Hamp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hamp (cannabis sativa) er ei nytteplante som før blei dyrka ein del i Noreg. Dei lange bastfribrane er særs godt egna til å lage tau og slitesterke tekstilar, og planta har blitt dyrka for dette føremålet sidan oldtida. Det dyrkast framleis en del hamp i det søraustlege Europa, særleg i Italia. I Asia, der planta opphavleg kjem frå, dyrkast det også ein del til tekstilproduksjon. Hampen har også ein annan verknad; den er eit rusmiddel. Blad og stengel inneheld verkestoffet THC. Pressa hamp er kjend som hasj (hasjisj), medan tørka blad og knoppar er kjend som marihuana. Desse stoffane er ulovlege i dei fleste land, og det er derfor strenge restriksjonar på hampdyrking - i Noreg er det no forbode å dyrke planta, og hampefrø i frøblandingar til fuglar må vere bestråla så dei er sterile.

Planta blir 2-3 meter høg, og veks raskt. Sjølv om temperaturen i Noreg er litt låg for planta, veks den godt på grunn av dei lange, ljose sommarnettene. Den er særbu, og det er frå hannplanta at ein får dei beste fibrane. I papirproduksjon gjer hamp om lag fire gonger meir utbytte enn tre målt i dyrkingsareal.

Det er usikkert kor lenge hampen har vore kjent i Noreg, men i Oseberghaugen fann ein hampefrø frå omkring år 850. I Åseral er det gjort funn som tyder på at dyrkinga går attende til år 650 eller noko tidlegare. I seilskutetida var hampen viktig for sjøfarten, fordi ein trengde store mengder tauverk. På byrjinga av 1800-talet blei det gjort forsøk på å få nordmenn til å dyrke meir hamp. Mellom anna skrev Sivert Aarflot i 1805 Hampens Dyrkning og Tilberedning. I denne tida var det mangel på hamp, på grunn av blokaden under Napoleonskrigane.

Hamp har vore nytta i folkemedisin i lang tid, men truleg i mindre grad i Noreg enn elles i Europa. I dag er det stadig fleire som får utskrive medisinsk cannabis for mellom anna grøn stær, som smertelindring ved kreftbehandling, for å minske spasmar hos MS-pasientar osb.

Også andre planter med liknande eigenskapar har gått under navnet hamp, som indisk hamp (apocynum cannabinum), manilahamp (musa textilis), mauritiushamp (fourcraea foetida), gambohamp (hibiscus cannabinus), sisalhamp (agave sisalana) og queenslandhamp (sida retusa).

Kjelder