Halvor Hoel: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (hbr)
(29 mellomliggende versjoner av 7 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>[[Bilde:Halvor Hoel 1766-1852.jpg|thumb|<small>Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.</small>]]
<onlyinclude>{{thumb|Halvor Hoel 1766-1852.jpg|Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.}}
'''[[Halvor Hoel]]''' (fødd i [[Nes]] på [[Hedmarken]] [[4. februar]] [[1766]], død same stad [[5. mars]] [[1852]]) var gardbrukar på ein av dei største gardane på Hedmarken. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for [[Bondeaksjonene 1818|bondeaksjonane i 1818]]. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.  
'''[[Halvor Hoel]]''' (fødd [[Nes på Hedmarken|Nes]] på [[Hedmarken]] [[4. februar]] [[1766]], død same stad [[5. mars]] [[1852]]) var gardbrukar på [[Hol (Nes på Hedmarken)|Hol]], ein av dei største gardane på Nes. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for [[Bondeaksjonene 1818|bondeaksjonane i 1818]]. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.  
</onlyinclude>
</onlyinclude>


== Familie, sosial bakgrunn og miljø ==
== Familie, sosial bakgrunn og miljø ==
Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå [[Vardal]] (1739–1818). Han hadde to sysken:
Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå [[By (Vardal)|garden By]] i [[Vardal]] (1739–1818). Han hadde to sysken:


:1) Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.  
:1) Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.  
:2) Jacob (1775-1847),  stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden [[Hovinsholm]] på [[Helgøya]]. Gift med Anne Marie Tollefsen.
:2) Jacob (1775-1847),  stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden [[Hovinsholm]] på [[Helgøya (Ringsaker)|Helgøya]]. Gift med Anne Marie Tollefsen.


Faren Nils Halvorsen hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var «examinatus juris»,<ref>Gihle og Sandberg 1982:48</ref> utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Brørne Halvor og Jacob lærde også fektekunst, og sistnemnde var ei tid fektelærar ved [[Krigsskolen]]. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte.   
Faren Nils Halvorsen var «examinatus juris» 1757,<ref>[http://www.genealogi.no/content/examinati-juris-1736-1814-d-h Examinati Juris 1736-1814 (Norsk Slektshistorisk Forening)]</ref> dvs. at han hadde avlagt prøve i jus på morsmålet (ikkje latin). Han hadde neppe vore ved universitetet. Bokleg lærdom var ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Brørne Halvor og Jacob lærde også fektekunst, og sistnemnde var ei tid fektelærar ved [[Krigsskolen]]. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte.   


På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel ein [[proprietær]] framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i [[Grue]], [[Halvor Arntzen]]. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.<ref>T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48</ref>
På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel ein [[proprietær]] framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i [[Grue kommune|Grue]], [[Ole Arntzen]]. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.<ref>T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48</ref>
   
   
Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Lars. Sidan fekk han sonen Ole med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap). Før dette var det eit sterkt gjensidig vennskapsforhold, kanskje med ekteskapstankar, mellom Halvor Hoel og - i tur og orden - to døtre av soknepresten i Ringsaker, Claus Bendeke. Den eine jenta døydde ung, og det vart heller ikkje noko meir av forholdet til den andre, etter seiande av di det ikkje var ønskt frå prestens side.
<onlyinclude>Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han [[Nils Halvorsen Hoel|Nils]] (fødd 1800) og Ole (fødd 1804), same år fekk han sonen Lars med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap), og Nils vart eigar av Hoel-garden etter faren sin.</onlyinclude> Før dette var det eit sterkt gjensidig vennskapsforhold, kanskje med ekteskapstankar, mellom Halvor Hoel og - i tur og orden - to døtre av soknepresten i Ringsaker, Claus Bendeke. Den eine jenta døydde ung, og det vart heller ikkje noko meir av forholdet til den andre, etter seiande av di det ikkje var ønskt frå prestens side.


