamlinga i 1814, men vart ikkje vald. Han vart derimot valt til Stortinget for Hedemarkens amt i 1815. Stortingsfleiratelet nekta å godkjenne han ved fullmaktsbehandlinga. Det var grunngjeve med at Hoel hadde vore klaga for alvorlege kriminelle forhold, nemleg medverknad til kyrkjeran, forehavt mord og meineid. Han vart frifunnen ved Akershus stiftsoverrett 8. juli 1817, stadfesta av Overkriminalretten. Derfor vart stortingsfleirtalet mistenkt for å hatt reine politiske motiv bak avvisinga av Hoel. Han var sjølv svært bitter over dette.

Ved det neste stortingsvalet i 1818 vart Hoel vald til fyrste varamann frå amtet.

Det Halvor Hoelske bondeopprør

Det herskar liten tvil om at Halvor Hoel var hovudmann bak den bonderøra som stundom blir gjeve hans namn. Men hans rolle var mest bakmannens. Han deltok for eksempel ikkje sjølv i dei to bondetoga mot hovudstaden. Han vart derfor fyrst frifunnen av domskommisjonen. Høgsterett omgjorde dette til eit års straffarbeid, medan kong Carl Johan gav benådning slik at straffen vart sterkt redusert.

Referansar

  1. Gihle og Sandberg 1982:48
  2. T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48
  3. Kolstad, G. 2000:25.
  4. Folketeljinga 1801 for Hol.
  5. Folketeljinga 1801 for Hoel Lille
  6. Kolstad, G. 2000:34
  7. Sølvskatten 1816.
  8. Gihle og Sandberg 1982:48. Jf. Koht, H. 1934:164
  9. T.d. Pryser, T. 1985:289.

Kjelder og litteratur

  • Gihle, Pål og Sanberg, Elisabeth: «Halvor Hoel», i Nes og Helgøya. Lokalhistorisk skrift 1982. Nes historielag 1982.
  • Hoel, Halvor: «I Anledning af en Præstes Klynken og Klager i Nationalbladet, ved at flytte fra det ene Kald til det andet, og aldri at finde Udkomme, tjene følgende, samt lidt om Borgeren, Bonden og Pengevæsenet», i Det Norske Nationalblad, hefte 4 side 88-93 (1816)
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Hoen i Norsk biografisk leksikon, (1934).
  • Kolstad, Gunhild: Nes Bygdebok, andre bind 3. del. Nes Historielag 2000.
  • Lindstøl, Tallak: Artikkel om Hoel i Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1. Kristiania 1914.
  • Pryser, Tore: Norsk historie 1800-1870. Samlaget, Oslo 1985.
  • Sandberg, Per-Øivind: Artikkel om Hoel i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve