Hamre kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamre kirke
Hamre kirke.jpg
Foto: Nina Aldin Thune
Stad: HamreOsterøy
Byggeår: 1622 (1585?)
Endringar: Restaurert 1653, 1945 og 1949.
Kyrkjegard: Hamre kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Bjørgvin
Prosti: Nordhordland
Prestegjeld: Til 1975: Hamre
Frå 1975: Osterøy
Fellesråd: Osterøy
Sokn: Hamre
Teknikk: Laft
Materiale: Tømmer
Tårn: Tårn i vest
Døypefont: Omkr. 1250
Altartavle: 1622, tilskreven Lambert Tidemann frå Bremen.
Sitteplassar: 350

Hamre kyrkje er soknekyrkje i Hamre soknOsterøy. Fram til 1975 var ho òg hovudkyrkje for Hamre prestegjeld, som då blei lagt inn i Osterøy prestegjeld. I dag er ho ein av kyrkjene som er underlagt Osterøy kyrkjelege fellesråd. Den fyrste kyrkja her blei fjerdingskyrkje kring 1024, så kyrkjelyden skal feira tusenårsjubileum i 2024.

Ho er ei langkyrkje i tømmer, bygd på same tufta som Hamre stavkyrkje som blei reven då nykyrkja blei bygd. Byggeåret er noko usikkert. Ei innskrift frå 1585 vert tolka som starten, medan 1622 kan vere vigselsåret.

Kyrkja står nær fjorden, og tidlegare var det slik at de fleste som skulle hit måtte ro. I dag er det fylt ut eit område i vika, der det er laga til ein park, men tidlegare gjekk sjøen noko nærare kyrkja, omtrent opp til Hamrenesvegen. Kyrkjastova står nede ved den gamle stranda; her kunne ein skifte til finklede etter roturen, og det blei òg nytta som bårehus.

Koret ligg i aust og hovudinngangen i vest, men kyrkja står ikkje rett på ei aust-vest-akse; det er meir nordvest-søraust.

Bygningen

Kyrkja har ein noko uvanleg form. Skipet har ei utviding på midten, og er noko breiare nær koret enn ved inngangen. Koret er omtrent same breidd som den smale delen av skipet. Eit påbygd sakristi er litt smalare enn koret. Tårnet i vest er tydeleg ikkje ein del av den opphavlege planen for kyrkja; det står med litt avstand til vestveggen, noko som er synleg inne i våpenhuset. Det må ha kome på plass etter kort tid, for allereie i 1664 blei det

Ein kan sjå at det er to typar plank som er nytta. Ein del av panelet har jamne plankar som er skorne på oppgangssag, medan andre delar har plankar som er hogd med øks og er mindre jamne både i storleik og i overflata. Dei sistnemnde kjem nok frå stavkyrkja. Plankane er festa med trepluggar, og er tjærebreidd.

Veggane er lafta, men ein kan òg sjå innvendig at det er nytta stolpar som ber bygget og at det er saksesperrar som ber taket over koret. Dette er element som blei kopiert frå stavkyrkja. Den nye kyrkja skal ha blitt bygd utanpå og over den gamle, slik at kyrkjelyden ikkje sto utan kyrkje i byggetida. Når vi seier at stavkyrkja blei reven, var det altså ikkje ei rask nedriving, men ei gradvis nedplukking medan den nye kyrkja tok form.

Sakristiet blei bygd i 1948. Tidlegare var det eit gravhus frå 1778 der, og inne i koret står ein plakett som fortel at mellom anna Ole Bull sine besteforeldre Ole Bornemann Bull (1747–1810) og Gidsken Edvardine Storm Bull sine kister stod der. «Det bullske Liighus» blei revet i 1879, og eit sakristi blei sett opp. Dette blei så erstatta av dagens sakristi i 1948.

Inventaret

Kyrkja har fleire gjenstandar frå stavkyrkja som stod her, og ei rik utsmykking frå 1600-talet. Fleire gjenstandar frå stavkyrkja er på Historisk museum i Bergen.