Halvor Hoel fridde på eit seinare tidspunkt til bondedottera Mari Olsdotter Vigerust på Dovre, men dette ekteskapet vart heller ikkje noko av.
Halvor Hoel fridde på eit seinare tidspunkt til bondedottera Mari Olsdotter Vigerust på Dovre, men dette ekteskapet vart heller ikkje noko av.


== Gardsbruk og økonomi ==
== Gardsbruk og økonomi ==
[[Bilde:Hol Nes Hedmark.jpg|thumb|Hol gard på 1800-talet. Teikna av ein soneson av Halvor Hoel.]]
{{thumb|Hol Nes Hedmark.jpg|Hol gard på 1800-talet. Teikna av ein soneson av Halvor Hoel.}}
Far til Halvor døydde i 1780, da Halvor var 14 år gammal. Mora styrte da gardsbruket til ho overleverte det til Halvor i 1802. Han dreiv så garden i ca. 30 år, men hadde skøytt eigedomsretten over til eldste sonen Nils i 1824.
Far til Halvor døydde i 1780, da Halvor var 14 år gammal. Mora styrte da gardsbruket til ho overleverte det til Halvor i 1802. Han dreiv så garden i ca. 30 år, men hadde skøytt eigedomsretten over til eldste sonen Nils i 1824.


Hol var ein stor gard. I 1808 var det registrert 40 kyr og 16 hestar der.<ref>Kolstad, G. 2000:25.</ref> I følgje folketeljinga 1801 var det eit tenarskap på 6-8 personar på sjølve garden. Det høyrer fire husmannsplassar til med 19 påbuande menneske. Medrekna eigen familie, som på teljingstidspunktet inkluderte Halvors syster Ingeborg Mørch med fire mindreårige born, var Anne Jacobsdotter på det tidspunktet matmor for 34 menneske.<ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f18010411&gardpostnr=45&merk=45#ovre Folketeljinga 1801 for Hol.]</ref> (I bygdeboka er opplyst at det dette året budde heile 42 personar på garden. Da er truleg ein landhandlarfamilie som budde på ein husmannsplass under Hol<ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18010411&gardpostnr=46#nedre Folketeljinga 1801 for Hoel Lille]</ref> også rekna med.)
Hol var ein stor gard. I 1808 var det registrert 40 kyr og 16 hestar der.<ref>Kolstad, G. 2000:25.</ref> I følgje folketeljinga 1801 var det eit tenarskap på 6-8 personar på sjølve garden. Det høyrer fire husmannsplassar til med 19 påbuande menneske. Medrekna eigen familie, som på teljingstidspunktet inkluderte Halvors syster Ingeborg Mørch med fire mindreårige born, var Anne Jacobsdotter på det tidspunktet matmor for 34 menneske.<ref>{{folketelling bosted land|bf01058233000849|Hoel|1801|Nes prestegjeld|nn}}.</ref> (I bygdeboka er opplyst at det dette året budde heile 42 personar på garden. Da er truleg ein landhandlarfamilie som budde på ein husmannsplass under Hol<ref>{{folketelling bosted land|bf01058233000885|Hoel Lille|1801|Nes prestegjeld|nn}}.</ref> også rekna med.)


Halvor Hoel interesserte seg for forbetringar i landbruket, og vart særleg berømma for hagebruket på garden. Han oppnådde medaljar for gardsdrifta og hagebruket. Hagebruket var det forresten mora Anne Jacobsdotter som hadde sett i gang og må gjevast hovuddelen av æa for. I åra 1781-1790 fekk ho planta over 3000 frukttre, og dertil ei mengd bærbusker, og ho byrja med planteskule. Ho fekk Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskaps 2. gullmedalje for dette i 1790.<ref>Kolstad, G. 2000:34</ref>
Halvor Hoel interesserte seg for forbetringar i landbruket, og vart særleg berømma for hagebruket på garden. Han oppnådde medaljar for gardsdrifta og hagebruket. Hagebruket var det forresten mora Anne Jacobsdotter som hadde sett i gang og må gjevast hovuddelen av æa for. I åra 1781-1790 fekk ho planta over 3000 frukttre, og dertil ei mengd bærbusker, og ho byrja med planteskule. Ho fekk Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskaps 2. gullmedalje for dette i 1790.<ref>Kolstad, G. 2000:34</ref>


