Halvor Hoel

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 10. jun. 2012 kl. 09:03 av Hans P. Hosar (Samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Halvor Hoel''' (fødd i NesHedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på ein av dei største gardane på He...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Halvor Hoel (fødd i NesHedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på ein av dei største gardane på Hedmarken. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for bondeaksjonane i 1818. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.


Familie, sosial bakgrunn og miljø

Halvor Hoel var eldste son til gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By frå Vardal (1739–1818).

Faren hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var examinatus juris,[1] utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Familien dyrka musikaliteten sin. Halvor spela piano og komponerte. Han lærde også fektekunst. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte. Broren, stortingsmann Jacob Hoel (1775–1847) vart offiser og eigar av den gamle adelege setegarden HovinsholmHelgøya.

På bakgrunn av ovanståande, og med blikk til storleiken på garden, kan det sosialt vere meir dekkande å kalle Halvor Hoel ein proprietær framfor bonde, sameleis som når det gjeld slektningen hans i Grue, Halvor Arntzen. Halvor Hoel sjølv ser likevel ut til å ha dyrka sin identitet som ikkje-kondisjonert bonde. Han skriv innlegg i aviser og blad som talsmann for Gaardbrugerne, som saman med borgarskapet er ein «nærende Stand» i motsetnadsforhold til den «tærende» embetsstanden.[2]

Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Lars. Sidan fekk han sonen Ole med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner gav dei arverett på linje med born fødde i ekteskap) . Før dette var det eit sterkt gjensidig vennskapsforhold, kanskje med ekteskapstankar, mellom Halvor Hoel og to døtre av soknepresten i Ringsaker, Claus Bendeke. Den eine jenta døydde ung, og det vart heller ikkje nok omeir av forholdet til den andre, etter seiande av di det ikkje var ønskt frå prestens side.

Halvor Hoel fridde til bondedottera Mari Olsdotter Vigerust på Dovre, men dette ekteskapet vart heller ikkje noko av.

Gardsbruk og økonomi

Ideologi

Politikar og aksjonist

Referansar

  1. Gihle og Sandberg 1982:48
  2. T.d. i Nationalbladet hefte 4 (1816). Jf. Gihle og Sandberg 1982:48


Kjelder og litteratur

  • Hoel, Halvor: «I Anledning af en Præstes Klynken og Klager i Nationalbladet, ved at flytte fra det ene Kald til det andet, og aldri at finde Udkomme, tjene følgende, samt lidt om Borgeren, Bonden og Pengevæsenet», i Det Norske Nationalblad, hefte 4 side 88-93 (1816)