Hamre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 10:43 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Lindås kommune» til «Kategori:Alver kommune [[Kategori:Lindås»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hamre kommune i Hordaland vart oppretta som Hammer kommune i 1885, då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. Namnet vart endra til Hamre i 1915. Namnet kjem frå tettstaden Hamre.

I 1903 vart Åsane sokn utskild som Åsane kommune, som no er ein del av Bergen. Eit mindre område vart overført til Åsane i 1914, og Hamre kommune svara då i store trekk til Hamre sokn vest på Osterøya, med eit areal på 81 km².

I 1964 vart den nordre delen av Hamre innlemma i Lindås kommune, og den søndre i Osterøy kommune. Det var då 2572 innbyggjarar i Hamre.

Litteratur