Halvor Hoel var ein velståande mann, som vart likna for 170 spesidalar i tvungent innskot til Noregs Bank i 1816 (sølvskatten). <ref>[http://www.arkivverket.no/arkivverket/Arkivbevaring/Papirmateriale/Digitalisering/Skanning/Soelvskatten-1816 Sølvskatten 1816.]</ref> Gardsdrifta var hovudforklaringa på velstanden, ein velstand som forresten var truga i vanskelege tider for jordbruket. Ei tid levde han i frykt for å måtte gå frå garden.<ref>Kolstad, G. 2000:46-47.</ref>  
Halvor Hoel var ein velståande mann, som vart likna for 170 spesidalar i tvungent innskot til Noregs Bank i 1816 (sølvskatten). <ref>[http://arkivverket.no/URN:db_read/db/52594/4/?size=medium&mode=0 Sølvskatten 1816.]</ref> Gardsdrifta var hovudforklaringa på velstanden, ein velstand som forresten var truga i vanskelege tider for jordbruket. Ei tid levde han i frykt for å måtte gå frå garden.<ref>Kolstad, G. 2000:46-47.</ref>  


Medan mora stod for gardsdrifta, hadde Halvor mellom anna oppdrag frå kjøpmenn i Christiania mellom anna som gjeldinndrivar.<ref>Sandberg, P.-Ø. i Norsk biografisk leksikon.</ref>
Medan mora stod for gardsdrifta, hadde Halvor mellom anna oppdrag frå kjøpmenn i Christiania mellom anna som gjeldinndrivar.<ref>Sandberg, P.-Ø. i Norsk biografisk leksikon.</ref>
Linje 36: Linje 36:


=== Unionsvenn ===
=== Unionsvenn ===
Hoel var etter alt å dømme tilhengar av union med Sverige i 1814. Han hadde kontakt med svenskane alt i 1813. Han var sidan i kontakt med [[C.H. Røslein]], den mest omtala av agentane som opererte for Carl Johan i Noreg.<ref>T.d. Pryser, T. 1985:289.</ref>
Hoel var etter alt å dømme tilhengar av union med Sverige i 1814. Han hadde kontakt med svenskane alt i 1813. Han var sidan i kontakt med [[C.H. Røslein]], den mest omtala av agentane som opererte for Carl Johan i Noreg.<ref>T.d. Pryser, T. 1985:289.</ref>. Han skal òg ha sett seg mot den [[Selvstendighetseden 1814|sjølvstendeeiden]] som skulle avleggast til Kristian Frederik i mars 1814.<ref>Gullberg, J. 1986: 43.</ref>


Hoel hadde seinare eit godt forhold til Carl Johan. Kongen sytte for å få redusert straffa han fekk etter hendingane i 1818, og både Halvor Hoel og broren fekk kongelege pensjonar og andre prov på kongeleg gunst.
Hoel hadde seinare eit godt forhold til Carl Johan. Kongen sytte for å få redusert straffa han fekk etter hendingane i 1818, og både Halvor Hoel og broren fekk kongelege pensjonar og andre prov på kongeleg gunst.


=== Tilhengar av einevelde? ===
=== Tilhengar av einevelde? ===
Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, [[Bondeaksjonene 1818|bondeaksjonane 1818]], har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi. Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten». Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.
Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, [[Bondeaksjonene 1818|bondeaksjonane 1818]], har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to innspel til grunnlovsdebatten i riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi.<ref>Koht, H. 1934:165.</ref> Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten».<ref>Riksforsamlingens forhandlinger bd. 1:374-377 og 404-406.</ref> Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.




