Halvor Ophus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvor Halvorson Ophus (Ophuus) (fødd 19. desember 1772 i Stor-Elvdal, død 6. februar 1852 i Grytten) var handverkar, gardbrukar og stortingsmann.

Ophus vart fødd utanfor ekteskap i Stor-Elvdal i Hedmark av Margrethe Jensdatter på Sønstu Ophuus. Far hans er i kyrkjeboka notert som gardbrukaren Halvor Torgarsen Gammelstu på Ophuus. Halvor Halvorsen vart etter konfirmasjonen utdanna til vevar og fargar ved ein «Enigheds-Fabrique» oppretta på Westgaard i Stor-Elvdal av eit patriotisk selskap. Deretter reiste han til Trondheim, der han i 1796 fekk sveinebrev som særleg dyktig vevar og fargar hos ein fargemeister.

Året etter gifta han seg med Berit Olsdatter fra Westgaard og slo seg ned som husmann under storgarden Trana i Steinkjer i Nord-Trøndelag, der han også drev aktiv som fargar og vevar. Halvor Halvorsen vart også særs interessera i gardsdrift. År 1800 kjøpte han garden Dyrstad i Egge, også Nord-Trøndelag, og heldt fram som gardbrukar med attåtsyslar.

1805 kjøpte han Nes i Grytten i Romsdal, og noko etter ein halvdel av garden Mjelva i same bygda. Den andre halvdelen vart kjøpt av haugianaren Daniel Arnesen. På Mjelva kunne han fritt drive verksemd som fargar og vevar da den andre part dreiv garden.

Halvor Halvorsen Ophuus og Berit Olsdatter fekk ei dotter og ein son, Ole Johan. Dottera var Margrethe Halvorsdatter (fødd 1. november 1797) som så gifta seg med Niels Olsen frå nabogarden Devold. Dette vart opptakten til industrieventyret Devold i Ålesund då ekteparet flytta dit i 1818.

På stortinget 1815-16 var Ophus 4. representant frå Romsdals amt. Han var medlem av fire komitear, mellom anna av komiteen som forhandla om finans-, skatte-, bank- og pengevesenet. I 1815 vart Ophus vald inn på Stortinget. På tinget 1815-1816 kom han med forslag om tvungen utskifting av garder med teigblanding. Han meinte at utskiftinga burde vore gjort før utgangen av 1816, og at bøndene burde få ei bot på 1 spesidalar for kvar månad til arbeidet var unnagjort. Utskiftingslova vart derimot ikkje vedteken før i 1821. Han nådde ikkje opp ved valet til 1818-tinget.

Ophus var ein nær venn av Hans Nielsen Hauge og slutta seg til Hauge i løpet av tida i Trøndelag. I Grytten vart han den fyrste haugianaren i bygda. I 1809 fekk han selskap av fleire haugianarar som kom flyttande frå Luster, mellom anna lekpreikaren Lars Kyllingen, Elling Asbjørnsen og lekpreikaren Daniel Arnesen som han kjøpte Mjelva i lag med.

Han døydde på Mjelva 6. februar 1852.

Ole Halvorsson Mjelva var einaste son. Industripioneren Ole Andreas Devold i Ålesund var ein dotterson.

Kjelder