I 1897 fekk kyrkja oppvarming i form av koksomnar. Desse blei erstatta av røromner under benkane i 1948, og samstundes blei det lagt inn elektrisk ljos.

Våpenhuset

I våpenhuset finn ein fleire minne frå stavkyrkja. Over døra inn til skipet heng ein kopi av Hamre-krusifikset. Originale, som er på Historisk museum i Bergen, blei truleg skore ut i England kring midten av 1200-talet. Truleg hang det i stavkyrkja over koropninga. Då den nye kyrkja stod på plass var det gamle krusifikset truleg så slitt at ein ikkje ville ha det i kyrkja, og det blei stua vekk. Det blei attfunne seinare, og Olav Seter laga kopien som heng i våpenhuset no. Veggen krossen heng på er dekorert med rosemåling.

Midt i rommet heng et votivskip. Det er ein modell av eit orlogsskip frå 1700-talet, laga av sjømann Aksel Børresen Nepstad og gitt til kyrkja av Ole Rasmussen Fyllingsvåg (1690–1763). Skipet har 88 kanonar, som er litt meste laget. Det skal vel vere frå same tid som «Norske Løve», bygd 1735, som hadde 70 kanonar. Kanonane er heller ikkje heilt i skala med skipet, og for å få plass til dei er det laga tre kanondekk, medan to er meir vanleg. Aksel Nepstad har nok laga det ut frå minnet – og møter ein på eit lineskip med alle kanonane rulla ut kan det vel opplevast omtrent slik modellen ser ut. Skipet har fått det reine norske flagget akterut, og det må vere sett på ein gong etter 1821, og mest truleg etter 1905.

På høgre side står den gamle kyrkjedøra. Her er det rissa inn mange innskrifter, og den største av dei er årstalet 1585 med initialane BH under. Årstalet vert som nemnd i innleiinga tolka som eit mogleg startår for byggjinga av kyrkja. Initialane har vorte tolka som presten sine. Vi veit at soknepresten frå 1571 til 1591 var Bertel Christophersen Storch, så B'en er rett, men det er ikkje så lett å få på plass H'en. Elles ser ein mange initialar med fire bokstavar, der tredje bokstaven alltid er S eller D for son eller dotter. Dei fire bokstavane står då for førenamn, farsnavn, son/dotter og gardsnamn. Det er òg nokre nyare innskrifter, mellom anna eit par frå 1972 skrivne med kulepenn. I dag er det lagt ut ei gjestebok i våpenhuset, så ein får ha von om at det ikkje er så påtrengande å skrive namnet sitt på døra lenger.

Snur vi oss vidare med klokka er det over inngangsdøra innfelt ei dekorert boge i tre, som truleg er frå stavkyrkja.

På venstre vegg heng stavkyrkja-planken. Ho er hogd til kring 1170, og tresorten er furu. Det er rissa inn mange bumerke, og ei runeinnskrift frå kring 1300. Kring 1640 blei planken teken i bruk som sitjefjøl langs veggen i skipet. Ho hadde opphavleg not og fjør, og vi kan sjå nota på den eine sida. Fjøra er pussa vekk, truleg for å gjere planken betre å sitje på. Runeinnskrifta er i to delar, skrivne av to forskjellige personar. Den eine er ei gravskrift: «Hér niðri huílir jumfrú Margréta. Biðið Pater noster fyrir hennar sål», altså: 'Her hviler jomfru Margreta. Be Fadervår for hennes sjel.' Det var altså ei ung kvinne som var gravlagt under kyrkjegolvet der veggplanken opphavleg sto i stavkyrkja. Den andre delen fortel i kort historie om ei due som kjempar mot vondskap og skodde. Dette er nok ei referanse til legenda om Margareta av Antiokia, som då ho skulle druknast fekk banda løyst av ei due. Ho var ein viktig helgen i mellomalderen, og jenta som blei gravlagd her var nok oppkalla etter ho.