Linje 54: Linje 53:


=== Det Halvor Hoelske bondeopprør ===
=== Det Halvor Hoelske bondeopprør ===
{{thumb|Gravminne Nes Halvor Hoel.jpg|Minnestein på Halvor Hoel si grav på Nes kyrkjegard. Steinen vart sett opp av Nes historielag i 1934.|Eva McKenna}}
Det herskar liten tvil om at Halvor Hoel var hovudmann bak den bonderøra som stundom blir gjeve hans namn. Han fekk fyrst ei særs alvorleg tiltale mot seg, som Sverre Steen oppsummerer som tiltale for majestetsbrotsverk og landsforræderi. I Steens attgjeving av tiltalen for sorenskrivaren i oktober 1919, vart dette uttrykt slik:<ref>Steen, S. 1953:279.</ref>
Det herskar liten tvil om at Halvor Hoel var hovudmann bak den bonderøra som stundom blir gjeve hans namn. Han fekk fyrst ei særs alvorleg tiltale mot seg, som Sverre Steen oppsummerer som tiltale for majestetsbrotsverk og landsforræderi. I Steens attgjeving av tiltalen for sorenskrivaren i oktober 1919, vart dette uttrykt slik:<ref>Steen, S. 1953:279.</ref>


Linje 60: Linje 60:
Men denne drastiske tiltalen følgde ikkje med i den vidare behandlinga av saka.
Men denne drastiske tiltalen følgde ikkje med i den vidare behandlinga av saka.


Halvor Hoels rolle var mest bakmannens. Han deltok for eksempel ikkje sjølv i dei to bondetoga mot hovudstaden. Han vart derfor fyrst heilt frifunnen av domskommisjonen. Høgsterett omgjorde dette til eit års straffarbeid, medan kong Carl Johan gav benådning slik at straffen vart sterkt redusert.  
Halvor Hoels rolle var mest bakmannens. Han deltok for eksempel ikkje sjølv i dei to bondetoga mot hovudstaden. Han vart derfor fyrst heilt frifunnen av domskommisjonen. Høgsterett omgjorde dette til eit års straffarbeid, medan kong Carl Johan gav benådning slik at straffen vart sterkt redusert.


[[Nes historielag (Hedmark)|Nes historielag]] reiste i 1934 ein minnestein på grava til Hoel på Nes kyrkjegard. På [[Hamar]], «hovudstaden» på Hedmarken, vitnar [[Halvor Hoels gate]] om denne kjente nesningen.


== Referansar ==
== Referansar ==
Linje 68: Linje 69:


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Gihle, Pål og Sanberg, Elisabeth: «Halvor Hoel», i ''Nes og Helgøya. Lokalhistorisk skrift 1982''. Nes historielag 1982.
*Gihle, Pål og Sandberg, Elisabeth: «Halvor Hoel», i ''Nes og Helgøya. Lokalhistorisk skrift 1982''. Nes historielag 1982.
*Gullberg, Jakob: ''Sjølvstendeeiden i 1814''. Hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen, våren 1986.
*{{folketelling|pf01058233000851|Halvor Nielsen|1801|Nes prestegjeld|nn}}.
*Hoel, Halvor: «I Anledning af en Præstes Klynken og Klager i Nationalbladet, ved at flytte fra det ene Kald til det andet, og aldri at finde Udkomme, tjene følgende, samt lidt om Borgeren, Bonden og Pengevæsenet», i ''Det Norske Nationalblad'', hefte 4 side 88-93 (1816)
*Hoel, Halvor: «I Anledning af en Præstes Klynken og Klager i Nationalbladet, ved at flytte fra det ene Kald til det andet, og aldri at finde Udkomme, tjene følgende, samt lidt om Borgeren, Bonden og Pengevæsenet», i ''Det Norske Nationalblad'', hefte 4 side 88-93 (1816)
*Koht, Halvdan: Artikkel om Hoen i ''Norsk biografisk leksikon'', (1934).
*[[Koht, Halvdan]]: Artikkel om Hoel i ''Norsk biografisk leksikon'', (1934).
*Kolstad, Gunhild: ''Nes Bygdebok, andre bind 3. del''. Nes Historielag 2000.
*Kolstad, Gunhild: ''Nes Bygdebok, andre bind 3. del''. Nes Historielag 2000.
*Lindstøl, Tallak: Artikkel om Hoel i ''Stortinget og statsraadet 1814-1914'', bd. 1. Kristiania 1914.
*Lindstøl, Tallak: Artikkel om Hoel i ''Stortinget og statsraadet 1814-1914'', bd. 1. Kristiania 1914.
*Pryser, Tore: ''Norsk historie 1800-1870''. Samlaget, Oslo 1985.
*Pryser, Tore: ''Norsk historie 1800-1870''. Samlaget, Oslo 1985.
*Sandberg, Per-Øivind: Artikkel om Hoel i [http://snl.no/.nbl_biografi/Halvor_Hoel/utdypning ''Norsk biografisk leksikon'', digital utgåve ]
*[[Sandberg, Per-Øivind]]: Artikkel om Hoel i [http://snl.no/.nbl_biografi/Halvor_Hoel/utdypning ''Norsk biografisk leksikon'', digital utgåve ]
*''Riksforsamlingens forhandlinger, 1. del.'' Kristiania 1914.
*''Riksforsamlingens forhandlinger, 1. del.'' Kristiania 1914.


[[Kategori:Personer fra Ringsaker kommune]]
==Eksterne lenkjer==
 
* {{hbr1-1|pf01058233000851|Halvor Hoel}}.
 
{{DEFAULTSORT:Hoe, Halvor}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Nes på Hedmarken]]
[[Kategori:Fødsler i 1766]]
[[Kategori:Fødsler i 1766]]
[[Kategori:Dødsfall i 1852]]
[[Kategori:Dødsfall i 1852]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
{{F2}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 15. feb. 2016 kl. 12:40

Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.

Halvor Hoel (fødd på NesHedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på Hol, ein av dei største gardane på Nes. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for bondeaksjonane i 1818. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.


Familie, sosial bakgrunn og miljø

Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå garden By i Vardal (1739–1818). Han hadde to sysken:

1) Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.
2) Jacob (1775-1847), stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden HovinsholmHelgøya. Gift med Anne Marie Tollefsen.

Faren Nils Halvorsen var «examinatus juris» 1757,[1] dvs. at han hadde avlagt prøve i jus på morsmålet (ikkje latin). Han hadde neppe vore ved universitetet. Bokleg lærdom var ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Brørne Halvor og Jacob lærde også fektekunst, og sistnemnde var ei tid fektelærar ved Krigsskolen. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte.

På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel ein proprietær framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i Grue, Ole Arntzen. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.[2]

Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Ole (fødd 1804), same år fekk han sonen Lars med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap), og Nils vart eigar av Hoel-garden etter faren sin. Før dette var det eit sterkt gjensidig vennskapsforhold, kanskje med ekteskapstankar, mellom Halvor Hoel og - i tur og orden - to døtre av soknepresten i Ringsaker, Claus Bendeke. Den eine jenta døydde ung, og det vart heller ikkje noko meir av forholdet til den andre, etter seiande av di det ikkje var ønskt frå prestens side.

Halvor Hoel fridde på eit seinare tidspunkt til bondedottera Mari Olsdotter Vigerust på Dovre, men dette ekteskapet vart heller ikkje noko av.

Gardsbruk og økonomi

Hol gard på 1800-talet. Teikna av ein soneson av Halvor Hoel.

Far til Halvor døydde i 1780, da Halvor var 14 år gammal. Mora styrte da gardsbruket til ho overleverte det til Halvor i 1802. Han dreiv så garden i ca. 30 år, men hadde skøytt eigedomsretten over til eldste sonen Nils i 1824.