Midt på veggen heng ei nyare tavle som fortel at kyrkja blei restaurert i 1945. Teksten fortel at restaureringa skjedde i takksemd over at Noreg blei fritt 8. mai 1945.

I hjørnet på venstre side inn mot skipet står ein stokk frå stavkyrkja.

Skipet

Over inngangen står eit lite orgelgalleri. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1908, frå Olsen & Jørgensen Orgelfabrikk i Kristiania. Det hadde åtte stemmar. På slutten av 1940-åra måtte det byttast ut, og i 1948 blei det selt til Mo kyrkje i Modalen. Det var ikkje pengar til å kjøpe eit nytt pipeorgel, og fleire organister meinte òg at det ikkje var plass til eit godt pipeorgel. I staden kjøpte kyrkjelyden eit hammondorgel. Spelepulten sto i koret, og høgtalarane vart skjult på loftet med luker med ty foran. Då kunne ein fjerne orgelgalleriet. Seinare klarte ein å få på plass eit pipeorgel, bygd av Gebruder Reil i Nederland i 1990. Det blei installert på nytt orgelgalleri same året, med ein orgelfront i 1700-talsstil. Orgelet har 13 stemmar.

Under dette står kollektbøssa, der nedre halvdelen er forma som beina til ein mann, og den øvre er ei firekanta bøssse med jernbeslag. Bøssa har årstalet 1640 rissa inn.

På nederste del av veggane er det måla draperi. Dei er tydeleg måla på frihand, og har ein naturalistisk utsjånad. Slik dekor skulle både gje ei kjensle av varme og eit inntrykk av rikdom.

Over er det restar av eldre bilete. Der koret blir breiare heng eit skilje ned frå taket. Det blei teke ned, men er no på plass att. Det er dekorert med bilete av at Gud skapar himmel og jord. Mykje av den andre kunsten blei øydelagd i 1867, etter at biskopen hadde klaga under ein visitas. Kyrkjelyden vedtok å måle over bileta, og for det meste har ein ikkje lukkast med å få dei fram ut under restaurering.

På venstre side sett mot koret (nordsida) heng ein kopi av antemensalen ; originalen er i Historisk museum i Bergen. Kopien er laga av Solrun Nes i 1995, etter ein original frå kring 1290 av ein ukjent kunstnar. Vi veit at liknande bilete blei måla i Bergen på den tida. Hovudmotivet er Jomfru Maria med barnet, og kring det er det åtte bilete med motiv frå Jesu barndom. Antemensalen sto ved altaren heilt fram til 1906. Det var då i særs dårleg forfatning. Solrun Nes måtte samanlikne det som var att med andre kjende motiv for å kunne lage ein kopi. Ho målte med tempera-måling på duk metta med hudlim, og la på bladgull. Om ein les bileta som ein teikneserie – og mykje kunst frå mellomalderen kan tolkast som ein slags teikneseriar som fortalde historier til dei som ikkje kunne lesa – er motiva i dei små bileta: Engelen Gabriel forkynnar for Maria at ho skal bli mor; Maria møter Elisabeth; Jesu fødsel; Josef møter ein engel i ein draum; ein engel held vernande om barnet; dei tre vise menn kjem med gåver; dei tre vise menn tilber barnet; framstillinga i tempelet; gjetarane ved Betlehem får vitjing av englane som forkynner Jesu fødsel.

På same sida, på den smale veggen mot koret, heng ein del av eit lite altarskåp frå kring 1500 i gotisk stil. Det er laga i Lübeck av ein ukjent kunstnar. Dørane er tapt, men hovuddelen er godt bevart. Det er tre figurar i skåpet: I midten Maria med barnet på fang; til vestre ei kvinneleg helgen og til høgre paven. Dei har alle kroner på hovudet. Maria trør på ei halvmåne, eit symbol på at ho jagar vekk mørkret. I handa held ho eit gulleple, eit kongesymbol som ho gjer til barnet. Den kvinnelege helgenen held ei bok i si venstre hand, som truleg er boka om legenda hennar. I høgre hand hadde ho òg noko, men dette er tapt. Det er nett denne manglande delen som kunne ha fortald oss kven ho var. Paven er truleg St. Gregor den store. Bakgrunnen er gullfarga, og saman med kronene er dette eit teikn på at dei ser ned til oss frå himmelen. Under restaurering av skåpet blei det tatt røntgenbilete som syner at det er skore av eitt stykke tre.