Hol var ein stor gard. I 1808 var det registrert 40 kyr og 16 hestar der.[3] I følgje folketeljinga 1801 var det eit tenarskap på 6-8 personar på sjølve garden. Det høyrer fire husmannsplassar til med 19 påbuande menneske. Medrekna eigen familie, som på teljingstidspunktet inkluderte Halvors syster Ingeborg Mørch med fire mindreårige born, var Anne Jacobsdotter på det tidspunktet matmor for 34 menneske.[4] (I bygdeboka er opplyst at det dette året budde heile 42 personar på garden. Da er truleg ein landhandlarfamilie som budde på ein husmannsplass under Hol[5] også rekna med.)

Halvor Hoel interesserte seg for forbetringar i landbruket, og vart særleg berømma for hagebruket på garden. Han oppnådde medaljar for gardsdrifta og hagebruket. Hagebruket var det forresten mora Anne Jacobsdotter som hadde sett i gang og må gjevast hovuddelen av æa for. I åra 1781-1790 fekk ho planta over 3000 frukttre, og dertil ei mengd bærbusker, og ho byrja med planteskule. Ho fekk Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskaps 2. gullmedalje for dette i 1790.[6]

Halvor Hoel var ein velståande mann, som vart likna for 170 spesidalar i tvungent innskot til Noregs Bank i 1816 (sølvskatten). [7] Gardsdrifta var hovudforklaringa på velstanden, ein velstand som forresten var truga i vanskelege tider for jordbruket. Ei tid levde han i frykt for å måtte gå frå garden.[8]

Medan mora stod for gardsdrifta, hadde Halvor mellom anna oppdrag frå kjøpmenn i Christiania mellom anna som gjeldinndrivar.[9]

Ideologi, politikk, aksjonisme

Rasjonalist

I sitt tilhøve til religion og kyrkje, var Halvor Hoel sterkt influert av rasjonalistisk teologi. Venteleg var dette under påverknad av ein kapellan i bygda,Andreas Dahl. Biskop Pavels har omtala Dahl og uttrykt mellom anna dette om han: «Ham skyldes fornemmelig Halvor Hoels og øvrige nessogningers irreligiøsitet.»[10]

Unionsvenn

Hoel var etter alt å dømme tilhengar av union med Sverige i 1814. Han hadde kontakt med svenskane alt i 1813. Han var sidan i kontakt med C.H. Røslein, den mest omtala av agentane som opererte for Carl Johan i Noreg.[11]. Han skal òg ha sett seg mot den sjølvstendeeiden som skulle avleggast til Kristian Frederik i mars 1814.[12]

Hoel hadde seinare eit godt forhold til Carl Johan. Kongen sytte for å få redusert straffa han fekk etter hendingane i 1818, og både Halvor Hoel og broren fekk kongelege pensjonar og andre prov på kongeleg gunst.

Tilhengar av einevelde?

Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, bondeaksjonane 1818, har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to innspel til grunnlovsdebatten i riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi.[13] Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten».[14] Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.


Aversjon mot embetsstyre

Gjennomgåande i det som ligg føre av avisartiklar og skriftlege meiningsytringar frå Halvor Hoels hand, og som også gjennomsyrar dei to nemnde grunnlovsforslaga, er aversjonen mot embetsstyre og til dels mot sjølve embetsstanden, særskilt presteskapet. Det grunngjeve med prinsipielle synet at medan bønder og borgarstand er nærande stender, er embetsstanden tærande på samfunnets felles ressursar, slik at ein bør avgrense sistnemnde til det minste nødvendige.

Politiske verv

Hoel stilte seg disponibel som utsending til riksforsamlinga i 1814, men vart ikkje vald. Han vart derimot valt til Stortinget for Hedemarkens amt i 1815. Stortingsfleiratelet nekta å godkjenne han ved fullmaktsbehandlinga. Det var grunngjeve med at Hoel hadde vore klaga for alvorlege kriminelle forhold, nemleg medverknad til kyrkjeran, forehavt mord og meineid. Han vart frifunnen ved Akershus stiftsoverrett 8. juli 1817, stadfesta av Overkriminalretten. Derfor vart stortingsfleirtalet mistenkt for å hatt reine politiske motiv bak avvisinga av Hoel. Han var sjølv svært bitter over dette.