Preikestolen har årstalet 1640, og er i renessansestil. Under stolen står ein romersk soldat som ber det heile, og ein kan sjå at han ber tungt. Han har klede og ansiktshår som minner meir om moten på 1600-talet enn om romersk skikk. Det er utskorne figurar på fem panel, med Jesus i fronten og apostlar på dei fire andre – Mattheus med øks og bok, Thomas med vinkel og bok, Peter med nøkkel og omvend kross og Filip med stav og bok. På baldakinen står monogrammet til Christian IV. Bak det er det utskorne englar og rettferdsgudinna Justitia, ei påminning om at rettferd her på jorda kjem frå kongen. Sjølv om Justitia var ei gudinne i den heidenske, romerske religionen, har ho ofte blitt nytta som ein personifisering av rettferd i kristen samanhang. Vi veit ikkje kven treskjeraren var. Preikestolen i Hamre er samanlikna med andre frå same tida, og ein trur at det kan vere same kunstnar som i Herdla kyrkje og Seim kyrkje.

Det er åtte vindauge i skipet, fire på kvar side. Dei blei sett inn i 1859 til erstatning for eldre og mindre vindauge med blyglas.

Koret

Hovudelement i koret er altaret. I dag står det eit trealtar frå 1949 der, men inne i det står det gamle steinaltaret frå stavkyrkja. Som alle katolske altre er det eit relikviegjømme i det, i dette høvet ei halvrund nedsenking midt på steinplata. Eit andaktskrusifiks i kyrkja er i gåve frå familien til sokneprest Anders Garmann (1641–1704).

Altarringen vart sett opp i 1663, og er seinare restaurert. Steinflisene framfor altaret er frå 1696.

Altartavla er frå 1622, datert med innskrift nederst. Ho er truleg måla av Lambert Tidemann frå Bremen, og er i renessansestil. Hovudmotivet er krossfestinga, med Maria og Johannes ved sidan av krossen og Jerusalem i bakgrunnen. Over krossfestinga er eit mindre bilete av Jesu oppstode, flankert av Maria med barnet og Johannes døyparen med lammet. Det er og dekor i form av englehovud, fruktklasar, masker og anna. Fleire bibelsitat er skrivne på latin med gullskrift. På sokkelen, predella, er det eit våpenskjold på kvar side, med initialane KG og SL. Dette står for lensherre Knud Gyldenstjerne og Sofie Lindenow, som truleg har donert altartavla. Koblinga til Lambert Tidemann kjem ikkje berre frå analyse av handverket, men òg det at Knud Gyldenstjerne tinga fleire verk frå han. Tavla er eigentlig for stor for kyrkja. Med ein høgd på over fire meter måtte dei sage av ein bjelke for å få plass til ho. Ein teori er at tavla blei måla til ei anna kyrkje. Årstalet 1622 er òg eit hint om det, for ein trur nok at altertavla ikkje kom på plass før kring 1640. Det er mogleg at ho vart tinga til Nykirken, som blei innvigd i 1621 og herja av brann allereie i 1623.

Døypefonten er laga av kleberstein kring 1250, og er samansett av to stykke. Det er både gotiske og romanske trekk, og stilen minner om engelske arbeid frå denne tida. Foten er rund, med ein søylebase lik dei ein finn i fleire engelske katedralar. Sjølve fonten er åttekanta.

Langs den ene sida av korportalen står tre korstolar frå stavkyrkja. Setane kan vippast opp og armlenene er høge, slik at når ein står kan ein lene baken mot setekanten og henge på armlenane – dette kallast ein misericordia, latin for 'nåde' eller 'omsut'.

I det eine hjørnet står ein kopi av noko ein meiner er ei skriftestol frå 1500-talet. Det er ein kort, innebygd benk. Originalen står på Historisk museum i Bergen.

Over døra til sakristiet heng eit sverd, laga i Portugal på 1700-talet. Det er ukjend kven som eigde det, men de kan ha vore ein av offiserane frå slekta du Wahl, som hadde gravplass der sakristiet står no.

Øvst på veggane er det bilete av de tolv apostlane. Ein kan sjå at det har vore eldre bilete der; på fleire av dei er dei nye figurane ikkje måla rett over dei gamle, så ein kan sjå skuggar av eldre verk.

I taket er det nærast veggen bilete av motiv frå bibelen, og i midten rosemåling. Medan taket og veggane i skipet vart måla over i 1867, fekk kunsten i koret stå. Mange av bileta er slitt, men ein kan lese teksten som fortel kva motivet er, og då trer gjerne bileta betre fram òg. Det er typisk for tida at figurane er kledd meir som nordmenn på 1600-talet enn som folk frå bibelsk tid. Kunstnaren har nok aldri sett druer, så i eit bilete av to menn med ei drueklase ser det meir ut som om dei ber på plommer. I hjørnane er det bilete av evangelistane.

I nordveggen er det ei nattverdsluke.

Parament, kyrkjesølv og anna

Kalken i Hamre kyrkje er frå slutten av mellomalderen. Han blei reparert av ein gullsmed i 1716.

Ei tinnflaske til altarvin, kjøpt i 1680, vart attfunne under golvet under restaureringa i 1945.

Kyrkja har ein messehakel frå 1755, ein frå 1800-åra ein frå 1993 og ein av enno nyare dato.

Kyrkja har ei klingpung som er laga før år 1700. Det er ei lang stang med ein tøypose og ei lita bjølle. Pungen er ikkje laga for vanleg kollekt, men vart nytta til å vekke dei som sovna under gudstenesta, og så til å krevje inn «bot» frå dei.

Kyrkja har hatt eit relikvieskrin. Det finst ingen skriftlige kjelder som fortel om dette, men i 1923 fann ein tolv år gamal søn av soknepresten ein figur av forgylt og emaljert kobber, som no er utstilt på Historisk museum i Bergen. Håkon Shetelig konstaterte at figuren må vere frå eit tapt relikvieskrin, og truleg er ein av dei heilage tre kongane. Shetelig daterte figuren til 1100-talet.

Tidlegare hang det ei tavle med ein utskoren løve og ein einhjørning i kyrkja. Tavla vart funne på stranda etter slaget i Byfjorden i 1665 mellom hollandske handelsskip og britiske orlogsskip, og kom truleg frå eit av dei britiske skipa. Tavla har sidan gått tapt, men figurane er på Bergen sjøfartsmuseum.

Klokker

Det er to klokker i kyrkja. Den eine er truleg frå 1800-åra, og er utan innskrift. Diameter er 56 cm, og høgd 58,5 cm. Den store klokka, med diameter på 75 cm, er støypt av Olsen Nauen klokkestøperi i 1917, og har innskrifta «Land, land, land, hør Herrens ord».

Kyrkjegarden

Hamre kyrkjegard har ein gamal del kring kyrkja, som strekk seg både ned mot fjorden og bakover mot fjellet og som er lang og smal. Den uvanlege forma kjem truleg at at tufta følgjer ein smal dalbotn. Det vert ikkje opna nye gravar på den gamle delen, men ein ny del er opna sørvest for kyrkja. Dei eldste gravminna er frå 1700-talet.

Tidlegare var det òg gravplass under kyrkja, og da dei braut opp gulvet kring 1950 fann dei ei stor mengd kister. Berre under preikestolen var det ni hovudskallar, og i koret var det ei steinsett grav.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 60.5447446° N 5.3517551° Ø