Ved det neste stortingsvalet i 1818 vart Hoel vald til fyrste varamann frå amtet.

Det Halvor Hoelske bondeopprør

Minnestein på Halvor Hoel si grav på Nes kyrkjegard. Steinen vart sett opp av Nes historielag i 1934.
Foto: Eva McKenna

Det herskar liten tvil om at Halvor Hoel var hovudmann bak den bonderøra som stundom blir gjeve hans namn. Han fekk fyrst ei særs alvorleg tiltale mot seg, som Sverre Steen oppsummerer som tiltale for majestetsbrotsverk og landsforræderi. I Steens attgjeving av tiltalen for sorenskrivaren i oktober 1919, vart dette uttrykt slik:[15]

«Han hadde rådet almuen til opsetsighet mot lovene [...] søkt å avstedkomme oppstand av menige mann så vel som av militærmakten i hensikt å ville med den derved tilveiebrakte fysiske styrke utrydde samtlige øvrigheter for i disses sted selv å innsette de embetsmenn han fant nødvendige; angripe stortinget, ødelegge den del av stortingets personale som ikke ville rette seg etter hans planer; uten skånsel ødelegge på forskjellige måter statsrådets personale, og endelig kullkaste Norges regjeringsform.»

Men denne drastiske tiltalen følgde ikkje med i den vidare behandlinga av saka.

Halvor Hoels rolle var mest bakmannens. Han deltok for eksempel ikkje sjølv i dei to bondetoga mot hovudstaden. Han vart derfor fyrst heilt frifunnen av domskommisjonen. Høgsterett omgjorde dette til eit års straffarbeid, medan kong Carl Johan gav benådning slik at straffen vart sterkt redusert.

Nes historielag reiste i 1934 ein minnestein på grava til Hoel på Nes kyrkjegard. På Hamar, «hovudstaden» på Hedmarken, vitnar Halvor Hoels gate om denne kjente nesningen.

Referansar

  1. Examinati Juris 1736-1814 (Norsk Slektshistorisk Forening)
  2. T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48
  3. Kolstad, G. 2000:25.
  4. Mal:Folketelling bosted land.
  5. Mal:Folketelling bosted land.
  6. Kolstad, G. 2000:34
  7. Sølvskatten 1816.
  8. Kolstad, G. 2000:46-47.
  9. Sandberg, P.-Ø. i Norsk biografisk leksikon.
  10. Gihle og Sandberg 1982:48. Jf. Koht, H. 1934:164
  11. T.d. Pryser, T. 1985:289.
  12. Gullberg, J. 1986: 43.
  13. Koht, H. 1934:165.
  14. Riksforsamlingens forhandlinger bd. 1:374-377 og 404-406.
  15. Steen, S. 1953:279.


Kjelder og litteratur

  • Gihle, Pål og Sandberg, Elisabeth: «Halvor Hoel», i Nes og Helgøya. Lokalhistorisk skrift 1982. Nes historielag 1982.
  • Gullberg, Jakob: Sjølvstendeeiden i 1814. Hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen, våren 1986.
  • Halvor Nielsen i folketeljinga 1801 for Nes prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Hoel, Halvor: «I Anledning af en Præstes Klynken og Klager i Nationalbladet, ved at flytte fra det ene Kald til det andet, og aldri at finde Udkomme, tjene følgende, samt lidt om Borgeren, Bonden og Pengevæsenet», i Det Norske Nationalblad, hefte 4 side 88-93 (1816)
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Hoel i Norsk biografisk leksikon, (1934).
  • Kolstad, Gunhild: Nes Bygdebok, andre bind 3. del. Nes Historielag 2000.
  • Lindstøl, Tallak: Artikkel om Hoel i Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1. Kristiania 1914.
  • Pryser, Tore: Norsk historie 1800-1870. Samlaget, Oslo 1985.
  • Sandberg, Per-Øivind: Artikkel om Hoel i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve
  • Riksforsamlingens forhandlinger, 1. del. Kristiania 1914.

Eksterne lenkjer